Stemmer:Reis til Tyrkia no!

Foto: Stian Bromark /Agendamagasin
Artikkelen fortsetter under annonsen

Folk må reise til Tyrkia for å forstå, støtte demokrativiljen og hindre økonomisk kollaps.

Stemmer: Emil André Erstad
Rådgiver og forfatter

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi klarar nok å halde ope ein månad til. Kanskje to.

Det er ikkje mykje optimisme å spore då eg snakkar med hotelldirektøren på eit av dei mange hotella som ligg eit par steinkast frå Sultanahmet-området i Istanbul, der fleire av dei største turistattraksjonane i byen er samla – som Hagia Sophia, Grand Bazaar og Den blå moskeen. Rundt oss er restaurantane tomme og butikkane har fleire tilsette enn kundar. Den tyrkiske turistindustrien er i ferd med å tippe over stupet.

Det er dårleg nytt for fleire enn hotelldirektøren som eg snakkar med. Det er eit hardt slag for eit land som så seint som i 2015 var verdas 6. mest besøkte turistland.

Eg har sett mange hevde at Tyrkia no berre har seg sjølv å takke.

Det har ikkje mangla på nyheiter om folk som er skeptiske til å reise til Tyrkia. I fjor stansa fleire flyselskap sine direkteruter til Istanbul, mellom anna norske Norwegian . Fleire norske reisebyrå har redusert kapasiteten på sine Tyrkia-reiser med over 50 prosent i perioden 2015 – 2017 . I februar varsla Oslo universitetssykehus at dei ikkje lenger ville sende personar på pasientreiser til Tyrkia, og grunngav det med «de mange terroraksjoner som var i Tyrkia i 2016». Pasientane blir no sendt til Tenerife og Montenegro i staden for tyrkiske feriebyar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I februar 2017 steig arbeidsløysa i Tyrkia til 15,3 prosent – dersom ein trekk frå landbrukssektoren. For eitt år sidan var talet 13 prosent. Det er den høgaste arbeidsløysa i Tyrkia på 7 år. Blant unge er det endå verre. Det er no ein av fire arbeidsledige. Ikkje sidan etterdønningane av finanskrisa nådde Tyrkia, har dei tyrkiske tala for arbeidsløyse vore så alvorlege som no. Den tyrkiske økonomien krympa med 2,9 prosent i fjor.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tala på drepne i terrorangrep i Istanbul og Paris dei siste åra er omtrent like høge.

Eg har sett mange hevde at Tyrkia no berre har seg sjølv å takke. Då eit knapt fleirtal stemte ja til Erdogan sine føreslåtte grunnlovsreformar sist søndag, forsterka desse skuldingane seg. «Det tyrkiske folket har jo vald bort demokratiet, likestilling og grunnleggande rettar for folk flest – kva kan dei då forvente seg?», lyd mantraet.

Det er viktig å hugse på at den økonomiske krisa rammar eit land der det sannsynlegvis oppheld seg over 2 millionar syriske flyktningar. Meir arbeidsløyse er verkeleg ikkje av dei tinga som hjelper på ein allereie vanskeleg situasjon. Meir arbeidsløyse har heller aldri vore blant faktorane som styrkar liberale, demokrativenlege krefter nokon stad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Basert på det vi les om Tyrkia i norske media er det lett å få inntrykk av eit land på randen av kollaps. Landet framstår som eit einaste stort reir for islamistiske terroristar, eineveldige despotar og kvinneundertrykkande veljarar.

Eg trur mykje botnar i ein irrasjonell frykt for noko vi ikkje forstår.

Spesielt har mange hengt seg oppi i at president Recep Tayyip Erdogan uttalte at «viss Europa held fram på denne måten, så kan ingen europearar i nokon del av verda gå trygt i gatene». Utfallet kom etter den diplomatiske striden mellom Tyrkia og ei rekke EU-land i forkant av den tyrkiske folkeavstemminga om grunnlovsreform. Slike signal frå leiande tyrkiske politikarar, i tillegg til terrorangrepa som har ramma landet dei siste åra, bidreg til å fyre oppunder den irrasjonelle frykta mange har for å reise til Tyrkia.

Artikkelen fortsetter under annonsen

For det er nettopp det eg vil hevde: Frykta mange har for å reise til Istanbul eller tyrkiske ferieparadis er irrasjonell. Tala på drepne i terrorangrep i Istanbul og Paris dei siste åra er omtrent like høge. Likevel er det langt fleire nordmenn som held fram med å reise til Paris – og som tar til orde for at det er ei viktig handling for å ikkje la terroren vinne – enn dei som held fram med tilsvarande i Tyrkia.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er lov å vere redd, men eg trur fakta er eit betre verktøy enn frykt. Som psykologen Arnstein Mykletun skreiv i Aftenposten: «Angst er livsnødvendig, men ikkje når den kjem ut av kontroll». Sjansen for å bli ramma av terror er så forsvinnande liten at det eigentleg er litt rart vi brukar så mykje tid på å bekymre oss for det. Folk burde vere mykje meir bekymra for om taxien dei tar på ferie har sikkerheitsbelte. Samanlikna med talet på menneske som blir drepne av terror er talet på menneske som døyr i trafikkulykker skyhøgt.

Ei langhelg i Istanbul vil sannsynlegvis medføre momentant forelsking.

Det forskjellige synet på Paris og Istanbul kan handle om mange ting, men eg trur mykje botnar i ein irrasjonell frykt for noko vi ikkje forstår. Den tyrkiske kulturen er meir eksotisk og meir framand for mange nordmenn enn den franske. Den politiske situasjonen er meir avklart i Frankrike enn i Tyrkia og mange fleire nordmenn beherskar fransk enn tyrkisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kanskje nettopp derfor er det endå viktigare enn nokon gong at nordmenn og andre vest-europearar reiser til Tyrkia – ikkje berre for å bidra til å redde den tyrkiske turistindustrien – men også for å prøve å forstå kva som skjer i Europas søraustlege ytterkant. For å snakke med tyrkarar som stemte ja til endringane i folkeavstemminga for å høyre kvifor dei gjorde det. For å møte dei liberale og vestleg orienterte tyrkarane som faktisk utgjer nesten halvparten av befolkninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gjestfridomen er så overveldande at det kan bli litt i overkant for ein inneslutta nordeuropear.

Det bør ikkje vere noko pliktkjensle i å reise til Tyrkia. Ei langhelg i Istanbul vil sannsynlegvis medføre momentant forelsking. Byen er ein eksplosjon av tradisjonelle verdiar og liberale verdiar, tradisjon og modernitet om ein annan på ein måte få andre stader i verda kan måle seg med.

Gjestfridomen er så overveldande at det kan bli litt i overkant for ein inneslutta nordeuropear, men det er berre på den gode måten. Uansett kor mykje mas det er om terror i avisene heime i Norge, føler du deg heilt trygg. Politi er overalt. Du kan stort sett gå rundt mellom dei kjende landemerka. Verken mat, taxi eller opplevingar gjer store innhogg i lommeboka.

Det er no som er tida for å reise til Tyrkia.

Kommentaren er først publisert på Agendamagasin.no

Les også:

Definer krise

Erdogans drøm om storhet

Livet er en malplassert latter