15-åring vil saksøke Obama

15 år gamle Xiuhtezcatl Tonatiuh går i spissen for at Barack Obama skal stå til rette for handlingslamminga overfor klimaendringane. Foto: Facebook/Earth Guardians Tribe
15 år gamle Xiuhtezcatl Tonatiuh går i spissen for at Barack Obama skal stå til rette for handlingslamminga overfor klimaendringane. Foto: Facebook/Earth Guardians Tribe
Artikkelen fortsetter under annonsen

Saman med over 20 andre mellom 8 og 19 år, går Xiuhtezcatl Tonatiuh (15) rettens veg for å sikre framtida si.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Onsdag morgon møtte 21 barn og unge mellom 8 og 19 år opp i ein rettsal i Oregon, USA. Dei 21 saksøker den amerikanske regjeringa og president Barack Obama for å unnlate å handle raskt nok til å hindre farlege klimaendringar.

Framtida saksøkjer fortida, skriv CNN om søksmålet.

– Min generasjon kjem til å arve den krisa vi ser rundt oss allereie i dag. Vi gjer ikkje dette berre for miljøet, jordkloden og atmosfæren, men også for vår rett til å leve i ei sunn, rettferdig og berekraftig verd, sa Xiuhtezcatl Tonatiuh (15) til ei folkemengd som samla seg utanfor rettsalen, ifølgje CNN.

Les også: Forskarar halverer karbonbudsjettet

Grunnlag for søksmål

Klimasøksmålet, som var til høyring onsdag, er ein del av kampanjen Our Children’s Trust. Organisasjonen er mellom anna støtta av tidlegare NASA-forskar James Hansen, som i fjor sendte eit brev til statsminister Erna Solberg. Der skreiv han at dersom Noreg ikkje snur oljepolitikken og let planar om stortstilt oljeutvinning i Arktis liggje, vil han bistå i eit planlagt søksmål mot regjeringa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bak planane om søksmålet her til lands, står mellom andre leiar i Greenpeace Noreg, Truls Gulowsen, høgsterettsadvokat Pål W. Lorentzen og styreleiar i Foreningen Grunnloven §112, Aleksander Melli.

Ifølgje Grunnlova har vi rett til eit helsesamt miljø, og ein natur der produksjonsevne og mangfaldet vert halde ved lag. Ein kan dermed saksøkje staten for ikkje å ta i vare vår rett til eit leveleg klima, meiner desse.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Framtida.no sitt intervju med Pål W. Lorentzen om § 112

(Saken fortsetter under)

Statsminister Erna Solberg (H) kan risikere å motta et søksmål dersom Norge ikke snur i sin oljepolitikk og lar planene om oljeutvinning i Arktis ligge på is. Foto: NTB scanpix
Statsminister Erna Solberg (H) kan risikere å motta et søksmål dersom Norge ikke snur i sin oljepolitikk og lar planene om oljeutvinning i Arktis ligge på is. Foto: NTB scanpix

Til sak mot oljeboring i Arktis

Foreininga jobbar no med å leggje til rette for å føre sak mot oljeboring i Arktis. Medan det norske søksmålet endå er under planlegging, har altså amerikanske barn og ungdomar byrja på rettsprosessen.

Dei saksøker ei rekkje personar og institusjonar. Blant desse er president Obama, fleire offentlege institusjonar, og leiarane for nokre av desse institusjonane.

Gruppa ber om at retten beordar amerikanske styresmakter til å lage ein plan for å kjempe mot katastrofale klimaendringar, og slutte å bidra til problemet.

Sjå alle saksøkjarane her.

Les også: Vil vekkje miljøparagrafen til live

Saken ble opprinnelig publisert på Framtida.no