Vil gi bøter til mobbe-skular

Artikkelen fortsetter under annonsen

Margit Kristine Axelsen (19) måtte byta skule etter fleire år med mobbing. Ho håpar dei nye mobbetiltaka til regjeringa vil virka.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kunnskapsministeren la måndag fram nye tiltak mot mobbing.

– Mange barn blir mobba kvar dag. Det er forferdeleg vondt for det enkelte barnet, og det er òg eit alvorleg samfunnsproblem. I tråd med tilrådinga frå Djupedalutvalget vil me difor innføra ei aktivitetsplikt for skulane som gjer at dei kan handla raskt og effektivt når dei oppdagar mobbing. Ingen skal kunna snu seg vekk, seia at dei ikkje visste eller la vera å gripa inn, seier Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

I tillegg til mobbebøter vil regjeringa òg greia ut om det skal bli lettare å sparka rektorar som over tid ikkje handterer mobbesaker godt nok.

Les også: Denne filmen fekk læraren til å grina

Måtte skifta skule

Margit Kristine Axelsen (19) opplevde fleire år med mobbing på barne- og ungdomsskulen, og måtte til slutt skifta skule på grunn av at mobbinga ikkje tok slutt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2014 fortalde ho den tøffe historia si i ein VGTV-dokumentar , og i fjor blei ho kåra til Årets forbilde i programmet «Norske helter».

Ho håpar bøter kan vera eit verkemiddel mot skular som ikkje grip inn mot mobbing.

– Eg opplevde at skulen ikkje hjelpte meg. Eg håpar desse tiltaka vil hjelpa, seier Axelsen til Framtida.no.

Kommentar: «Er mobbeproblemet oppblåst?»

Må framleis klaga til fylkesmannen

Ifølgje Kunnskapsdepartementet blir 32.000 elevar mobba to eller fleire gonger i løpet av ein månad, men berre ein brøkdel klagar til fylkesmennene. Regjeringa føreslår no at skulane skal ha plikt til å fortelja om kva rettar elevar og foreldre har til å klaga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Regjeringa vil gjera det mogleg å klaga rett til fylkesmannen utan å senda klagen til skulen først, og fylkesmennene skal få meir ressurser for å løysa denne oppgåva.

Djupedalutvalet har tidlegare føreslått at Barneombodet får ansvaret for klagesakene.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Margit Kristine Axelsen, som no går førsteåret på psykologi i Bergen, kunne òg helst tenkt seg at det blei ei ny klageordning.

– Det blir spennande å sjå korleis det no slår ut. Ein veit ikkje korleis forslaget til regjeringa slår ut før ein har sett det i praksis, seier ho.

Barneombodet vaktbikkje

Regjeringa føreslår òg at Barneombodet skal styrkjast for å kunna vera borna sine vaktbikkje, og for å hjelpa barn og foreldre i kompliserte saker. Barneombodet skal enno vera eit uavhengig ombod for alle barn, men setjast betre i stand til å yta bistand.

– Me ser fram til å bli barnas advokat i mobbbesaker, og vil følgja Fylkesmannens vidare arbeid mot mobbing med argusauge, skriv Barneombodet på Twitter.

Les også: Over 60.000 blir nettmobba

Sjå oversikten over mobbepolitikken til regjeringa