Din kaffidrikkande arbeidskamerat

Klokka er midt på dagen, kaffien du slo oppi koppen i dag tidleg er kald, men du har sjølvsagt ikkje utslagsvask på kontoret. Kva gjer du? Reiser deg og går ut på kjøkkenet eller toalettet?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

 Døme på kaffidrikkar. Døme på kaffidrikkar.

Neppe. I alle fall ikkje viss du har ein potteplante ståande på kontoret.

Sjansen er då rimeleg stor for at kaffiskvetten havnar i potta, og mye muleg er det den einaste væta den stakkaren har fått i det siste.

Men er det slemt gjort av deg? Har du utvist dårleg plantevit?

Viss du har hatt dårleg samvit for nett slik framferd, kan du no berre slappe ganske av.

Montana State University melder på si nettside at moderat kaffidrikking faktisk kan vere eit pluss for potteplantar.

Deira mann på saka, Bob Gough, forklarar det slik:

- Kaffi er surt, og viss jorda til planta er alkalisk, så kan litt kaffi hjelpa til å få pH-verdien ned på eit nivå som planten eigentleg er van med. Dessutan kan det litle som er av næring i kaffi også koma potteplanten til gode.

Gough reserverer seg likevel litt avslutningsvis, og seier at ein her snakkar om nokre dråpar no og då. Vidare er dette ikkje basert på forsking, men rett og slett på utveksling av erfaringar.

Mi erfaring er, etter ein lang vinter, at potteplantar ikkje tolar varm sjokomjølk.

Det rådet skal du få heilt gratis.

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk

Personvernpolicy