Vêrvarsel for dei neste 80 åra: Meir ekstremnedbør

Frå flaumen i Utvik i Nordfjord sommaren 2017.
Frå flaumen i Utvik i Nordfjord sommaren 2017. Foto: Tord Bruland
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kommunane må tilpassa seg meir kraftig nedbør og auka problem med overvatn. Fleire stader kan det bli fleire skred – og havet vil stiga, åtvarar klimaforskarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Asgeir Sorteberg er professor ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB
Asgeir Sorteberg er professor ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

Kva delar av landet som vil få størst problem, er vanskeleg å seia, ifølgje professor i meteorologi ved Bjerknessenteret, Asgeir Sorteberg.

Det kjem an på kva risiko ein ser på. Men det ser ut til at Vestlandet kan rammast hardt viss ein ser på forandring i nedbørsflaum og ras, seier Sorteberg til Framtida.no, og viser til scenario utvikla av Norsk Klimaservicesenter.

Han ventar fleire nedbørsrekordar framover.

– Med eit varmare klima blir det meir tilgjengeleg fukt i lufta og sannsynet for ekstrem nedbør vil auka.

Kommunar bør sikra seg med flaumvern, leia overvatn inn i naturlege våtmarksområde, eit tjern eller rundt busetnad. Kommunar kan òg bremsa vatnet høgt oppe i eit nedbørsområde, gjennom å laga dammar og magasin over der busetnaden er.

Veit lite om korleis me blir påverka av andre land

Samanlikna med andre land vil endringane i Noreg vera relativt store i form av temperatur og nedbørsendringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Forskarane meiner det blir ein stor auke i nedbøren fram mot 2100 over stort sett heile Noreg dersom klimautsleppa held fram som no. Foto: Kart: Norsk Klimaservicesenter
Forskarane meiner det blir ein stor auke i nedbøren fram mot 2100 over stort sett heile Noreg dersom klimautsleppa held fram som no. Foto: Kart: Norsk Klimaservicesenter

– Men effektane av endringane er relativt små i tilhøve til andre land. Som eit rikt og velorganisert land er godt rusta mot forandringane som skjer hos oss, seier Asgeir Sorteberg ved Geofysisk Institutt og Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen

I kor stor grad me er rusta mot forandringar som skuldast klimaforandringar andre stader er i liten grad kartlagt.

– Som eit lite land med ein open økonomi er me veldig kjenslevare for internasjonale forandringar. For eksempel prisar og tilgjenge av matvarer, handtering av folk som flyttar ut av område der det etterkvart blir vanskeleg å livnæra seg, altså klimaflyktningar og mindre etterspurnad etter viktige norske eksportvarer som olje og gass.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

FAKTA: LOKAL KLIMARISIKO

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om lokal klimarisiko og løysingar på klimaproblema. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima om prosjektet fram mot lokalvalet i september. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @ framtida.no!



LES OGSÅ: Utsleppsgapet har auka

Bør ta omsyn til havet som stig

Kvart år blir ismengda på Grønland redusert med 250 milliarder tonn is. Issmeltinga herifrå og frå Antarktis bidrar til at havet stig.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Mørkeblå og blå farge viser stor auke i fare for 200-årsflaum. Grønfargen viser nedgang i faren for 200-årsflaumar. Foto: Kart: Norsk Klimaservicesenter
Mørkeblå og blå farge viser stor auke i fare for 200-årsflaum. Grønfargen viser nedgang i faren for 200-årsflaumar. Foto: Kart: Norsk Klimaservicesenter

Men kor mykje havet vil stiga i Noreg, er ulikt i ulike delar av landet sidan deler av landet enno stig etter siste istid.

Asgeir Sorteberg meiner alle nybygg bør ta omsyn til at havnivået stig.

– Tar ein høgde for ein knapp meter havstigning så er ein relativt godt førebudd viss ein tenkjer ei levetid av ny infrastruktur på typisk 100 år. Byggjer ein ting som skal stå lengre bør ein nok heva nivået. Det skal seiast at desse anslaga er basert på at Grønlandsisen og Vest-Antarktis ikkje akselerer bidraget sine ytterlegare. Dette er eit tema der vi veit relativt lite, seier Sorteberg, og viser til ein ny stor studie av issmeltinga på Grønland, som viser at havnivået kan stiga fortare enn ein før har rekna med.

Ti prosent av alt ferskvatn i verda er samla i innlandsisen på Grønland. Danske forskarar har funne ut at breane på Grønland smeltar mykje fortare enn dei har trudd til no. Foto: NASA
Ti prosent av alt ferskvatn i verda er samla i innlandsisen på Grønland. Danske forskarar har funne ut at breane på Grønland smeltar mykje fortare enn dei har trudd til no. Foto: NASA

Saka vart først publisert på framtida.no.

LES OGSÅ: – Svalbard er ei varsellampe for kva som vil kome til å skje