Nyoppdaga gullgruve for norsk landbruk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tusenvis av idéar til nye produkt basert på matvanane til innvandrarar kan skape inntekter i milliardklassa. Fleire av desse produkta er «gløymde», norske mattradisjonar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Forsøksleiar Arnulf Rein i Forsøksringen Telemark under Internasjonal Torgdag i Oslo. (Foto: Innovasjon Noreg, NPK)Forsøksleiar Arnulf Rein i Forsøksringen Telemark under Internasjonal Torgdag i Oslo. (Foto: Innovasjon Noreg, NPK)

Forsøksringen Telemark sitt no nedlessa i fiks ferdige forretningsidéar, som berre ventar på å bli tatt i bruk. Etter at dei gjekk ut i innvandrarmiljøa og spurde om kva dei sakna i butikkane, strøymde det inn fleire tusen forslag. Av desse har Forsøksringen valt ut over 2.000 gode idéar: Forretningsidéar dei rett og slett slit med å bli kvitt.

- Ingen hadde venta den enorme responsen som vi fekk. Her har eg drive og snudd steinar i fleire år for å prøve å kome på noko nytt, og så får ein lagt alt dette rett i hendene!

Dette er heilt sikkert den største idébank og skattekiste som nokon gong er opna her i landet, det er nesten ikkje til å tru. Det ligg ein masse moglegheiter i både fjære og utmark som berre ventar på å bli tatt i bruk, fortel ein entusiastisk Arnulf Rein, prosjektleiar i Forsøksringen Telemark.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gløymd ost


Grønnsakshandlar Morat Erkane frå Ankara i Tyrkia har drive med frukt og grønt i snart fem år. – Det er hardt arbeid, men eg kunne ikkje tenkje meg å jobbe med noko anna, fortel han. Kunde Anfinn Kolberg til høgre. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)Grønnsakshandlar Morat Erkane frå Ankara i Tyrkia har drive med frukt og grønt i snart fem år. – Det er hardt arbeid, men eg kunne ikkje tenkje meg å jobbe med noko anna, fortel han. Kunde Anfinn Kolberg til høgre. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)

Under Internasjonal Torgdag på Grønland i Oslo vart ulike produkt testa direkte på forbrukarane. Det viste seg at mange innvandrarar ønskte produkt som tidlegare var ein del av norsk mattradisjon, som til dømes bondebønner og diverse rotvekstar.

Eit anna eksempel er den østerdalske tradisjonsosten skjørost. Det skulle vise seg at skjørosten er verdskjend, og ikkje berre eten av «særingar» i dalstroka innafor.

- Dette er ein ost som har vore ein del av det daglege kosthaldet til mange innvandrargrupper i heimlandet. Dei fleste stader går den berre under namnet «ferskost», og er i bruk omtrent alle stader kor det finst ei ku, fortel Rein.

Men dette er ikkje den einaste uutnytta forretningsidéen som kan indikere kor fantasilause vi kan vere her i landet. Rein meiner at prosjektet kan utvidast til møbelindustri, omsorgsarbeid og handverk. Mange av forslaga som kom inn teiknar opp heile næringsvegar.

Forsøksleiaren har til dømes store forventningar til innlandsfiske basert på småfisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Et småfisk


- Det kan garantert kome ein ny næringsveg i Noreg ut av dette. I Noreg har vi aldri hatt nokon tradisjon for å nytta små, stimgåande fisk i mat. Småfisken blir sortert bort og brukt i fôr, det er heilt horribelt. Dei fleste folk rundt om i verda brukar desse i matlaging, seier Rein.

Han legg til at vi må slutte å sjå på integreringa av innvandrarar som utgiftspost i rekneskapen. Om nye landsmenn og nordmenn driv business med kvarandre, og har avtalar med kvarandre kvar dag, så kjem det til å gå av seg sjølv, meiner Rein.

- I tillegg kan alle desse forslaga føre til at vi får betre utval av frukt og grønt i daglegvarehandelen. Det kan igjen gjere at nordmenn får lyst til å ete meir grønt, noko som og har vore ønskjeleg frå næringspolitisk hald. Innvandrarane kan rett og slett vere med å gje oss betre helse, påpeiker prosjektleiaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Litt om pakistansk mango


- Pakistansk mango er så søt, god og saftig at han helst bør etast med regnfrakk, reklamerer kunde Anfinn Kolberg (Foto: Anders Malm, NPK)- Pakistansk mango er så søt, god og saftig at han helst bør etast med regnfrakk, reklamerer kunde Anfinn Kolberg (Foto: Anders Malm, NPK)

Tyrkiske Morat Erkane har arbeidd i med frukt og grønt i familiebedrifta Anatolia Mat i Oslo i fire-fem år. Han ønskjer å tilby kundane sine eit betre utval, og ser med interesse på resultata frå Forsøksringen.

- Det er klart ein saknar ein del matvarer frå heimlandet. Eg kunne ha skrive ei lang liste over ting eg gjerne skulle hatt her, fortel Erkane.
Han meiner at innvandrarar heilt klart representerer eit stort potensial for norsk landbruk.

Heilnorske Anfinn Kolberg frå Hakadal er innom Anatolia Mat for å kjøpe med seg noko grønt i forbifarten. Han er nok meir typisk for den norske forbrukaren, som er vant til fruktutvalet i dei norske billigmatkjedene.

- Eg er godt nøgd med det utvalet som er her, eg. Her finn eg det eg treng. Det var forresten i denne butikken eg lærte om den pakistanske mangoen. Den er så søt, god og saftig at den helst bør etast med regnfrakk, reklamerer Kolberg, før han hastar vidare. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar