Overgriparen skulle ikkje få skade fleire

– Det er så viktig at du forstår to ting. For det første – eg veit at du føler deg åleine, men det er du ikkje. For det andre, du er normal. Det vil Anett Berntsberg Eck fortelja deg. Foto: Tora Hope
– Det er så viktig at du forstår to ting. For det første – eg veit at du føler deg åleine, men det er du ikkje. For det andre, du er normal. Det vil Anett Berntsberg Eck fortelja deg. Foto: Tora Hope
Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du eller nokon du kjenner opplevd seksuelle overgrep? Annett Berntsberg Eck har ei viktig melding til deg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det handlar om seksuelle overgrep.

Annett Berntsberg Eck har ei viktig melding til deg som har opplevd noko vondt. Du som har ei vond kjensle i magen og ei hemmelegheit du ikkje kan fortelje til nokon:

– Det er så viktig at du forstår to ting. For det første – eg veit at du føler deg åleine, men det er du ikkje. For det andre, du er normal. Alle dei tinga du gjer som verkar rare fordi venene dine ikkje reagerer slik, dei gjer du fordi nokon andre har gjort noko mot deg.

Om ho ikkje hadde vorte stempla som gal, hadde Annett ropt dette ut på Karl Johan med ropert.

Statistikken er ikkje oppløftande: Ni av ti jenter har opplevd overgrep

Ei dårleg hemmelegheit

Annett hadde ei slik hemmelegheit som gir ein vondt i magen. Då ho var seks år vart ho valdteken av ein nabomann. Etter å ha vore taus i 35 år melde ho overgriparen til politiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då var saka forelda, men Annett hadde fått blod på tann. Overgriparen skulle ikkje få skade fleire.

No finst ikkje lova om forelding av overgrepssaker lenger. Overgriparen sit fengsla.

Og Annett har gått frå å vere taus til å snakke om overgrepet i riksdekkjande aviser og på God morgen Norge.

Denne hausten kom forteljinga hennar i bokform. Jakten på en overgriperer ført i pennen av journalist Therese Ridar.

Kva er eit overgrep?

Sidan Annett fortalde om valdtekta, har mange teke kontakt og fortalt sine eigne historier. Det har overtydd henne om at kjepphesten hennar, openheit, er viktig:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi må ha større openheit om seksuelle overgrep. Det må bli heilt legitimt å snakke om. Særleg må vaksne ta mykje større ansvar for å snakke med barna sine om kva som er gode og vonde kjensler og riktig og feil måte å ta og bli tatt på av andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Annett har mange døme på at folk er usikre på om det dei har opplevd er eit overgrep.

Her er to av dei:

Ei jente på under 16 år kontaktar Annett på MSN Messenger. Ho har vore ute med nokre venninner, drukke ei øl og flørta litt med ein eldre mann. Mannen og vennene hans vert fullare og situasjonen vert ubehageleg. Jentene tek på seg ytterkleda og skal til å gå. Mannen pressar jenta inn i eit hjørne, stikk handa mellom beina på henne, under skjørtet, strømpebuksa og trusa. No lurer jenta på om ho kan melde mannen til politiet. Ho flørta jo med han…

Ein pappa med ein 13 år gamal son kontaktar Annett. Guten er keeper på fotballaget, og bruker susp. Ein dag har trenaren bedt guten bli med på toalettet i garderoben. Trettenåringen må skylle og tørke suspen før han tek den på, seier trenaren. Guten gjer det, og tek på seg suspen inne på toalettet, medan trenaren framleis er i rommet. Trenaren seier han må sjekke om suspen sit riktig på. Han tek suspen, og gutens penis, i handa. Seinare fortel guten kva som har skjedd til pappaen sin, som kontaktar Annett med spørsmålet: skal eg gå vidare med dette?

Annett ser på meg med oppsperra augo, blonde krøller i ei slags sky rundt hovudet, og handflatene vendt oppover.

– Kan du tenkje deg, spør ho.

Ho ser ut som spørsmåls- og utropsteiknet i eigen person.

– Ja, dei skal begge gå vidare med det. Nei, det har ingenting å seie om ein har flørta eller ikkje. Vi er så innmari redde for å gå vidare med ting, og vi vektar heile tida kva som er alvorleg nok. Det er så farleg, ikkje berre fordi offeret kanskje aldri får hjelp, men også fordi overgriparen kan sleppe unna med å «berre tafse litt».

«Ikkje avvis barna»

Det er barna og ungdommane Annett er oppteken av. Ho fortel om jobben som føredragshaldar for konfirmantar gjennom Human-Etisk Forbund.

Der syner ho dei bilete av seg sjølv som seksåring og spør kva dei tenkjer om det som skjedde henne.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle spørsmål er lov å stille. Alle ord er lov til å bruke.

Kvar gong opnar gruppene seg etter kvart, fortel ho. Og kvar gong ser ho dei – dei to eller tre i kvar gruppe som burde ha blitt sett eller høyrt.

Ofte er det nettopp desse som blir att litt etterpå, når dei andre konfirmantane går sin veg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Annett lener seg over bordet. Det ser ut som ho er like ved å gripe tak i meg:

– Det er så innmari viktig at dei vaksne ikkje avviser barna eller ungdommane når dei fortel kva dei har opplevd, seier ho.

Berre dei vaksne kan lage rom

Annett veit kva ho snakkar om. Overgriparen truga henne så ho ikkje våga fortelje foreldra om overgrepet. Då ho endeleg hadde samla mot, 14-15 år gamal, følgde ikkje foreldra opp.

Dei tok eit oppgjer med familievenen som stod bak overgrepet, men dei melde han aldri.

Annett og mora har aldri hatt ein samtale, berre dei to, om det som skjedde.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heller ikkje dei andre to kvinnene som melde den same mannen for overgrep, opplevde at foreldra følgde opp.

– Barn og ungdom som opplever eit overgrep må snakke med ein vaksen. Men det avgjerande er at vaksne torer å ta imot barnet. Det er like viktig å lære barna å beskytte seg mot uønskte tilnærmingar, som å kle seg godt når det er kaldt eller sjå seg føre i trafikken. Alt handlar om at barna skal lære å beskytte seg mot farar.

Og viss ikkje dei vaksne snakkar, har ikkje barnet ein sjanse, seier Annett. Då tenkjer ho ikkje berre på den dagen barnet fortel om overgrepet.

– Oppfølging i ettertid er svært viktig. Det er då openheita må verte etablert, og då ein skal byrje å arbeide med seg sjølv.

Det seier seg sjølv at det ikkje er bra å tie, meiner Annett. Sjølv har ho slite i mange år med sjølvskading og eteforstyrringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Etterdønningar, kallar ho det.

Vaksne plar spørje Annett om kva tid dei skal spørje om noko er gale. Er ei kjensle av at noko ikkje stemmer heilt nok?

– Ja, ei kjensle er nok og då skal den vaksne spørje og agere. Her vil eg påpeike kor mykje det kan ha å seie dersom barnet allereie har lært om gode og vonde tilnærmingar, strekar ho under.

– Då er det nemleg større mogelegheit for at barnet sjølv fortel om overgrepet.

Les også: Redd Barna og Barneombodet vil avskamma seksuelle overgrep