Kan gå i regjering med Merkel:Tysk toppolitikar vil skapa «Europas foreinte statar» innan 2025

SPD-leder Martin Schulz under en pressekonferanse i Berlin tidligere denne uka. Foto: AP/NTB scanpix
SPD-leder Martin Schulz under en pressekonferanse i Berlin tidligere denne uka. Foto: AP/NTB scanpix Foto: NTB scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

EU-land som ikkje ønskjer ei føderal grunnlov, må melda seg ut, sa partileiar Martin Schulz i det tyske sosialdemokratiske partiet torsdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg vil ha ein europeisk grunnlovstraktat som skapar «Dei europeiske sambandsstatane». La oss finna motet til å dytta Europa framover, sa partileiar Martin Schulz i ein tale til landsmøtet i Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD). Det skriv avisa FAZ i dag.

Den tyske toppolitikaren, som tidlegare har vore president i Europaparlamentet, lanserte med andre ord ein ambisiøs visjon for å omskapa EU etter modell av USA. Det betyr ei sterkare sentral regjering og meir felles politikk.

Dette vil Schulz ha på plass i ei ny grunnlovstraktat allereie om 8 år, i 2025. Dei EU-landa som ikkje vil vera med på leiken, må automatisk bli utmelde av unionen, meinte partileiaren.

Ønskjer eit solidarisk Europa

Bakgrunnen for tidsplanen er ifølgje FAZ at SPD allereie i 1925 lufta ideen om eit «Europas foreinte statar». I 2025 vil det altså vera 100 år sidan, og Schulz meiner tida er inne for å gjennomføra ideen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Berre eit foreint Europa kan hindra usosial skatteflukt og meistra utfordringane med migrasjonen på ein solidarisk måte, skal partileiaren ha sagt.

Schulz’ parti SPD har dei sista åra sete i regjering saman med Angela Merkels kristendemokratiske partiunion CDU/CSU. Sosialdemokratane gjekk på valsmell i september, men etter at ingen andre alternativ så langt har ført fram, sit dei i dag i diskusjonar om å halda fram regjeringssamarbeidet.

– Bra for debatten

Knut André Sande, leiar i Europeisk Ungdom, meiner Schulz luftar spennande tankar om framtida til EU.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Samstundes kan det vera litt farleg å gå inn for eit føderalistisk EU med ein gong, for det er kanskje ikkje det folk vil ha, seier han til Framtida.no.

Sande understrekar at Europeisk Ungdom ikkje har tatt standpunkt for eit «Europas foreinte statar», og peikar på at føderalisme er eit «fy-ord» i Europa. Likevel ønskjer han debatten velkomen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Emmanuel Macron i Frankrike har gått ut med at han vil ha nye reformer i EU, og viss Tyskland kjem etter, så er det bra. Angela Merkel har så langt vore litt meir atterhalden, påpeikar Sande.

Meir militært samarbeid: Europa rustar opp

Knapt fleirtal for EU-budsjett: – EU held fram å bruke enorme ressursar på utdatert politikk