Kina bremsar CO2-utslepp

At Kina kuttar i kol og satsar på fornybar energi har ein merkbar effekt på dei globale karbonutsleppa. Foto: Peter Kujundzic/Reuters/NTB Scanpix
At Kina kuttar i kol og satsar på fornybar energi har ein merkbar effekt på dei globale karbonutsleppa. Foto: Peter Kujundzic/Reuters/NTB Scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

For tredje året på rad flatar dei globale CO2-utsleppa ut. Men er det nok?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei globale CO2-utsleppa frå fossile brennstoff og industri held fram med å flate ut. Det viser den årlege rapporten frå The Carbon Project.

Målet er å halde seg innanfor karbonbudsjettet, som seier at me ikkje kan sleppa ut meir enn 1000 milliardar tonn CO2 fram til år 2100. Det er ifølgje FNs klimapanel vår einaste sjanse til å nå målet om å avgrensa global oppvarming til to grader celsius.

Les også: Utslipp av superkraftige klimagasser skal kuttes

Fornybar energi i Kina

2016 er tredje året på rad at utsleppa har auka lite. I 2014 og 2015 var CO2-utsleppa frå industri og fossile brennstoff 36,3 milliardar tonn.

I 2016 ser det ut til at desse utsleppa vil auke med 0,2 prosent til 36,4 milliardar tonn.

Til samanlikning auka desse utsleppa med 2,3 prosent årleg i perioden 2004-2013, før det fall med 0,7 prosent i 2014.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

På same tid som CO2-utsleppa flatar ut, auka den globale økonomien med 3 prosent.

Kina får mykje av æra for å ha bremsa utviklinga. Etter å ha auka utsleppa sine med om lag 5 prosent årleg, har landet klart å kutta utsleppa både i 2015 og 2016.

Endringane vert forklart med mindre etterspurnad etter stål, men òg ein auka innsats på fornybar energi.

USA har òg hatt ei merkbar satsing på energieffektivisering.

Les også:

Fryktar for klimapolitikken med president Donald Trump

MDG: – Ny konsesjonsrunde for oljeleting er uansvarlig

Stor klimauro på Stortinget etter Trumps seier