Ringerike tilbyr Trump-motstandere en trygg havn

IDYLL: Her, på Ringerike, skal amerikanere lokkes til å finne roen.
IDYLL: Her, på Ringerike, skal amerikanere lokkes til å finne roen. Foto: emigrateme.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gratis helseteneste, skule, natur og likeverd skal lokke amerikanarar til Hønefoss og omegn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Vi tilbyr akutt hjelp til etterkomarar av emigrerte nordmenn, og andre amerikanarar, som vurderer ein ny start utanlands», står det på nettstaden emigrateme.com.

Ringerike Recovery Program er eit tilbod til amerikanarar som vil flytte frå Donald Trump.

– Vi har plass til 50.000, minst!, skriv Pelle Gangeskar (biletet) i Ringerike utvikling i ein epost til Framtida.no.

Amerikanarane skal få hjelp i form av «Larshall plan», «Kjellp» og «Per Care», inspirert av «Marshallhjelpa», USA sitt bidrag til å få Europa på rett kjøl etter andre verdskrigen.

Klare for stor pågang

Gangeskar fortel at det er selskapet Ringerike utvikling som står bak stuntet, og målet er å bidra til økt verdiskaping i kommunane Hole, Jevnaker og Ringerike.

– Vi starta med utforming kl 19.00 onsdag kveld, og nettsida var operativ 11.00 neste føremiddag. Canada sine immigrasjonssider kræsja, men Ringerike sine fungerer!, skriv han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter at dei lanserte kampanjen er det fleire som har teke kontakt, seier Gangeskar.

– Om lag 15 amerikanske familiar har kontakta oss, og vi er klare for å handtere økt pågang gjennom helga. Vi har kopla fleire høgt utdanna personar med lokale arbeidsgivarar, og informert om moglegheiter.

LES OGSÅ: Aukande rasisme få dagar etter Trump sin siger

Cher og Miley Cyrus

Ringerike er rigga for vekst, meiner Gangeskar.

– Vi har plass til alle som vil bidra, anten dei er amerikanarar eller andre.

Oppfordringa om å flytte til Ringerike har gått til Miley Cyrus, Bryan Cranston, Cher, Samuel L. Jackson og Jon Stewart, ifølgje nettsida.

– Det viktige er kven du er, ikkje kvar du er frå, understrekar Gangeskar.

LES OGSÅ: – Veljarane anar ikkje kva dei snakkar om

Denne saka blei først publisert hjå Framtida.no