Julegåvekalender: 21. desember
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Namn:
Trond Gundersen
Alder:
46
Yrkje:
Student
Bur:
Rena
- Kva ønskjer du deg til jul?
- Eg ønskjer meg klede, musikk, termokanne i stål, og forskjellig småplukk til å ha på kjøkkenet. Skåler i stål, og ein type tallerkar eg samlar på til dømes.
- Kvifor akkurat dette?
- Nye klede og ny musikk er alltid kjekt å ha. Termokanne har eg ikkje, så det skulle eg hatt.
- Det er alltid kjekkare å laga mat når ein har litt kule ting å laga han med, så derfor ønskjer eg meg skåler i stål.
Pinnekjøt er viktig
- Kva skal du eta på julaftan?
- Då skal eg eta ribbe, innmatpølser og kjøtkaker. Eg har ikkje noko fanatisk forhold til det, men det er det eg er van med. Dessutan så må eg ein eller annan gong i løpet av romjula få pinnekjøt, det er viktig.