Noregs beste bacalao 2005

Den beste bacalaoen her i landet vert laga av Dalen Fisk og Fiskemat AS i Ålesund.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK):Under Klippfiskfestivalen og Bacalaoens dag i Kristiansund i helga arrangerte Norske Sjømatbedrifters Landsforening kåringa av Noregs beste bacalao saman med Klippfiskmuseet. Målet med konkurransen er å fremje kvalitet og status for bacalao i Noreg.

Alle produkta i konkurransen var handelsprodukt, det vil seie produkt som vi kan finne i fiske- eller daglegvarebutikkar i Noreg.
På andreplass i konkurransen kom Bacalaofabrikken AS i Ålesund, medan Klippfiskbutikken AS i Kristiansund tok tredjeplassen.

Personvernpolicy