Eit døgn med drama

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ulike livshistorier utspelar seg i Oslos gater og blandar seg etter kvart inn i kvarandre.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Leon (Jan Gunnar Røise) spring ifrå problema sine. (Foto: revyskolen.no)Leon (Jan Gunnar Røise) spring ifrå problema sine. (Foto: revyskolen.no)

I helga bør du få med deg den prisløna dramafilmen «Hawaii, Oslo» frå 2004.

Ei gammal pakt


Leon (Jan Gunnar Røise) bur på ein institusjon i Oslo og har for vane å springe ifrå problema sine midt på svartaste natta.

Han hugsar endå at han som 14-åring inngjekk ei pakt med barndomskjærasten Åsa (Eva Kasseth Røsten). Dei lova kvarandre å møtast igjen når han fyller 25 år, viss ingen av dei har funne seg ein partnar i mellomtida.

Ein av Leon sine pleiarar, den sanndrøymde Vidar (Trond Espen Seim), drøymer derimot at noko forferdeleg skal skje på nettopp denne dagen.

Sjukepleiar Vidar (Trond Espen Seim) er sanndrøymd og uroa. (Foto: mongrelmedia.com)Sjukepleiar Vidar (Trond Espen Seim) er sanndrøymd og uroa. (Foto: mongrelmedia.com)

Det gir Leon grunn til å sjå fram til møtet med både glede og redsel.

Møter broren


I staden for Åsa, møter Leon overraskande på bror sin, Trygve (Aksel Hennie). Trygve har fått ein dags permisjon frå fengselet for å feire gebursdagen til broren, men legg eigentleg planar om alt anna enn fest. Han treng nemleg hjelp av Leon til å rømme frå fengselet og kome seg til Hawaii.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men Leon har eit heilt anna Hawaii i tankane.

Vikla inn i kvarandre


I Oslo-gatene møter me også eit syskenpar som er redde for barnevernet, ein falmande songar som vil ta sjølvmord, ei kvinne som tar overdose og foreldra som vil gjere alt for å redde livet til spedbarnet sitt.

Ein film med mykje symbolikk.(Foto: capital.it)Ein film med mykje symbolikk.(Foto: capital.it)

Alle historiene blir fletta saman på ein vakker, finurleg måte.

Kritikarrost

Norske filmkritikarar stemde i 2004 fram «Hawaii, Oslo» som vinnaren av Den Norske Filmkritikerprisen. Same året vann filmen to Amanda-prisar for beste kinofilm og beste manus.

I tillegg fekk filmen terningkast 6 frå meir enn halvparten av dei norske filmmeldarane.

Sendetid


Det norske kvardagsdramaet «Hawaii, Oslo» går på NRK 1 søndag klokka 21.15, har 11 års aldersgrense og varar i to timar.


ABC Startsida: