Tørrfisk under forskarlupa

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarar og tørrfiskvrakarar prøver no å finne ut kvifor tørrfisk vert ramma av mucoso. Svaret er verdt mange millionar kroner for tørrfisknæringa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fiskeriforskning granskar og vurderer no 1.000 tørrfisk for å finne ut kvifor den vert råka av mucoso.Fiskeriforskning granskar og vurderer no 1.000 tørrfisk for å finne ut kvifor den vert råka av mucoso.

Mucoso vil seie at fiskekjøtet løyser seg opp og får ein geléaktig konsistens etter at tørrfisken er vatna ut. Konsekvensane er dårlegare kvalitet og at delar av fisken ofte må kastast.

I fjor vinter starta Tørrfiskforum og Fiskeriforskning eit omfattande prosjekt for å finne ut kva som er grunnen til denne skaden på tørrfisken.
Forskarane prøver no å danne seg eit bilete av kva effektar ulike reiskapstypar og handsaminga av fisken har på utviklinga av mucoso.

- Kvar enkelt fisk er merka med eit nummer slik at den kan bli følgd heile vegen gjennom produksjonsprosessen og fram til ferdig produkt, fortel forskar Ingebrigt Bjørkevoll.

Tre tørrfiskvrakarar frå Lofoten og forskarar ved Fiskeriforskning er no i gang med kontrolleringa av tørrfisken. Totalt vert 1.000 tørrfisk granska og vurdert.

- No får vi endeleg dokumentert kva som fører til mucoso. for tørrfisknæringa er denne kunnskapen verdt mange millionar kroner, seier Frank Jakobsen, leiar i Tørrfiskforum.

Mucoso er ikkje eit nytt fenomen, men har auka med varmare vintrar. Det er likevel mange ulike teoriar og oppfatningar i tørrfisknæringa om kva som fører til mucoso. Ny dokumentasjon vil derfor vere til stor hjelp for fiskarar og fiskekjøparar slik at dei kan redusere eller unngå mucoso. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk