Yngste nordmann på toppen av Mount Everest

«Det store målet i bakgrunnen, Mt.Everest!», skriv Hovstad på Instagram.
«Det store målet i bakgrunnen, Mt.Everest!», skriv Hovstad på Instagram. Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Til dagleg sveisar han understell til oljeplattformar. No har Ole Hovstad (23) nådd toppen av Mount Everest, som yngste nordmann nokon gong

Artikkelen fortsetter under annonsen

Like før jul i fjor, bestemte Ole Hovstad seg for å prøve seg på toppen av Mount Everest (8,848 moh). Interessa for fjellklatring og toppturar var ganske fersk, men med ein god dose eventyrlyst, sette han igang med å førebu seg. 16. mai nådde han målet.

Ole Hovstad før avreise. Foto: Privat
Ole Hovstad før avreise. Foto: Privat

Saka er henta frå framtida.no

– Han er glad og sliten og gledde seg til å komme heim. Han var veldig godt nøgd og syntest det hadde gått veldig bra, seier ein litt letta far, Rolan Hovstad, som fekk snakka med sonen på telefon torsdag kveld.

Undervegs til toppen hadde sonen mista ein del vekt, men ellers har turen gått skadefritt for seg.

– Var han spent sjølv?

– Ja, han var det. Han er jo i god fysisk form, men fersk som fjellklatrar, og har organisert og finansiert det heile sjølv.

Til dagleg er Ole Hovstad industriarbeidar, og sveisar understell til oljeplattformar på Kverner Verdal.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Farefull ferd

Å nå toppen av Mount Everest er ikkje nokon spøk. Verdas høgaste fjelltopp ligg på 8,848 meter, og lista over dei som har døydd på vegen opp, er lang. Så risikabelt er det, at no må alle som prøver seg på toppen, ha følge av ein sherpa. Ein lokal guide som kjenner forholda og vegen opp.

På øvingstur til Aconagua. Foto: Privat
På øvingstur til Aconagua. Foto: Privat

Are Løset er lege ved St. Olavs hospital, og har tidlegare forska på korleis kroppen toler høgde. Han fortel at hovudutfordringa med høgda er at kroppen får mindre oksygen enn den er van med. Det gjer at kroppen må bruke god til på å tilpasse seg høgda.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ein får mindre energi, blir slappare, og det blir lettare å gjere feilvurderingar, seier Løset.

For at ein ikkje skal gjere dårlege vurderingar er det difor viktig å akklimatisere seg, at kroppen tilpassar seg høgda over tid.

– Frå 3000 meter må ein bruke rundt tre til fire døgn for kvar tusen meter. Det vanlege på Everest er at ein brukar nærmare to månader, seier Løset.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Moa har verda som leikeplass

Øvingsturar i Argentina og Nepal

Hovstad har gått systematisk til verks, og prøvde seg på fleire andre toppar før han bega seg opp til Everest. Det første han gjorde var å reise til Argentina der han prøve å gå Aconcagua på 6962 meters høgde for å sjå om han tolte høgda. Aconcagua er verdas høgaste topp etter Himalaya. Der måtte han snu 500 meter frå toppen, men fekk erfare at han tolte høgda.

Forhåpentligvis ikke lenge til det blir forsøk på toppen nå! 1-2-3, skreiv Ole Hovstad på Instagram 10. mai. Foto: Privat
Forhåpentligvis ikke lenge til det blir forsøk på toppen nå! 1-2-3, skreiv Ole Hovstad på Instagram 10. mai. Foto: Privat

Før påske reiste han til Nepal. Der gjekk han først på ein topp som heiter Lobuche. Like etter påske gjekk han opp til basecamp på Mount Everest. Derifrå gjekk han fleire øvingsturar opp og ned for å bli van med høgda.

Hovstad reiste åleine frå Noreg, men på turen til Mount Everest gjekk han i eit følge på sju. Dei var tre utanlandske turgåarar og fire lokale sherpaer. Sjølve toppturen gjekk turfølget i fire fem dagar og stoppa på forskjellige campar oppover. Da dei gjekk siste etappen til toppen, starta dei på kvelden, gjekk heile natta, og kom opp til toppen om morgonen.

Enno er Hovstad på basecamp, men i morgon går turen ned mot Katmandu.

Få dagar før Ole Hovstad tok rekorden som yngste nordmann, nådde Monica Hundseid (25) frå Vikedal toppen av Mount Everest. Les meir om den unge turgåaren i lenka under.

Les også: Moa på farefull ferd