Fleire matspesialitetar i butikken

Artikkelen fortsetter under annonsen

No skal det bli lettare å finne norske matspesialitetar i daglegvarebutikkane. Matmerk og NorgesGruppen har nemleg inngått ein avtale som inneber at fleire norske nisjematprodukt skal få plass i butik

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Innkjøpsansvarleg Kolbjørn Jacobsen i NorgesGruppen (t.v.) og marknadsdirektør Arne Sverre Modahl i Matmerk har tru på at fleire vil kjøpe norske nisjeprodukt når dei vert lettare å få tak i. (Foto: Dag Øyvind Olsen, Newswire)Innkjøpsansvarleg Kolbjørn Jacobsen i NorgesGruppen (t.v.) og marknadsdirektør Arne Sverre Modahl i Matmerk har tru på at fleire vil kjøpe norske nisjeprodukt når dei vert lettare å få tak i. (Foto: Dag Øyvind Olsen, Newswire)

Særeigne norske matvarer med merka «Beskyttet betegnelse» og «Spesialitet» får no innpass i det landsomfattande butikknettet til NorgesGruppen, opplyser Newswire.

Ei MMI-gransking frå i sommar, viser at meir enn kvar tredje forbrukar gjerne vil kjøpe slike matspesialitetar i butikkane.

Den uavhengige stiftinga Matmerk forvaltar merkeordningar for norskprodusert mat. Merka gir forbrukarane garantiar om at maten er kva den gir seg ut for å vere, og at produkta oppfyller bestemte kvalitets- og spesialitetskrav. Strenge krav til geografisk opphav er også eit kriterium for merkebruk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Salet er avgjerande


I første omgang vil hovudtyngda av varene bli å finne i Centra, Ultra og Menybutikkane. Men på mindre stader vil også Sparbutikkane ta inn norske matspesialitetar. Det breiaste sortimentet vert å finne i dei største butikkane i dei store byane.

Produsentane kjem til å jobbe med aktivitetar i butikkane kvar månad, og sel ikkje varene godt nok forsvinn dei ut av butikkhyllene. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk