Fem ting du ikkje visste om penis

Bildet er frå ein skulptur i Florence, Itala. Foto: Markus Gann/Colourbox
Bildet er frå ein skulptur i Florence, Itala. Foto: Markus Gann/Colourbox
Artikkelen fortsetter under annonsen

Visste du at penis ikkje har bein, men at han likevel kan knekke? Lege Malin Bu Solgård har skrive om fem penis-ting du kanskje ikkje visste.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

1. Inneheld penis bein?

Nei, men våre forfedrar som levde for 1.9 millionar år sidan hadde eit anatomisk bein i penis, kalla baculum.

Hos gorillaer, sjimpansar og andre dyr som framleis har dette beinet, fungerer det som ei ekstra støtte under ereksjon. Baculum varierer i lengde hjå dei forskjellige dyreartane – frå berre 2 mm hos nokre ape-artar, til så mykje som 75 cm hjå kvalrossar!

Forsking har ikkje vist signifikant assosiasjon mellom penisstorleik og storleik på hender og føter
Kvalrossen har lange bein både her og der. FOTO: Budd Christman / USNOAA
Kvalrossen har lange bein både her og der. FOTO: Budd Christman / USNOAA

Ved hjelp av baculum er ikkje ereksjonen åleine avhengig av auka blodtrykk i penis, og kan difor oppstå på augeblikket og vere meir påliteleg. Forskarar meiner dette er ein fordel for polygame dyreartar, då desse er avhengige av lengre samleie for å halde andre potensielle hannar unna. Menneske, som ofte er sett på som ein monogam art, har derimot ikkje same konkurranse og kan difor ha kortare samleie.

LES OGSÅ: Kva skjer med kroppen etter at vi døyr?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I tillegg hadde forfedrane små, harde skjelett-aktige taggar på utsida av penis. Ved DNA-analyse har forskarar funne ut at for omtrent 70.000 år sidan mista vi genet for å utvikle slike taggar. Denne typen penis finst framleis i dag hjå mange dyr, som for eksempel sjimpansar og kattar. Blant anna stimulerer dei eggløysing under penetrering.

2. Kan penis knekke?

Ja, sjølv om det er veldig sjeldan. Dette blir kalla eit penisbrot, og oppstår som følgje av uvanleg og kraftig bøying av penis under samleie eller masturbasjon. Penis inneheld som tidligare nevnt ikkje bein. Difor er det ikkje snakk om eit brot på same måte som i resten av kroppen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Då vil ein kunne høre ein tydeleg knekkelyd, etterfølgt av sterke smerter i penis

Penis er bygd opp av tre pølse-liknande strukturar kalla svamplekamar. Lik svampar, kan desse strukturane blir fylt opp med blod som fører til at penis blir erigert.

LES OGSÅ: Kult om klitoris

Artikkelen fortsetter under annonsen

Svamplekamane er omgitte av ei sterk hinne, og det er denne hinna som sprekk ved et penisbrudd. Då vil ein kunne høre ein tydeleg knekkelyd, etterfølgt av sterke smerter i penis. Store blødingar oppstår inne i penis, som blir hoven og misfarga. Eit penisbrot blir behandla med operasjon, og dei færraste opplev problem i etterkant.

3. Kan ein bli født med to penisar?

Ja! Det er kalla diphallia, og er ein ekstremt sjeldan tilstand som berre er registrert rundt 100 gonger sidan 1609. Ofte er tilstanden assosiert med andre feil i utviklinga, som dobbel urinblære, dobbel tarm og samanvaksen anus. Det finst til og med rapporterte tilfelle av trippel og firedobla penis!

I nokre tilfelle av diphallia, deler skaftet seg i to på enden med to penishovud. Andre gonger deler den seg i to ved rota av penis. Ein tredje versjon er to heilt separate penisar ved sidan av kvarandre. Tilstanden blir i dei fleste tilfelle behandla kirurgisk, kor legane operer vekk ein av dei dupliserte penisane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

4. Er det ein samanheng mellom skostorleik, hender og penisstorleik?

Dette har faktisk blitt forska ein del på! Det finst mange mytar når det kjem til samanhengen mellom storleik på penis og storleik på andre kroppsdelar. Men forsking har ikkje vist signifikant assosiasjon mellom penisstorleik og storleik på hender og føter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

5. Kan ein forlenge penis?

Det er mogleg å forlenge penis eit par centimeter med kirurgi, men det er då snakk om i kviletilstand. Det er ikkje berre kvinner som i dag kjenner på eit stort kroppspress. I ei undersøking frå 2012 svarte 30 prosent av dei spurte mennene at dei ikkje var fornøgde med penisane sine.

LES OGSÅ: Heldigvis finst det god behandling mot depresjon

Gjennomsnittleg lengde på penis er i dag mellom 13 og 18 cm i erigert tilstand, og det er estimert at berre 2,3 prosent av menn har penisar som er unormalt små.

I 2015 hevda ein 54 år gammal mann frå Mexico at han hadde ein penis på heile 48 cm. Det viste seg derimot at mesteparten av lengda bestod av forhud, mens penisen åleine berre var mellom 16-18 cm.

Her kan du finne alle artiklane i Kult om kroppen-serien

MALIN BU SOLGÅRD

Malin er 25 år gammal og kjem frå Stavanger. Ho studerte medisin i Slovakia og jobbar no som fastlege i heimbyen sin. I denne spalta ynskjer ho å dele noko av det mest interessante tinga ho har lært om kropp og helse.

Artikkelen er først publisert på Framtida.no.