Så kom det julbukk tel en stakkar lell…

Hatar du Halloween og andre tradisjonar me er så ivrige etter å kjøpe av andre? Då kan du kanskje gjere ditt for å halde våre eigne i hevd. I dag kan du til dømes gå julebukk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Syng fint, så skal de få godteri! (Foto: angelard.com)Syng fint, så skal de få godteri! (Foto: angelard.com)

Å gå julebukk er enkelt, sosialt og lite ressurskrevjande. Du treng å kle deg ut, du må ha noko med til å ha godteriet i, og så hjelper det å ha nokon å gå saman med.

Så er det berre å gje seg vinterkvelden i vald og gå frå dør til dør og ringe på.

Søtt til den søte


Folk som opnar for deg, forventar å få ein julesong og to før dei finn litt søtsaker som dei legg i posen din.

Dette er også ein julebukk. (Foto: scandinavia-south.com)Dette er også ein julebukk. (Foto: scandinavia-south.com)

Gå så lenge du orkar, og etterpå er det heim for å fordele fangsten mellom bukkane. Piece of cake!

Heidensk utspring


Me har lange tradisjonar for julebukk her til lands. Truleg er det geita til Tor med hammaren som er opphavet til julebukken. Den geita hadde og nokre gonger ein eigen hammer.

Ein gammal juleleik handla om å gjere denne geitebukken til Tor levande att. Men slike leikar vart sett på som heidenske og vart smått om senn avskaffa.

Skummel fyr


Etter som århundra gjekk vart julebukken til ein utkledd person som kom overraskande til juleselskap. Han kunne vere nokså skummel, i alle fall for dei minste.

Julebukken kravde både godteri og meir kroppsleg nam-nam. I følgje Wikipedia kunne nemleg julebukken «gjere fruentimmere med barn, utan at dei visste det».

Denne julebukken har blitt knytt opp mot sjølve djevelen.

Opp av godstolen


I løpet av dei siste to hundre åra har det blitt meir og meir vanleg å gå julebukk på den måten me kjenner best: Utkledde ungar som byter ein song mot sjokolade, julekaker og klementinar. Men det er fritt fram for vaksne og!

Meir til julebukkar:



Personvernpolicy