Julegåvekalender: 6. desember
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Marie ønskjer seg diamantar til jul. (Foto: Johan Lindal Haug)
Namn:
Marie.
Alder:
6 år.
Yrkje:
Skuleelev.
Bur:
I Grimstad.
- Kva ønskjer du deg til jul, Marie?
- Eg ønskjer meg Barbie-ting, babyhus, Harry Potter-kort, også vil eg ha smykke og diamantar.
Smykke og diamantar til skatteposen! (Foto: Teknisk Ukeblad)
-Kvifor ønskjer du deg dette?
- Fordi eg liker å leika med Barbie-dokker, Harry Potter-kort samlar eg på. Smykke og diamantar vil eg ha masse av, slik at eg kan få ein skattepose slik som storebror min har.
Julematen
- Kva skal du eta på julaftan?
- Veit ikkje heilt kva me skal eta, men eg har lyst på Joika-kaker. Også reknar eg med at det blir masse julekaker.