Lam meir populært enn på ti år

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Hausten er her og det er tid for fårikål og lammesteik. I fjor åt vi nordmenn meir lam enn nokon gong sidan 1995. Ekspertane spår at 2005 blir nok eit rekordår.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor

I fjor åt kvar nordmann 5,8 kilo lammekjøt i snitt. Kan 2005 overgå dette? (Foto: Astrid Hals, Ofk)I fjor åt kvar nordmann 5,8 kilo lammekjøt i snitt. Kan 2005 overgå dette? (Foto: Astrid Hals, Ofk)

Slaktinga av lam starta to veker tidlegare enn vanleg her i landet i år grunna svært gode beitetilhøve i vår og sommar. Om lag 25 millionar kilo lammekjøt skal dermed ut til ferskvarediskane over heile landet.


Internasjonal mat


Even Nordahl, marknadssjef i Opplysningskontoret for kjøtt, meiner det er fleire årsaker til at nordmenn har fått meir lyst på lam.

- Vi er blitt meir internasjonale og er i ferd med å venje oss til kokekunstar frå land som har lam som ein sentral ingrediens. I tillegg ser vi at lammekjøt ikkje er blitt dyrare, samtidig som mange av oss har fått meir pengar mellom hendene, seier Nordahl. Kvar nordmann åt i fjor åt 5,8 kilo lammekjøt i snitt. Det er meir enn både svenskar, danskar og finnar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lam heile året


Tradisjonelt sett har den norske lammesesongen hatt hovudtyngda si på hausten når det ferske kjøtet er å finne i butikken. Men Even Nordahl fortel at lammekjøtet no i større grad vert ete i fleire sesongar.

- Både jul, påske og sommar er blitt viktige sesongar for lam. Nordmenn byrjar å forstå at lam ikkje nødvendigvis treng å vere vanskeleg eller tidkrevjande å lage til. Lam treng heller ikkje berre bli servert som søndagsmåltid, seier Nordahl.

Gilde har ein ambisjon om å levere ferskt lammekjøt heilt fram til påske frå og med neste år.

-Sjølv om også nedfrose lammekjøt kan vere velsmakande, er det lite om kan måle seg med det ferske kjøtet. Ettersom vi ser at nordmenn vert stadig meir opptekne av lam, ønskjer vi at forbrukarane skal få glede seg over produkta på sitt beste i større delar av året, seier kommunikasjonsdirektør i Gilde, Nina Sundquist. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar