Rekordlåg valdeltaking sikra Trump sigeren

Donald Trump og Hillary Clinton har ført ein skitten valkamp. Foto: AFP/Mandel Ngan/Brendan Smialowski/NTB Scanpix
Donald Trump og Hillary Clinton har ført ein skitten valkamp. Foto: AFP/Mandel Ngan/Brendan Smialowski/NTB Scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

Under halvparten av amerikanarar over 18 år stemte ved valet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne veka vart heile verda sjokka over at Trump vann valet i USA. Blant ekspertkommentatorane er det ei blanding av katastrofespådommar og versjonar av «no må vi stå saman».

Folk leitar etter svar på kvifor Clinton tapte, og kva gale som kan skje med Trump som president.

Eitt svar kjem frå oversikten over valdeltakinga. I 2016 har 10 millionar færre amerikanarar stemt, samanlikna med rekordåret 2008.

Artikkelen fortsetter under bildet.

– I ein kvar valkamp er det viktig å mobilisere velgarar, seier Gunnar Grendstad, professor ved Universitetet i Bergen.

Han skildrar valet for åtte år sidan som eit stort mobiliseringsval. I 2008 klarte Barack Obama å mobilisere til ei rekordhøg valdeltaking. «Yes we can,» vart eit slagord for ein heil nasjon, og ein ny generasjon veljarar gav Obama ein overlegen siger over republikanske John McCain.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Mobiliseringa hadde ikkje same effekt i 2012, då Obama var attvald, men deltakinga var likevel høg. Clinton fekk ikkje til det same som Obama gjorde, understrekar Grendstad.

Les også: Den norske eksperten som fikk rett

Rekordlåg valdeltaking

Valdeltakinga for presidentvalet i år er på 48,6 prosent, nesten ti prosent lågare enn for åtte år sidan. Sidan 1924 har valdeltakinga berre vore under 50 prosent éin gong, det var i 1996 då Bill Clinton fekk sin andre presidentperiode etter å ha vunne over republikanske Bob Dole. Av 245 millionar amerikanarar over 18 år, var det berre 119 millionar som stemte ved årets val.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Grendstad peikar på den skitne valkampen som ein av faktorane til at 126 millionar amerikanarar ikkje deltok i valet i år.

– Eg trur mange amerikanarar dette året er leie av politikk, at dei er «fed up» og har latt vere å stemme.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han trur ikkje nødvendigvis at resultatet hadde vorte annleis dersom Bernie Sanders hadde vore demokratane sin kandidat.

– Dette var året då republikanarane skulle ta over, etter åtte år med demokratisk president, seier Grendstad.

Les også: Trumps plan for de første 100 dagene som president

Eit delt USA

Frå målingar etter valet er det tydeleg at USA er delt mellom menn og kvinner, kvite og ikkje-kvite, høgt utdanna og dei utan utdanning.

Grafen under viser endringane i stemmegiving mellom 2012 og 2016, frå The Telegraph.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Clinton, med slagordet «stronger together», klarte ikkje å mobilisere veljarar, særleg kvinner og latinamerikanarar. Trump-kampanjen fekk færre stemmer enn dei to førre presidentkandidatane frå det Republikanske partiet.

Trass i at Clinton fekk flest stemmer, var det Trump som vann flest valmenn fordelt på dei 50 statane, og difor sit Trump att som vinnaren, den neste presidenten i USA.

Les også:

Unge stemte på Clinton, kvite stemte på Trump

Hillary har en siste sjanse

Hillary Clintons historiske nedtur