Ni av ti skal feire jul med familien

Familiemedlemene tyr saman i jula no som før.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Av Inger Robøle Kristiansen, NPK

Ni av ti nordmenn feirar jul med familien, viser ei undersøking som Sentio har gjort for Nynorsk Pressekontor. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)Ni av ti nordmenn feirar jul med familien, viser ei undersøking som Sentio har gjort for Nynorsk Pressekontor. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

I ei undersøking som Sentio har gjort for Nynorsk Pressekontor svarar eit stort fleirtal på 72,3 prosent at dei skal feire jula heime med familien.

Om ein plussar på vel 21 prosent som seier at dei skal reise bort til familien, så teiknar det seg eit bilete av at julehelga framleis er familiehøgtida nummer ein.

Prosentdelen er lik for menn og kvinner. Ikkje overraskande er det få husstandar med fem eller fleire som vel å reise bort, nesten 83 prosent i denne gruppa skal ferie jula med familien heime, syner undersøkinga.

Heim til mor


Fleirtalet av dei som bur i tettstader og på landsbygda held seg heime med familien. Det gjeld både menn og kvinner. Dei fleste som reiser bort til familien held til i Oslo i det daglege, eller i byar med mellom 5.000 og 50.000 innbyggjarar.

Og ettersom nesten halvparten av dei representerer husstandar med under hundre tusen i inntekt, er det nærliggjande å tolke statistikken slik at det for ein stor del dreiar seg om ungdom (studentar) som reiser heim til jul.

Av dei som tener over 500.000 kroner i året held dei fleste seg heime i jula, det vil seia 76,9 prosent. Berre om lag 20 prosent i denne gruppa reiser bort, og under ein prosent svarar at dei skal vera åleine i jula.

Heile 88,5 prosent av SP-veljarane skal vera heime med familien, og berre ni prosent skal reiser bort. Det kan vera freistande å trekkje den konklusjonen at SP-veljarane har ein gard eller eit bruk der alt går triveleg for seg, med alt som tradisjonelt har høyrt jula til, og at fleire heller vil reise til enn frå.

Kven er åleine?


Men blant senterparti-veljarane er det også 2,5 prosent som skal vera åleine i jula. Berre blant Frp-veljaren finn ein fleire i åleinegruppa (4,9 prosent).

I denne undersøkinga blant tusen personar svarar 32 at dei skal vera heime åleine i jula. I hushald med berre ein person, seier 31,7 prosent at dei skal reise bort til familien, nesten halvparten at dei skal vera heime, og 12,9 prosent at dei skal vera åleine.

I åleinegruppa er det nesten dobbelt så mange menn som kvinner, flest i landsbygda, dernest i Oslo, og flest i aldersgruppa 50 år eller meir. Så kan ein reflektere over om dei er heime åleine fordi dei ikkje ser for seg at dei har noko val. Kanskje er dei åleine og einsame elles i året også. Eller kanskje dei jobbar skift, og helst vil roe seg og kvile når dei har høve til det. Dette gjev ikkje denne statistikken svar på, naturleg nok.

Det er i husstandar med ein person at det er flest som skal vera åleine (12,9 prosent). Men også i familiar med over fem personar svarar 3,2 prosent at dei skal vera åleine i jula. Berre ein prosent av desse er under 50 år.

RV-veljarane skil seg ut med flest som reiser heim til familien, færrast som skal feire heime hjå seg sjølve, flest som ikkje hadde bestemt seg då undersøkinga var gjort, og ingen som hadde tenkt seg til å vera åleine.

KrF-veljarane skil seg ikkje ut på nokon måte når det gjeld denne statistikken for kvar jula skal feirast. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy