Julegåvekalender: 12. desember

Kva ønskjer du deg til jul? Neste Klikk spør ein person kvar dag kva ho/han ønskjer seg. Heidi ønskjer seg ei tjukk, varm dyne.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Heidi er postdame, og ønskjer seg dyne. (Foto: Privat)Heidi er postdame, og ønskjer seg dyne. (Foto: Privat)

Namn:

Heidi Leirvik.

Alder:

45 år.

Yrkje:

Postdame.

Bur:

På Sand i Ryfylke.

- Kva ønskjer du deg til jul, Heidi?

- I år trur eg rett og slett eg vil ønskje meg ei tjukk, varm dyne. Og så synest eg alltid det er kjekt å få noko som barnebarna har laga.

Ei varm og god dyne. (Foto: folk.uio.no)Ei varm og god dyne. (Foto: folk.uio.no)

Gode minner


- Kvifor ønskjer du deg dette?

- Når eg får noko som barnebarna lagar har eg så mange gode minner til seinare tider. Dei veks så fort, og før ein veit ordet av det er dei vaksne. Då er det kjekt å ha noko frå den tida dei var små.

- Dyna ønskjer eg meg slik at eg kan halde meg god og varm, det kan bli så kaldt no om vinteren. Eg søv så mykje betre når eg har det varm og godt.

Julematen

- Kva skal du ete på julaftan?

- Det blir nok ribbe i år óg. Det blir ikkje skikkeleg jul utan.

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving