Alternativ snacks eller berre ekkelt?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dadlar og fikenar er julesnadder for gamle damer. Eller? Me har testa alternativt julesnop.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dadlar (bak) og fiken i kombinasjon med stearinlys og kaffi ser jo veldig stemningsfullt ut. Men er det godt? (Foto: Toyni Tobekk)Dadlar (bak) og fiken i kombinasjon med stearinlys og kaffi ser jo veldig stemningsfullt ut. Men er det godt? (Foto: Toyni Tobekk)

Snipp, Snapp og Pluto har bestemt seg for å teste julegodt.
- Å, seier Snapp. - Eg minnest dette klissete, brune, plastkledde som låg i kjøleskåpet til bestemor kvar jul. Skal me teste det?

Det tykkjer alle er ein god i de, og dei sender sine undersåtter til butikken for å kjøpe fikenar og dadlar. (Snipp, Snapp og Pluto er, for ordens skuld, tre damer på nokon-og-tredve.)

Fikenar frå Edens hage


No vel, dei riggar seg til i sofaen med nytrakta kaffi og tende lys - og to fat med noko klissete, brunt plastinnpakka på.
- Kva er kva? spør Snipp.
- Eg meiner at fikenar er dei med masse frø i, svarar Pluto. - Skal me prøve dei først?
Dei så gjer, og ei lita stund kan ein ingenting anna høyre enn lågmælt gumling.
- Hm, seier Snipp.
- Hm, seier Snapp.
- Jaudå, seier Pluto medan ho svelgjer alt ho er god for. - Ikkje det verste eg har smakt.
- Nei, tenkjer Snipp. - Men det er jaggu ikkje langt frå.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Definitivt brunt og klissete


Snapp meiner det er den litt ekle konsistensen som er hovudårsaka til at dette ikkje fell i smak. Ikkje ser dei særleg lekre ut, heller.
- Men eg hadde kanskje greidd å ete det opp til slutt, meiner Snapp.

Dadleri og dadlera


Så kva med dadlane, då? Ny gumling. Oi, ein stein som må spyttast ut!
- Jaja, seier Pluto. - Jajaja. Dette var betre.
Dei andre to nikkar og er samde.
- Men er det skilnad på dei tørka og dei ferske dadlane? spør Snipp.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Framleis mest for gamle damer


Dei ferske dadlane er mykje større, og Snipp tykkjer det blir litt for mykje. Men dei andre to likar nesten desse best.
- Men, kviskrar dei lågt til kvarandre.
- Betyr dette at me er blitt gamle no? Er ikkje dette snop for gamle koner?
Hastige blikk ut av vindauga. Nei, ingen har sett dei.
- Me treng jo ikkje nett annonsere det, heller, seier Snipp og legg den klissete plasten over frukta som er att.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Konklusjon


Kva vart konklusjonen? Greitt nok til julesnop. I alle fall dadlane. Ialle fall om ein ikkje har noko som helst anna i skapet.

Nokre idear som dukka opp undervegs:
Viss du vil slanke deg i jula, kan du kanskje kjøpe berre fiken til julegodt. Eller viss du hatar julebukkar, så kan du gje det til dei.
Snipp foreslo at ein kan lage ein dessert av dadlar, noko ala «tilslørte bondepiker». Det var jo ein tanke for moderne unge kvinner.

Neste Klikk:


Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk: Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving