Didrik (24) var med å sikra Joe Biden sigeren: – Litt lettare å vere stolt amerikanar

Norsk-amerikanske Didrik Cooper Seip har hatt lyst å stemma ved amerikanske val før, men fekk gjort det for fyrste gong i 2020. Foto: Privat
Norsk-amerikanske Didrik Cooper Seip har hatt lyst å stemma ved amerikanske val før, men fekk gjort det for fyrste gong i 2020. Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Norsk-amerikanske Didrik Cooper Seip (24) stemte for første gong i eit amerikansk val i 2020. Han var med å vippa staten Georgia og sikra Demokratane kontroll over heile Kongressen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det vart litt lettare å vere stolt amerikanar, versus dei siste fire åra.

Det seier norsk-amerikanske Didrik Cooper Seip (24) til Framtida.no etter presidentinnsettinga. I 2020 fekk han oppleva å stemma i sitt aller første amerikanske val, og attpåtil i vippestaten Georgia.

QUIZ: Kva kan du om Joe Biden?

Georgia on my mind

Joe Biden vann den vanlegvis republikanske staten Georgia med nesten 12.000 stemmer, som betyr at 24-åringen si stemme verkeleg gjaldt.

– Det var utruleg gøy og fasinerande å vere med å flippe ein tradisjonell sørstat. Bestefaren min, som bur der, er Demokrat og det er første gong i hans levetid det skjer, forklarar 24- åringen på telefon til Framtida.no.

Demokratane Jon Ossoff (t.v) og Raphael Warnock vann senatsvalet i Georgia 6. januar, noko som sikra partiet fleirtal i både Senatet og Representantenes hus, som er dei to delane av Kongressen. Foto: The Circus Showtime, Wikipedia
Demokratane Jon Ossoff (t.v) og Raphael Warnock vann senatsvalet i Georgia 6. januar, noko som sikra partiet fleirtal i både Senatet og Representantenes hus, som er dei to delane av Kongressen. Foto: The Circus Showtime, Wikipedia

Han fekk ikkje stemt på Hillary Clinton ved førre val på grunn av kluss med registreringa, men har fått teke det grundig igjen denne gongen ved å òg stemme ved senatsvalet i Georgia.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Demokratane sikra seg begge senatorane frå staten, noko som betyr at dei har kontroll over begge kammera i Kongressen, både Senatet og Representantane sitt hus.

– Senatorvalet gjev demokratane fleirtal til å gjennomføre meir politikk enn dei har gjort på ei god stund, så det vert spanande kva Biden får til, seier Seip, som peikar på at Obama berre hadde eitt år med same kontroll.

Les også: 12 viktige resultat etter USA-valet

Her er Didrik Cooper Seip avbilda medan han studerte i Chicago. Foto: Privat.
Her er Didrik Cooper Seip avbilda medan han studerte i Chicago. Foto: Privat.

Flytta heim frå USA

Didrik Cooper Seip er fødd og oppvaksen i Oslo med amerikansk mor og norsk far, men har vitja besteforeldra i Georgia jamleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv har han budd i USA ved to ulike høve, første gong hjå bestefaren i Georgia då han tok eit utvekslingsår på vidaregåande, og andre gong då han byrja på college nær Chicago.

– Eg starta på skulen då Trump vart vald og det vart mykje meir politisk polarisering i det amerikanske samfunnet. Eg fekk litt avsmak av ytringar folk kom med. Eg synest høgresida var for ekstrem, men òg venstresida sine hatytringar var ekstreme, minnest 24-åringen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

På grunn av dei politiske spenningane i samfunnet vart det med eitt studieår i USA, før han vende heimover for å byrja på ein bachelor i finans på BI.

Han synest det var slitsamt med dei politiske diskusjonane i kafeteriaen på skulen, der folk stadig skulle diskutera politikk.

– Før diskuterte ein ikkje politikk med framande, men no var det slik i det politiske landskapet at ein politisk identifiserte seg med den eine sida eller den ande. Det var ingenting dei var einige i lenger. Det var slitsamt at ein ikkje kunne ha ein ståstad i midten, minnest han.

Donald Trump under ein pressekonferanse i Trump Tower i september i 2016. Foto: Michael Vadon / Flickr / CC BY-SA
Donald Trump under ein pressekonferanse i Trump Tower i september i 2016. Foto: Michael Vadon / Flickr / CC BY-SA

Lurer du på kvifor polariseringa i USA har tilspissa seg slik? Denne saka forklarar dei historiske linjene og dei ulike typane polarisering!

Ikkje «America first»

Didrik Cooper Seip understrekar at det alltid har vore tydelege politiske skillelinjer, men meiner Donald Trump har vore ein så markant karakter at det har vorte mykje meir merksemd rundt politisk identitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det har vore interessant å sjå at dei kan bli så ueinige. Dei har alltid vore det under val, men eg har aldri sett den generelle befolkninga ha så vanskeleg for å bli einig, seier Seip.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han er blant amerikanarane som har blitt overvelda av Trump sin retorikk og som ikkje kjenner seg att i «America first»-slagordet, men medgjev at han kanskje har eit litt meir internasjonalt perspektiv på det sidan han er oppvaksen i Noreg.

Difor gler han seg over at Joe Biden har stansa arbeidet med muren mot Mexico, har fjerna innreiseforbodet som råka fleire muslimske land, meldt USA inn att i Paris-avtalen og stansa utmeldinga frå Verdas helseorganisasjon (WHO).

Les også: Bidens plan for dei første 100 dagane

Joe Biden vert teken i eid som president i USA 20. januar 2021. Foto: Foto: Gage Skidmore/Flickr/Cc BY SA 2.0
Joe Biden vert teken i eid som president i USA 20. januar 2021. Foto: Foto: Gage Skidmore/Flickr/Cc BY SA 2.0

– Ikkje klare for å sjå Biden som ein god president

Men Didrik Cooper Seip trur ikkje Joe Biden har ei enkel oppgåve framfor seg, når det kjem til å sameine det amerikanske folk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Den generelle befolkninga er nok ikkje klare for å sjå Biden som ein god president, frå høgresida, og at Trump gjorde noko godt her og der, frå venstresida, seier Seip.

Trass i at Trump på tampen «nesten selde benådingar», gjev han den avtroppande presidenten ros for kriminalreformene sine og for at han på tampen av presidentskapet gjekk ut og kalla Kina sine åtak på Uigur-minoriteten for folkemord.

Men som tidlegare nemnd, synest ikkje 24-åringen at det har vore særleg artig å seie at han er amerikanar dei siste fire åra.

Quiz: Kva kan du om Kamala Harris?

– Eit utruleg mangfaldig land

Han må stadig forklara kva han tenkjer om den politiske situasjonen, og opplever at nordmenn flest ikkje forstår det amerikanske samfunnet.

Det handlar både om våpenpolitikken, som kan skrivast tilbake til då amerikanarar var avhengige av våpen for å forsvara sin eigen eigedom, og kor ulike dei ulike statane faktisk er.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me har det utruleg fantastisk i Noreg med velferdsstaten som sikrar gratis skulegang og skatt som vert betalt tilbake til fellesskapet. Det folk ikkje forstår med USA er at det er eit utruleg mangfaldig land med 50 statar med ulike måtar å gjere ting på, så det å laga eit felles system med skulegang og skatt er nesten umogleg, forklarar Seip.

Les også: Dette er stjerneskotet Amanda Gorman (22)

Amanda Gorman traff menneske over heile verda med det sterke diktet «The Hill We Climb» under presidentseremonien. Foto: Peter Stevens, Flickr
Amanda Gorman traff menneske over heile verda med det sterke diktet «The Hill We Climb» under presidentseremonien. Foto: Peter Stevens, Flickr