Julegåvekalender: 7. desember
Richard ønskjer seg ein radio, eller noko anna som går på batteri. (Foto: Johan Lindal Haug)
Namn:
Richard A. Nordahl.
Alder:
37 år.
Yrkje:
Sjølvstendig næringsdrivande, arrangerer opplevingsturar.
Bur:
I Grimstad.
- Kva håpar du at du får til jul då, Richard?
Tivoli radio - kjekk på båttur! (Foto: Tivoli)
- Eg ønskjer meg ein Tivoli Pal radio, den bærbare utgåva. Også ønskjer eg meg sjølvsagt drill og andre verktøy, alt som går på batteri er kjekt.
- Ja det var litt av kvart, kvifor ønskjer du deg dette då?
- Eg bur i eit gamalt hus som eg driv og pussar opp, og då har eg alltid bruk for verktøy. Radioen ønskjer eg meg slik at eg kan ta den med ut når eg har med folk på båttur
Julematen
- Kva skal du eta på julaftan?
- Det veit eg ikkje ennå, dette er første året me ikkje skal bort til andre på julaftan, så me har ikkje bestemt oss for kva me skal ha.
- Men eg håpar det blir pinnekjøt, for det likar eg veldig godt.