Stortingets yngste:Vil kjempe mot fattigdom blant barn

Freddy André Øvstegård var student og budde i kollektiv før han blei vald inn på Stortinget. Men han er framleis seg sjølv, forsikrar han.
Freddy André Øvstegård var student og budde i kollektiv før han blei vald inn på Stortinget. Men han er framleis seg sjølv, forsikrar han. Foto: Runar B. Mæland / Framtida.no
Artikkelen fortsetter under annonsen

SV-politikar Freddy André Øvstegård (22) vil bruka 5 milliardar meir på barnetrygd, både til fattige og rike.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg føler at eg er meg sjølv også etter at eg fekk denne jobben her. Eg sit berre ein annan stad og jobbar med dei same tinga på ein annan måte – og brukar mykje meir tid på det, seier stortingspolitikar Freddy André Øvstegård.

Før han flytta inn på Løvebakken, var 22-åringen ifølgje seg sjølv «Blindern-stereotypen» som studerte statsvitskap og idéhistorie ved Universitetet i Oslo medan han budde i kollektiv og dreiv med ungdomspolitikk. Øvstegård er framleis nestleiar i Sosialistisk Ungdom (SU), der han blei aktiv som 14-åring.

Sjølv om overgangen har vore stor, meiner østfoldingen likevel det går ein raud tråd frå den gongen han og nokre kameratar på ungdomsskulen starta Sarpsborg SU til han i haust blei vald inn på Stortinget.

Les også: Slik ville Stortinget ha sett ut om berre førstegongsveljarane fekk bestemma

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Under oppveksten i Østre bydel i Sarpsborg såg Øvstegård tidleg korleis økonomiske forskjellar mellom folk gav ungdomar ulike moglegheiter i oppveksten. Dette var motivasjonen for at han søkte seg til venstresida og SV – og det er sakene han vil jobba mest med på Stortinget dei neste fire åra.

– Nokon var med på fritidsaktivitetar kvar dag; dei var med på fotballaget og drog til Hafjell for å stå på ski, og reiste på ferie til Thailand kvar sommar. Eg og mange andre hadde ikkje dei same moglegheitene. Det var noko som provoserte meg, seier Øvstegård, som fekk førstevalet sitt oppfylt då han blei utnemnd som SVs mann i familie- og kulturkomiteen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg brukte kvart høve i valkampen til å snakka om barnefattigdom, fordi det veks opp 7700 born i fattige familiar i Østfold. Å kjempa for å betra sårbare ungar sine oppvekstvilkår har vore eit engasjement for meg personleg, som eg har tatt inn i politikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Stortingspolitikar Freddy André Øvstegård med SVs alternative statsbudsjett for 2018. Foto: Runar B. Mæland / Framtida.no
Stortingspolitikar Freddy André Øvstegård med SVs alternative statsbudsjett for 2018. Foto: Runar B. Mæland / Framtida.no

Meir barnetrygd til alle

Som familiepolitisk talsperson har Øvstegård ansvar for å fronta ei av SV sine største satsingar i denne perioden: å auka barnetrygda. I sitt alternative statsbudsjett for 2018 føreslår partiet å bruka 1,8 milliardar på dette.

Nivået på barnetrygda har stått heilt i ro sidan 1996. Sidan alt anna har blitt dyrare og dyrare, har trygda i realiteten blitt mindre og mindre verdt. På sikt er målet for SV å auka barnetrygda tilbake på 1996-nivå. Det vil kosta omlag 5 milliardar kroner.

– Det handlar om at barnetrygda er det mest effektive tiltaket for å nå dei fattige barnefamiliane. Fordelingsutvalet som den raudgrøne regjeringa sette ned sa at det å auka barnetrygda kan hjelpa 17.000 barn ut av fattigdom, seier Øvstegård.

– Likevel vil vel mykje av dei fem milliardane gå til folk som har meir enn nok frå før?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Målet med barnetrygda er å dekkja utgifter med å ha barn, og også folk som elles har greitt med pengar, har dei utgiftene. Ein kan sjå det som ei omfordeling frå dei periodane av livet då ein ikkje har barn til dei periodane då ein har det.

Øvstegård meiner det å behovsprøva barnetrygda, slik at ein større del av pengane går til dei med dårleg økonomi, berre vil gi meir byråkrati. Han fryktar også at det kan skapa nye fattigdomsfeller.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det svekkjer arbeidslina om ein mistar trygd i det ein får seg jobb og kjem over terskelen. Fordelen med ei universell ordning er at du får det uansett: Viss du er ein einsleg forsørgar med tre ungar som får vår auka barnetrygd, så vil ho framleis motta den barnetrygda sjølv om ho skulle få seg jobb.

– Då har du ikkje noko problem med å gi ein som Petter Stordalen meir i barnetrygd for ungane hans?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Nei, på same måte som at eg ikkje har noko imot at ungane hans får gratis skulegang og helsehjelp. Sånn er det med universelle ordningar: Dei femnar alle. Eg skjønar ikkje kvifor så mange stiller spørsmål ved at barnetrygda skal vera universell, når det er heilt greitt at ein brukar masse pengar på gratis skulegang til dei rikaste. Då må ein i alle fall vera konsekvent.

– Trur du folk vil akseptera å betala meir i skatt for å auka barnetrygda?

– Det kjem jo an på kven du spør. Vårt skatteopplegg inneber skattereduksjon for dei som tener under 600.000 kroner i året, og dei lågløna vil få mest skattelette. Vårt opplegg handlar om å flytta skatt frå arbeid over på eigedom, formue og arv. Vanlege folk vil få skattelette, men me aukar skattane for dei som har enorme inntekter og formuar.

