Argentina er meir enn tango og biff

Argentina har ørken i nord og isbrear i sør. Her frå landskapet i Salta, nordvest i Argentina. Foto: Petter Bergundhaugen
Argentina har ørken i nord og isbrear i sør. Her frå landskapet i Salta, nordvest i Argentina. Foto: Petter Bergundhaugen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sondre fekk jobb på ambassaden i Buenos Aires, men tvilar han må lære å danse tango.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Sommar i Argentina er som i ein sauna, fortel Sondre Matias Nave.

Framtida.no møter han ein januardag i Oslo. Ute er det rundt null grader, grått på himmelen, og ein roleg start på det nye året.

– No er det sommarklima sør i Latin-Amerika, med fuktig luft og ei hetebølgje som kan gi temperaturar opp mot 40 grader. Det var nokså stor overgang å kome heim til Noreg før jul, seier han.

24-åringen kjem frå tettstaden Bryggja i Vågsøy kommune, nordvest i Sogn og Fjordane, ei bygd med litt over 300 innbyggjarar. Kontrasten til millionbyen Buenos Aires er stor, både når det gjeld klima og kultur.

– I Latin-Amerika nyttar eg av og til berre mellomnamnet mitt Matias, for då slepp eg at folk forvekslar Sondre med Sandra, fortel 24-åringen med eit smil. Foto: Åsmund H. Eikenes.
– I Latin-Amerika nyttar eg av og til berre mellomnamnet mitt Matias, for då slepp eg at folk forvekslar Sondre med Sandra, fortel 24-åringen med eit smil. Foto: Åsmund H. Eikenes.

Ambassadeliv

Før jul var Nave på utveksling i Buenos Aires, og om ei veke reiser han tilbake til Latin-Amerika, til seks månader som studentpraktikant ved den norske ambassaden i Argentina.

– Eg ville tilbake til Buenos Aires. Å få jobbe som studentpraktikant ved ambassaden er ein veldig interessant moglegheit som gir meg relevant arbeidserfaring, og ikkje minst håpar eg at det vert gøy, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Som studentpraktikant skal han utføre både praktiske oppgåver og bidra til det politiske arbeidet. Stillinga inneber ansvar i resepsjonen og deltaking på møter. Nave ser fram til utfordringane, med eit lite unntak.

– Eg er litt spent på å snakke spansk på telefon. Eg snakka stort sett med unge folk då eg budde der i haust, så eg trur nok at eg må luke ut nokre uformelle ord frå spansken min, ler han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les om praktikantordninga her

Saken fortsetter under bildet

Luxor er av dei mest kjende gateartistane i Buenos Aires, og har laga over 400 kunstverk. Foto: Petter Bergundhaugen.
Luxor er av dei mest kjende gateartistane i Buenos Aires, og har laga over 400 kunstverk. Foto: Petter Bergundhaugen.

Tango, kunst og rock

Mange assosierer Argentina med tango, særleg den karakteristiske musikken, dei stilfulle kleda og dei rolege, men kraftfulle, rørslene.

– Eg tvilar på at eg må lære å danse tango på ambassaden, men har hatt lyst til å melde meg på kurs, fortel Nave, og forklarar at Argentina har eit mykje meir allsidig kulturliv enn berre tango.

– Under den store økonomiske krisa i 2001 gjekk designarar og kunstnarar ut på gata for å lage politisk gatekunst. Dette gjer at Buenos Aires både er full av praktbygg frå gamal storheitstid, og samtidig har gater fulle av tagging og moderne kunstverk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Argentina har også eit yrande rockemiljø, og mange inspirasjonar frå Europa.

– Det finst også melankolske latinos, seier Nave.

Les også: Hit bør alle som elsker biff reise

Saken fortsetter under bildet

Martin Ron er ein av Argentinas mest kjende gatekunstnarar. Foto: Petter Bergundhaugen
Martin Ron er ein av Argentinas mest kjende gatekunstnarar. Foto: Petter Bergundhaugen

Frivillig arbeid mot korrupsjon

Nave studerer til ein bachelorgrad i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Førre semester lærte han samfunnsfag, språk og historie ved eit privat universitet i hovudstaden i Argentina. Timeplanen gav også tid til å utforske argentinsk kultur og geografi, og til å engasjere seg for lokalsamfunnet.

Fritida nytta han mellom anna til å vere frivillig i organisasjonen Transparency International, i Buenos Aires kalla Poder Ciudadano. Organisasjonen arbeider for å motverke korrupsjon blant politikarar og offentlege tilsette, mellom anna ved å gjere folk merksame på misbruk av offentlege ressursar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi som var frivillige fann fram telefonnummer, laga materiale til Facebook-kampanjar og las aviser for å samle dokumentasjon om korrupsjon i lokalsamfunnet, fortel Nave.

Han vart overraska over kor mange politimenn og politikarar i Argentina som var korrupte.

– Eg fekk sjå kor gjennomsyra landet er av korrupsjon, maktmisbruk og praksisar i gråsona, seier han.

Les også: Kjenn naturkreftene dra deg mot djevelens svelg

Engasjement

Nave fortel at argentinarane er engasjerte folk som gjerne tek kjenslene sine med ut på gata.

– Kva fredag gjekk eg forbi demonstrasjonar på Maiplassen, rett framføre presidentpalasset. Der var det mykje engasjement og folk hadde ofte gode grunnar til å protestere.

Inflasjonen i Argentina er på 40 prosent, og landet har stor gjeld.

– Det er mange som lir under reformane, fortel vestlendingen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Saken fortsetter under bildet

Kunstnarduoen Primo har laga dette kunstverket i Buenos Aires. Foto: Petter Bergundhaugen.
Kunstnarduoen Primo har laga dette kunstverket i Buenos Aires. Foto: Petter Bergundhaugen.

Kulturkrasj

Over ein tredjedel av born og unge i Buenos Aires lev i fattigdom, og landet har store kontrastar.

– Eg møtte mange som liknar oss nordmenn, som snakkar godt engelsk og som har reist rundt i verda. Samstundes møter ein jo også folk som kjem frå heilt andre kår. Det gir eit kulturkrasj, og eg får vel også litt dårleg samvit for globaliseringa som har bidrege til dette.

Latin-Amerika satsar på fornybar energi, men på den lange lista over utfordringar for regionen, forstår Nave at det er andre utfordringar som vert prioritert.

– Det er store kontrastar. I Venezuela er det store konfliktar og folket i Paraguay er svært fattige, medan Chile gjer det bra økonomisk og Colombia ventar på ein varig fredsavtale, fortel han.

Les Daniel Schmidt sitt reisebrev frå Colombia

Saken er først publisert på Framtida.no