Auke i hatkriminalitet etter Brexit-avstemninga

London opplevde to åtak våren 2017. Det førte til meir politi og militære i gatene.
London opplevde to åtak våren 2017. Det førte til meir politi og militære i gatene. Foto: Defence Images/Flickr
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kraftig auke i hatbaserte åtak på grunnlag av etnisitet og religion, viser ny rapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag la den britiske regjeringa fram ein ny rapport om registrert hatkriminalitet i England og Wales frå perioden april 2016 til mars 2017.

Tala visar ei auke på 29 prosent samanlikna med same periode i 2015 til 2016. Det britiske politiet registrerte 62,685 tilfelle av hatkriminalitet utført på grunnlag av etnisitet og religion i 2016/2017. Det tilsvarar ei auke på 27 prosent.

LES OGSÅ: Bør ytringsfridomen regulerast sjølv når det kan enda i vald?

Brexit og terror gir auke

I følgje rapporten har hatkriminalitet oppstått hyppigare i samband med nasjonale og internasjonale terroråtak. Brexit har også forårsaka ei auke i talet på hatkriminalitet som er meld til politiet, sjå grafikken under.

Foto: Hate Crime, England and Wales 2016/17, Home Office
Foto: Hate Crime, England and Wales 2016/17, Home Office

Grafen var på sitt høgaste etter at ein lastebil køyrde inn i folkemengder på London Bridge i juni 2017, etterfølgt av åtaket ved Finsbury Park moské.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire registrerer hatkriminalitet

Det er også registrert ei auke av hatbaserte åtak på grunnlag av seksuell orientering (27 prosent), nedsett funksjonsevne (53 prosent) og mot transpersonar (45 prosent).

LES OGSÅ: Meiner muslimhat kan styrkja jihadistar

Rapportforfattarane meiner at den markante auka på desse områda ikkje er fordi det skjer fleire tilfelle av hatkriminalitet. Aukinga er heller forklart med politiets forbedring av identifisering og registrering av denne type kriminalitet. I tillegg har fleire meldt inn til politiet om hatkriminalitet retta mot transpersonar, personar med nedsett funksjonsevne eller på grunnlag av seksuell orientering.

Rapporten definerar hatkriminalitet som «kvar og ein kriminell handling som er oppfatta av offeret eller andre personer som motivert av fiendskap eller fordommar basert på personleg karakteristikk».

FÅ OGSÅ MED DEG: Politiet overser hatkriminalitet mot funksjonshemma