Framande i norsk natur

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Kongekrabbe, iberiasnigle, gyrodactylus salaris, ørekyte, mink, kanadagås og kakerlakk er døme på artar som er «innvandrarar» i norsk natur og som skapar større eller mindre problem for naturen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor

Iberiaskogsnigelen vart første gong oppdaga i Noreg i 1988. Den er blitt eit frykta skadedyr i hagar og åkrar. (Foto: Ove Bergersen, frå boka)Iberiaskogsnigelen vart første gong oppdaga i Noreg i 1988. Den er blitt eit frykta skadedyr i hagar og åkrar. (Foto: Ove Bergersen, frå boka)

I boka «Nye dyrearter i norsk natur» frå Landbruksforlaget kan vi lese om 118 nye dyreartar i norsk natur, frå små parasittar til store pattedyr. Dei lever i havet, i ferskvatn og på landjorda.

Vi får høyre om opphav, økologi, skadeeffekt og eventuelle tiltak for å redusere skadeeffektane. Forfattar av boka er seniorforskar Kjetil Bevanger ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) i Trondheim. Boka inneheld flotte foto av alle artane.


Menneska har skulda


Utryddingsfarten av plante- og dyreartar i dag er rekna for å vere inntil tusen gongar raskare enn den nokon gong har vore i jordas historie. Flytting av artar mellom kontinent og introduksjonar av nye artar er blant dei viktigaste faktorane til nedgangen i det biologiske mangfaldet, som står overfor eit stadig verre og meir komplisert trusselbilete.

Dette har sikkert mange av oss høyrt om før, men få er truleg klar over at vi alle lett kan kome i skade for å introdusere uønska dyre- og planteartar til landet.

Boka gir ein enkel kunnskapsoversikt over kva som skjer ved introduksjon av framande organismar der vi menneske har spela ei sentral rolle.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Usikkert kor mange


Det har i åras løp blitt introdusert mange dyreartar, og der er i dag ingen som har oversikt over eksakt tal. Spesielt vanskeleg er det å halde oversikt over insekt og andre «småkryp».

Boka handlar om artar vi utan å vite det, eller med vit og vilje, har teke med oss frå deira opphavlege leveområde til Noreg. Men den handlar også om artar, som på grunn av at vi stadig bidreg til å skape nye naturtypar og passande miljøvilkår, ved eiga hjelp har funne fram til leveområde i den norske naturen.

Det er ikkje alltid eintydig kva ein introdusert art er, og det har vore delte meiningar om korleis omgrepet «introdusert art» skal definerast. I denne boka er det først og fremst lagt vekt på dyreartar som har fått endra utbreiing grunna ei eller anna form for medverknad frå menneskets side.

Det er teke med døme på artar som medvite er teke med «på lasset» når vi har flytta på oss, og artar som har følgd med som blindpassasjer, eller som på andre måtar har fått vår hjelp under forforflyttinga.

Mange av dei inngrepa vi gjer i naturen gjer det lettare for nokre artar å få fotfeste når dei på ein eller annan måte hamnar utanfor sitt opphavlege utbreiingsområde.

Ein introdusert dyreart er ein art som er transportert ut frå sine opphavlege leveområde til stader den tidlegare ikkje fantest, gjennom menneskeleg medverknad. Effektane av ein introdusert art kan variere mykje og er vanlegvis vanskeleg å sjå på førehand.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Framtidige utfordringar


I Noreg finst det få døme på at større pattedyr og fuglar har klart å etablere levedyktige bestandar. Derimot finst ei stort mengde insekt og mindre organismar som utilsikta har blitt med til landet gjennom import av alt frå grønsaker til tømmer.

I åra som kjem er det truleg desse som vil representere dei største utfordringane, meiner forskar Kjetil Bevanger. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar