– Kva slags kjønn er eg?

Kristin Fridtun har vurdert å leggja til namnet Åsmund, men likar ikkje tanken på å hinta om at det finst fleire personar.
Kristin Fridtun har vurdert å leggja til namnet Åsmund, men likar ikkje tanken på å hinta om at det finst fleire personar.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattar og transperson Kristin Fridtun trur det er enklare å vera transmann enn transkvinne.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ofte litt ordlaust, men eg forstår at no er det noko dei ikkje får til å passa her. Det mest klassiske eksempelet er dametoalettet og damegarderobe. I garderobe går det kjempefint så lenge eg ikkje har på meg klede, og på toalett kan eg bli litt paranoid, forklarar Kristin Fridtun.

Forfattaren og norrønfilologen spøkar lett med at hen endeleg har skrive noko som er litt i tida. Sisteboka «Kjønn og ukjønn» er fleire ordhistoriske essay over opphavet og bruken til eit av våre mest brukte, men ikkje heilt uproblematiske ord.

Tredjeboka er både den vanskelegaste og viktigaste Kristin Fridtun har skrive til no.

LES OGSÅ: – Eg tenkjer på Ivar Aasen kvar dag

Ikkje jente, ikkje gut

Den omvendte bokmålsbrukaren Kristin Fridtun er over gjennomsnittet glad i Ivar Aasen. Det er difor ikkje rart at det var eit tilfeldig oppslag i Norsk Ordbog, som kasta hen inn i ein ny runde med ordet kjønn. Ein liten merknad om at ordet kjønn var lite i bruk inspirerte Kristin til å granska ordet hen hadde stridast med i mange år.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg har lurt litt på: «Er eg eit kjønn?» eller «Kva slags kjønn er eg?» Eg tenkte at det må gå an å kombinera mitt skeive liv og dette ordet som alle bruker mykje, men ingen veit så mykje om, forklarar den språkkunnige 27-åringen.

Hen har mørk skjorte, kortklipt hår og briller. Det har skjedd at Kristin har måtte visa legitimasjon når hen kjøper øl, for så å få kommentaren: «Jammen, dette er jo kortet til ei dame».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– I barndommen skjøna eg at det var noko som var feil, men eg skjøna ikkje heilt kva det var. Eg trudde jo at anten så er du gut, eller så er du jente. Det gjekk ikkje an å vera begge. Så eg tenkte: «Okay, eg er tydelegvis ikkje jente, men eg er ikkje gut heller. Eg har lyst til å sjå ut som ein gut, men eg er det ikkje og har ikkje noko behov for å vera det. Håpar det går over», småler Kristin, og legg til:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Men det gjorde det jo ikkje.

LES OGSÅ: Transformatoren

Lesbisk lette

Kristin hadde langt hår i hestehale heile oppveksten. Den forsvann først i russetida – og håret har berre vorte kortare sida.

Det einaste verkeleg feminine plagget Kristin eig i dag er ein bunad, som hen kjenner seg fin og komfortabel i. Elles var det klede frå guteavdelinga som gjaldt heile vegen.

Då hen var yngre og dei tøffe gutane kommenterte, visste ikkje Kristin heilt kva hen skulle seie. Hen forstod det jo ikkje sjølv. Trans var aldri eit tema i skulegongen i Østerdalen.

I førsteklasse på vidaregåande kom Kristin ut av skåpet som homofil.

– Det som er artig er at då eg kom ut som skåpet var det ikkje noko mystisk lenger: «Lesbe, ja? Då er det greitt. Då skjønar me. Difor er du gutete.» Eg visste jo at det var feil. Det fins mange feminine lesber. Men eg tenkte: «Ja, ja, då får eg vera i fred då». Så det var frigjerande på ein måte, seier Kristin.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre transtips

Det skulle gå nesten ti år frå Kristin stod fram som homofil før hen fann fram til merkelappen transperson.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg er ikkje kroppsfornektar, som eg brukar å seia. Eg nektar ikkje for at det er forskjell på om du er fødd med XX eller XY. Det er det jo. Men det er ikkje slik at det er vanskeleg å vera saman med ein person som verken er tydeleg mann eller kvinne. Det er ikkje farleg, smilar Kristin, som sjølv er godt gift.

I møte med transmiljøet lærte Kristin meir om korleis ein skal te seg i møte med transpersonar. Første bod er å aldri spørje om kroppslege ting, med mindre personen vil prata om det.

