Kylling som smakar fugl

For første gong har ein norsk kylling fått Spesialitet-godkjenning frå Matmerk. Livèchekylling får både leve lenger og betre enn artsfrendane sine. Prior hevdar til og med at den smakar fugl.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kokk Trond Moi, Sølvi Oppedal i Prior og produsent Kjell Grav er stolte over gourmetkyllingen dei saman har utvikla for den norske marknaden.Kokk Trond Moi, Sølvi Oppedal i Prior og produsent Kjell Grav er stolte over gourmetkyllingen dei saman har utvikla for den norske marknaden.

Prior har saman med Løken Gård i Østfold og nokre kokkar utvikla den nye kyllingen, som veg rundt tre kilo når den er slakteferdig. Kyllingen får berre vegetabilsk fôr tilsett løpstikke, også kalla kjærleiksurt, som tyder livèche på fransk. Planten veks over heile Europa og er rik på smak.

- Lokal mat er ein av dei mest veksande trendane i Europa. Granskingar viser at norske forbrukarar ikkje alltid er så opptekne av pris og at dei er villige til å betale litt ekstra for gourmetmat. Norges-gruppen vil ta inn kyllingen i ein del av sine butikkar utover hausten.

Vi er glade for at Prior har gjort denne satsinga. Det er viktig at dei store tek eit ansvar for eit differensiert utval, seier Randi Kvissel Haugen i Matmerk.

Produsent Kjell Grav frå Løken Gård oppfattar Spesialitet-godkjenninga som ei fjør i hatten.

- Det er heilt klart ein marknad for smakskylling i Noreg, og Spesialitetmerket er ein vegvisar for folk som er ute etter kvalitet, seier han.

Lærte av franskmenn


Historia bak den nye norske kyllingen starta med eit ønskje om å gi forbrukarane og kokkane ulike kvalitetar av kylling å velje i. Prior ville gjere noko med det dårlege ryktet norsk kylling hadde i restaurantnæringa.

Hausten 2000 vart det derfor sett ned ei prosjektgruppe. Målet var å finne fram til ein kylling som kunne tilfredsstille dei kresne ganane til kokkane. Det vart mellom anna studiereise til Frankrike for å sjå korleis franskmennene produserer sin gourmetkylling.

Trude Johanne og Tord Svenneby står i dag for drifta på Løken Gård, som produserer Livèche kylling.Trude Johanne og Tord Svenneby står i dag for drifta på Løken Gård, som produserer Livèche kylling.

Kokk og restauratør Trond Moi har vore med på prosjektet frå starten, og er stolt som ein hane.

- Vi har jobba langsiktig med eit produkt som eg er blitt stolt av. Livèchekyllingen har ein spesiell smak og er mykje saftigare enn vanleg kylling, hevdar Trond Moi. Han er også oppteken av at kyllingane har det godt medan dei lever.

- Vi reiste til Paris kor dei har den største marknaden for kylling i verda. Vi såg på all slags kylling og vurderte kvalitet. Valet fall på den såkalla Label Rouge-produksjonen, fortel Moi. Dette er eit kvalitetsmerke for franske bønder med småskalaproduksjon etter bestemte reglar.

Stressfritt miljø


Det er også spesielle krav til korleis ein Livèche-gard skal vere. Førebels er det berre Løken Gård i Trøgstad som får lov å produsere denne kyllingen for Prior. Kjell Grav kjøpte garden i 1960. For to år sidan tok dottera Trude Johanne og mannen Tord Svenneby over drifta.

Fjørfe har dei hatt på garden sidan 1978. Her har vore både høner og kalkun, men i 2001 vart dei med på Prior-prosjektet med Livèche-kylling.

Det er lagt vekt på at Livèche kyllingen skal leve i eit miljø utan stress. Kyllingane har stor plass til å røre seg inne og spesialkonstruerte uteområde der dei kan vere om sommaren. Det er lagt til rette for dusj, høyballar og sandbad.

- Kyllingen hos oss lever eit sunt, godt og harmonisk liv. Den følgjer normal døgnrytme og har ingen kunstige lys om vinteren. Luftkvaliteten følgjer dei krava som er sett til barnehagar, fortel produsent Kjell Grav.

Kyllingen får leve i 81 dagar, nesten tre gonger så lenge som vanleg kylling. Den får dermed vekse i sakte tempo og går ute heile sommaren.
Men det er ikkje snakk om masseproduksjon. Løken Gård produserer 100.000 kylling i året og slaktar 2.000 kyllingar i veka.

Livèchekyllingen vert berre levert fersk og stort sett seld heil med hovud og føter. Det er også høve til å få tak i oppdelt i lår- og bryststykke. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Personvernpolicy