Les også: Nesten halvparten av BSU-skatteletta går til folk som eig bustad

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein milliard meir til kultur

Sjølv om dei som har mest frå før skal få meir i skatt, vil ikkje SV at det skal svi å vera rik i Noreg. I tillegg til gratis utdanning og auka barnetrygd, vil partiet at velståande framleis skal få kraftig subsidierte billettar til nokre av sine favorittfritidssyslar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

SV held fast på den raudgrøne regjeringa sitt mål om at 1 prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturføremål. Det inneber at dei vil gi meir pengar til norske bibliotek, kunstnarar og kulturarrangørar – utan at dette skal gå utover støtta til mastodontar som Den norske opera og ballett, som i dag får over 600 millionar kroner i året.

– Kvifor skal staten bruka pengar på opera?

– Eg trur det er viktig å ta vare på breidda i kulturlivet. Viss ikkje staten brukar pengar på opera eller den lokale bluesfestivalen din, så vil ikkje nødvendigvis dei tilboda eksistera. I mitt fylke har me Opera Østfold; i sommar sette dei opp eit stykke på Fredriksten festning til stor suksess. Dei er heilt avhengige av offentleg støtte for å gjera det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Men støtta til Operaen går stort sett til ganske velståande folk, og du kunne fått mange øvingsrom for unge musikarar for dei same pengane. Er det eit dilemma for ein sosialistisk kulturpolitikar?

– Det er viktig å ha toppen, men også satsa på breidda. Ein får ikkje rekruttert til operaen viss ein ikkje har ei breidde å rekruttera frå i det lokale kulturlivet, men det å satsa på dei store, nasjonale institusjonane er også viktig for heile kulturlivet, for då har ein noko å sjå opp til. Og så blir det gjort mykje bra på Operaen, som reduserte prisar for ungdommar, slik at eg som student har hatt høve til å dra dit og sjå stykke. Eg trur ikkje dei kunne ha gjort det utan den offentlege støtta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det blir mange påplussingar på budsjettet dykkar. Kvar kan staten kutta?

– Me vil bruka ein milliard meir på kultur, fordi me meiner det trengst. Men til dømes Kreativt Norge, som er eit næringsretta program, blir mindre prioritert i vårt kulturbudsjett. Dei får eit kutt av oss slik at me kan bruka meir pengar på den breie og lokale kulturen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– I andre delar av budsjettet føreslår me til dømes å ikkje bruka ein masse milliardar på å kjøpa F35-kampfly, som er den største landinvesteringa me har gjort nokon gong. Det er eit veldig stort kutt, som gjer at me heller kan bruka pengar på at den ungen som veks opp med fattige foreldre i Sarpsborg også kan dra og sjå ein konsert, fordi me har auka arrangementsstøtta.

Les også: Slik vil SV få bukt med seksuell trakassering i kulturlivet

Freddy André Øvstegård (22) har overtatt som «Star Wars-politisk talsperson» i SV etter Snorre Valen. Foto: Runar B. Mæland / Framtida.no
Freddy André Øvstegård (22) har overtatt som «Star Wars-politisk talsperson» i SV etter Snorre Valen. Foto: Runar B. Mæland / Framtida.no

Nazistar i gatene

Freddy André Øvstegård markerte seg tidleg på Stortinget då han stilte spørsmål til justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) om kva regjeringa og politiet gjer for å motverka nynazistisk organisering. I sommar aksjonerte Den nordiske motstandsbevegelsen mot Oslo Pride , før dei marsjerte mannssterke gjennom Kristiansand sentrum.

Øvstegård meiner nynazistane skapar frykt blant folk, særleg i minoritetsmiljø og det skeive miljøet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg møtte dei personleg i Halden då eg stod og delte ut løpesetlar på torget. Det me møtte då, var eit veldig skremmande syn på menneske og verda. Eg hadde aldri møtt ein erklært nazist før. Dette er folk som opent hyllar Hitler, som og meiner at «den jødiske eliten» og «homolobbyen» skal knusast, seier Øvstegård.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg er homofil sjølv, og kjenner mange skeive i Østfold som går rundt og kjenner på den frykta. NMB oppfordrar til vald, og søsterorganisasjonen deira i Sverige brukar vald. Det er ikkje tilfeldig; valden kjem som ein logisk konsekvens av menneskesynet deira.

– Fryktar du at det ikkje blir tatt nok på alvor?

– Eg fryktar at det ikkje blir tatt nok på alvor før dei igjen utøver vald. Me har ei historie med høgreekstrem vald i Noreg – ikkje berre 22. juli, men også drapet på Benjamin Hermansen av organiserte rasistar i 2001. Då må politiet få midlar og oppdrag om å jobba mot dette miljøet spesielt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Burde nazistar i det heile tatt ha lov til å organisera seg og ha demonstrasjonar?

– Det står ikkje noko i SV sitt program om det, men eg meiner det er heilt fair å hindra organisering av nynazistar. Kriteriet er at dei oppmodar til vald, og det er ikkje lov. Dette er ikkje normale ytringar, det er folk som organiserer seg rundt ein valdsbodskap. Då meiner eg det er innanfor at politiet overvakar og hindrar aktiviteten deira. Men når dei har organisert seg, er det nesten for seint. Det er å førebygga radikaliseringa og hindra rekrutteringa som er løysinga.

– Er det noko i familie- og kulturpolitikken som kan bidra til dette?

– Definitivt. Det handlar om å gi unge betre oppvekstvilkår, å hindra barnefattigdom og ta tak i dei sårbare ungane før det er for seint, seier Øvstegård.

Les også intervjua med Mathilde Tybring-Gjedde (H) og Emilie Enger Mehl (Sp)!