Er ein usikker på korleis personen vil verte omtala er det enklaste å spørje. Det er lov å trø feil, berre ein gjer så godt ein kan. Kristin set pris på at folk brukar hen, men tykkjer sjølv ordet fungerer betre i skrift enn i tale.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Til sist bør ein unngå å kommentera i kor stor grad personen har lukkast med sitt kvinnelege eller mannlege uttrykk.

Kristin Åsmund

– Folk som forskar på forskjellar mellom kvinner og menn seier gjerne at menn er flinkare til det og kvinner i snitt er flinkare til det. Men det er meir som er felles, enn det som er ulikt. Me er jo ein art. Eg trur kanskje me bles opp desse forskjellane, seier Kristin, som ser at marknadskreftene har særleg interesse av å selja oss rosa og blå leiker.

– Eg trur me vert lært opp meir til å tenkja i kategoriar enn det som er godt for oss. Me har laga eit kart som er ganske mykje enklare enn terrenget, der mange ikkje passar inn. Eg tykkjer det er artig at eg har ein naturleg, uredigert kvinnekropp. Eg brukar verken sminke eller hormon. Likevel kan eg stå med eggstokkar, østrogen og puppar å verte omtalt som han. Har du herreskjorte og kort hår, då er du mann.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Har du vurdert å endra namn til noko som passar betre med utsjånaden din?

Kristin ler litt:

– Eg lurt litt på det, men eg likar namnet mitt veldig godt. Eg vurderte ein gang å ta to, litt ala: Esben Esther, Sara Mats eller John Jeanette. Litt for å «make a statement». Men eg veit ikkje heilt, for då ymtar eg jo om at det fins to. Så det eg burde gjort er å ha noko som er kjønnsnøytralt, men då må eg jo byta namn. Kanskje eg gjer det ein vakker dag.

Kjønnskampen

I fjor vart transpersonar inkludert i den nye diskrimineringslova.

No ser det òg ut til å endeleg verte ein siger i den kanskje viktigaste transkampen – retten til å endra juridisk kjønn utan å verte kastrert.

I april kom rapporten «Rett til rett kjønn – helse til alle kjønn», som slår fast at kastrering av transpersonar strir mot menneskerettane. Utvalet foreslår at endring av kjønn skal vere valfritt utan krav til særskilte inngrep.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Òg Amnesty International har kritisert den norske praksisen og helseminister Bent Høie (H) har kalla dagens ordning uakseptabel.

– No må du til psykolog og få ein diagnose for å få fjerna reproduktive organ for å få skifta kjønn juridisk. No er det endeleg kome gjennom at dette så å seie er tortur, seier Kristin, som meiner at neste steg vert å oppretta ein tredje kjønnskategori som er så open at ingen kjenner at det ikkje er plass til dei.

Kristin vert litt brydd når hen skal bestilla flybillett og må kryssa av for kjønn, men i det daglege er det ein anna ting som skapar meir trøbbel.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det som gjev meg mest kvalar er faktisk det å gå på offentlege toalettet. Då må eg stålsetta meg. Eg kunne jo gått på herredoen, men eg vil jo ikkje det heller. Då gjev eg på ein måte etter.

Å kle seg oppover

Sjølv om hen ikkje har så lang fartstid i det norske transmiljøet har Kristin gjort seg opp enkelte generelle inntrykk. Hen er til dømes ganske viss på at hen har ein lettare veg enn transkvinner.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er framleis slik, anten me vil eller ikkje, at det mannlege er standarden og det dominerande kjønnet. Ein mann-til-kvinne transseksuell kler seg nedover i hierarkiet. Eg er ganske sikker på at det er vanskelegare å gå frå mann til kvinne, enn kvinne til mann, seier Kristin.

Hen viser til at det ofte er overvekt av transmenn på Skeiv ungdom sine leirar og meiner denne gruppa òg ser ut til å oppleve mindre hets, enn transkvinner.

Språktrøbbel

Men attende til språket – Kristin sitt ekspertfelt.

– Eg driver og testar ut hen og er stort sett nøgd med det, så du må gjerne bruke hen. Eg tykkjer det er litt uvant, men det handlar om at eg stort sett har vorte kalla hu heile livet. Eg tykkjer òg det fungerer betre i skrift enn i tale, medgjev Kristin, som i likskap med mange andre støyter på hinder i språket.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er veldig vanskeleg. Eg merkar det sjølv. Berre ein skal snakka om kjønn så dett språket heilt frå kvarandre. Det er ganske vrient. Kjønn er så mykje, jamfør at me kan putte kjønn framføre alt frå noko så konkret som -organ, til abstrakte -identitet og -perspektiv. Det er ein graut altså – og når ein skal prøva å setta ord på det, så får ein jo ikkje fanga opp alt, avsluttar Kristin.