Vanskeleg å vera miljøvennleg julenisse

Forbrukarrådet har sjekka talet på miljømerka produkt i butikkane og vurderer resultatet som nedslåande.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: usatoday.com)(Foto: usatoday.com)

(NPK:) - Det er vanskeleg å få kjøpt miljømerka julegåver, seier førstekonsulent Hanne Brostrøm i Forbrukarrådet, som ønskjer fleire miljømerka produkt i butikkane.

Mange av dei produkta vi omgjev oss med bidreg til utslepp av helse- og miljøfarlege stoff. Det kan skje når produkta blir produserte, når vi forbrukar dei, eller når dei hamnar i avfallet.

- Skuffande lite


Forbrukarrådet i Skien og Stavanger har vore omkring i fleire kjende kjedebutikkar og spurt seg fram og leita etter miljømerka produkt innanfor forskjellige produktgrupper, som barneklede, bøker, og hud- og hårpleieprodukt.

- Det var skuffande. Vi fann nokre få miljømerka barneklede og nokre sjampoar og hudkremar til barn. Men ikkje ei einaste miljømerka bok til dømes, sjølv om det skal finnast slike på marknaden, seier førstekonsulent Tone Skau Jonassen i Forbrukarrådet.

Hanne Brostrøm vedgår at det må vera vanskeleg å gje bort miljøvennlege julegåver når utvalet er så dårleg, og meiner at forbrukarane sikkert hadde handla meir miljøvennleg om det hadde vore mogleg, og dei hadde hatt kunnskap nok.

Svanen og blomen


Det Forbrukarrådet var på jakt etter i undersøkinga var varer med Svanemerket som er det offisielle nordiske miljømerket, og EU-blomen som er det felles europeiske miljømerket. Desse merka er garantistar for at produkta held ein høg miljø- og kvalitetsmessig standard.

- Forbukarrådet arbeider for å få fleire miljømerka produkt i butikkane, slik at forbrukarane har eit reelt val, seier Brostrøm. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy