Julegåvekalender: 4. desember
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Jørgen er 13 år og liker å lese. (Foto: Eirin Bjune)
Namn:
Jørgen.
Alder:
13 år.
Yrkje:
Skuleelev.
Bur:
I Bodø.
- Kva ønskjer du deg til jul, Jørgen?
- Eg ønskjer meg den nye Harry Potter-boka på norsk. Og ei god mus til
den nye datamaskina eg skal kjøpe.
Jørgen ønskjer seg den siste Harry Potter-boka til jul. (Foto: Damm)
- Kvifor ønskjer du deg desse tinga?
- Eg synest Harry Potter er veldig spennande, og at J. K. Rowling skriv kjempegodt.
- Musa ønskjer eg meg fordi eg skal bruke maskina til å spele spel med, og då treng eg ei kjensleg mus.
Julematen
- Kva skal du ete på julaftan?
- Pinnekjøt som alltid. Og moltekrem til dessert.