Sommarens røykfylte eventyr

Artikkelen fortsetter under annonsen

For andre året på rad går noregsmeisterskapen i grilling av stabelen i Oslo.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Totalt 16 lag frå ulike delar av landet skal konkurrere om tittelen Noregsmeister i Grill 2005 på Kontraskjæret ved Akershus festning 18. juni.


Arrangementet skal vere ein folkefest, og er open for alle.

Konkurransen er basert på at laga skal representere ein venegjeng, ei foreining, ei bedrift eller eit lag.


Klassane det vert konkurrert i er spareribs, entrecôte frå storfe, lammelår og beinfri svinenakke. Dei ferdige rettane vert dømt etter smak, utsjånad og om kjøtet er møyrt.

Dei påmeldte laga kjem frå Høvik, Jessheim, Lillesand, Oslo, Stavanger, Trondheim, Greåker og Ålesund.

Det er Opplysningskontoret for kjøtt som står som arrangør, og dei har fått med seg den profilerte grillkjendisen Craig Whitson som hovuddommar. (NPK)


Les meir om Opplysningskontoret for kjøtt



Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk