Det er ikkje eit problem i Noreg anno 2018 at kvinner vert plystra på og kallar det overgrep

Sylvi Listhaug presenterte sin nye bok kalt Der andre tier som hun gir ut på Kagge forlag.
Sylvi Listhaug presenterte sin nye bok kalt Der andre tier som hun gir ut på Kagge forlag. Foto: Tore Meek / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sylvi Listhaug tåkeleggjer debatten om #metoo ved å røre klønete sjekking og seksuelle overgrep saman i ei smørje.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stemmer: Andrea Rygg Nøttveit
Journalist i Framtida.no

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

Du har rett Listhaug. Folk er lei.

Då eg leste NRK sitt oppslag om Sylvi Listhaug sitt #metoo-oppgjer vart eg verkeleg oppgitt.

«Skal man tro feministene, er det sånn at hver gang en mann plystrer etter deg, er det et form for overgrep. Ut fra hvordan feministene argumenterer, fremstår det som om unge kvinner knekker sammen av en upassende slengbemerkning fra en mann», skriv Listhaug i si nye bok Der andre tier.

Les også: FpU-toppar med kraftig metoo-kritikk mot Frp

Tilbake til barnehagen

Tidlegare justisminister Sylvi Listhaug gjer atter ein gong akkurat det ho stadig kritiserer sine meiningsmotstandarar for: Tilleggje dei meiningar dei ikkje har, og slik dra det heile ned på eit barnehagenivå.

For har me verkeleg eit problem med at menn plystrer på kvinner? Og har me eit problem med at feministane kallar dette for overgrep?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg trudde me var ferdige med dette i julebordsesongen etter #metoo, der eg ser føre meg at saka var nemnt i mang ein damenes tale.

Jo, det er greitt med ein klem

«Er det ikkje greitt med ein klem lenger?» Jo, det er greitt med ein klem. Så lenge du ikkje brukar ein ujamn maktposisjon og avhengigheitsforhold til å halde klemmen unaturleg lenge og byrja å stryka vidare på ein person som står i ein skeiv maktrelasjon til deg, slik me kunne sjå Harvey Weinstein gjere i ein video med Melissa Thompson.

Det er på tide at folk forstår at #metoo ikkje handlar om klønete flørting.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Tarana Burke: Kvinna bak #metoo-rørsla

Nyansar av seksuell trakassering

Forfattarane Hannah Helseth og Anja Sletteland er blant dei som freistar å rydde opp i landskapet med den nye boka Det jeg skulle sagt: Håndbok mot seksuell trakassering.

Dei tek til orde for å differensiere omgrepet og har kome fram til seks typar seksuell trakassering: uønska berøring, sexpress, kjønnsstigmatisering, å dømme etter utsjånad, seksuelt sladder og ryktespreiing.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I eit intervju med Morgenbladet peikar Anja Sletteland på problemet med det vide omgrepet seksuell trakassering.

Det fine med det, er at det viser til det systematiske i handlinga som vert utført – frå grove overtramp til små handlingar som over tid kan ha øydeleggjande effekt. Ulempa er at ordet kan bli ganske vanskeleg å bruka: Å seie til nokon at dei har «seksuelt trakassert» deg, høyrest nesten ut som å anklaga dei for å vere ein Harvey Weinstein. Men dei fleste har gjort sånne småting, seier Sletteland til Morgenbladet.

Les også: Over 100 metoo-saker i akademia

Kjem an på konteksten

Helseth forklarar vidare i same artikkel at ein halvfrekk sjekkekommentar på byen kan vere veldig fint, men når sjefen din kjem innom kontoret ditt og seier det, blir det truande.

– Kvifor noko følast veldig greitt i éin situasjon og heilt feil i ein annan, kjem an på kontekst og relasjon. I alle former for seksuell trakassering er det mangelen på gjensidigheit, ikkje sjølve handlinga, som betyr noko, seier Helseth til Morgenbladet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Listhaug er inne på sporet av noko når ho skriv: «At et klaps på rumpa eller uakseptabel oppførsel kan komme i samme setning som grove overgrep og mishandling, er respektløst overfor dem som har opplevd sånne grusomheter».

Men der Sletteland og Helseth freistar å gjere nyansane tydelegare, rører Listhaug saman klønete sjekking og seksuelle overgrep saman i ei smørje. Måten det er spissformulert på gjer så ein nesten kan tru det er med overlegg.

Skjelver i buksene

Men mykje tyder på at Listhaug ikkje er åleine om å ikkje ha skjønt det.

Nyleg presenterte Klassekampen ei undersøking som viste at to av tre norske menn er uroa for at menn vert utsett for falske anklager om seksuell trakassering som følgje av #metoo.

Skjelver i buksene for at folk skal tru dei nyttar sin maktposisjon for å kome i buksene til andre

To av tre! Det betyr at norske menn går rundt og skjelver i buksene for at folk skal tru dei nyttar sin maktposisjon for å kome i buksene til andre. Så mange Weinsteinar har me ikkje her til lands.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjefredaktør Christian S. Andersen i Narvik-avisa Fremover fortel i same sak om eit leiarkurs der fleire var redde for å gje medarbeidarar ein klem og fortalte at dei unngjekk å bli åleine med kvinnelege kollegaar.

Funna tyder på at mange er usikre på kor grensene går, redde for at dei vert tolka i verste meining og går rundt med ei oppfatning av at terskelen for å anklage nokon for seksuelle overgrep eller trakassering er låg. Kor lang tid det går før desse sakene kom fram i lyset tyder på det rakt motsette.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: – Kall ein spade for ein spade. Eit offer er eit offer, ikkje ein utsett

Motvillige offer

Ifølgje Listhaug nærmar me oss eit samfunn der det lønar seg å spele offer. «Det gir flere fordeler enn ulemper. Det gir oppmerksomhet og kan til og med hjelpe karrieren».

Då Liv Signe Navarsete tok eit oppgjer med SMS-en som vart sendt frå ein gutetur var det ikkje ein fordelaktig posisjon. I kantina på jobb prata kollegaar meir om korleis media hausa det opp, enn den respektlause og sexistiske måten å tiltala ein partikollega på.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I møte med folk som har vore utsett for valdtekt høyrer ein ofte at det tek lang tid før folk erkjenner eller i det heile teke forstår kva dei har vore utsett for, rett og slett fordi det inneber at dei identifiserer seg som eit offer. Trass i at me har mange personar som reiser seg etter slike hendingar, er ikkje offer ei fordelaktig rolle.

Kven vil vera offeret i historia om sitt eige liv?

Skjerpings!

Det er vanskeleg å ikkje sjå debatten om #metoo som eit bevis på at dette er noko me treng å snakka om.

Kvinner ser ikkje på klønete sjekking som seksuelle overgrep.

Det er ikkje eit problem i Noreg anno 2018 at kvinner vert plystra på. Det er heller ikkje eit stort problem at kvinner kallar plystring overgrep. Kvinner ser ikkje på klønete sjekking som seksuelle overgrep, sjølv om ein kan verte jævlig irritert når du får ei hand på låret du ikkje har bedt om.

Det som er eit problem er at nokon freistar å tåkeleggje ein viktig debatt om seksuelle overgrep i maktrelasjonar med å dra inn plystring. Som om det heile handla om å misforstå eit kompliment.

Skjerpings!