Korleis er det å vere «halfie» i Sør-Korea?
Becky White samlar historier frå halvt koreanske. Les mer Lukk
– Det var alle blikka på gata, alle dei små kommentarane. Eg innsåg at eg blei kritisert fordi eg var halvt koreansk og ikkje blei sett på som ein del av «vi»-et i Sør-Korea. Eg kjente meg skikkeleg framandgjort.
Framtida møter Becky White på ein kafé i Seoul ein januarmorgon. Modellen og skodespelaren er i den sørkoreanske hovudstaden for eit jobboppdrag før ho flyg tilbake til New York. Med ein amerikansk far og ei koreansk mor er ho vand med å reise mellom dei to landa. Ho er også vand med at andre behandlar ho annleis fordi ho er halvt koreansk.
For sju år sidan la Becky ut sin første YouTube-video. Ho budde i Seoul og hadde landa draumejobben. Men samtidig var det den verste tida i livet hennar. For som halvt koreansk blei ho dagleg behandla som ein utanforståande.
Opplevinga blei startskottet for The Halfie Project, eit prosjekt som samlar historiene til halvt koreanske rundt om i verda gjennom fotojournalistikk, intervju, tekstar og podkastepisodar.
Følte ho var annleis
Då Becky flytta til Sør-Korea for å gå på universitetet, følte ho seg ofte utanfor, då nesten alle studentane rundt ho var koreanske.
– Eit eksempel var det daglege oppropet før undervisninga starta. Læraren gjekk gjennom lista, og det var vanlege koreanske namn: «Kim», «Park», «Lee» – og så plutseleg «White Rebecca Rose?». Alle hovuda i klassen snudde seg mot meg, seier Becky.
På universitetet hamna ho mellom to grupper, dei koreanske studentane og dei internasjonale studentane. Dei koreanske studentane meinte ho heller burde vere med dei internasjonale.
– Men mange av dei internasjonale studentane hadde aldri vore i Sør-Korea før, dei snakka ikkje språket og hadde ikkje familie her, slik som eg, fortel ho.
Det var ei einsam tid, og gjentatte gonger blei ho møtt av koreanarar på den same måten.
– Først såg dei på meg. Så såg dei på meg ein gong til. Deretter snakka dei forsiktig til meg, eller dei snakka til meg på engelsk. Og sjølv om eg svara på koreansk, ignorerte dei det og svara på engelsk. Eg var konstant frustrert og tenkte: «Kva meir må eg gjere for å vise dykk? Utsjånaden min hindrar dykk frå å sjå kven eg er!»
Etter studia fekk ho draumejobben i eit berømt firma i Seoul. Men også der blei ho diskriminert. Den vanskelege jobbsituasjonen kom på toppen av den daglege kampen for å passe inn.
Becky pleidde å komme til kontoret ein time eller to før kollegaene sine for å førebu seg til arbeidsdagen. Ein morgon sat ho åleine i mørkeret.
– Namnet berre kom til meg. The Halfie Project. Eg laga logoen på Photoshop der og då, og eg hugsar eg tenkte «Det må vere nokon der ute som kjenner det på same måte». Det var eit lys av inspirasjon som kom ut av den djupe einsemda mi, fortel ho.
Becky begynte å spørje folk på gata, som ho syntest såg halvt koreanske ut, om ho kunne intervjue dei om deira erfaringar. 128 videoar og 27 000 følgarar seinare har prosjektet vakse seg til eit nettsamfunn som utforskar det å vere halvt koreansk.
«Halfies» møter både negative og positive stereotypiar
Etter å ha snakka med mange halvt koreanske, veit Becky mykje om korleis det koreanske samfunnet kan opplevast for dei som er «halfie».
– Stereotypiane varierer, for eksempel om du er første generasjon, eller om det er far eller mor di som er koreansk. Nokon av stereotypiane er at halvt koreanske er barn fødde av prostituerte, eller at mødrene deira har svikta Sør-Korea. Eg har sjølv fått høyre dette, seier ho.
Stereotypiane kan også vere positive. Halvt kvite koreanarar blir gjerne sett på som vakre, og med engelsk som andrespråk får ein høyre at ein har større moglegheiter for å lukkast.
– Stereotypiane er ikkje alltid heilt feile. Problemet er at dei puttar deg i ein boks, uansett om han er negativ eller positiv.
Skuggen frå militærleirane
For å forstå kvifor eit prosjekt som The Halfie Project er viktig i Sør-Korea må ein vite litt om historia. Korea har ei lang historie med å bli invadert og å vere okkupert.
– Det har vore eit makteslaust land mange gonger. På grunn av Koreakrigen kom det mange soldatar frå mellom anna USA til landet. Nokon av desse soldatane møtte kvinner og fekk barn med dei, fortel Becky.
Etter at krigen enda i ei våpenkvile i 1953, var Sør-Korea fattig og nedbrote.
– For å samle folket lanserte myndigheitene ideen «vårt folk». Alle som ikkje var i den kategorien, blei sett på som nokon som gjorde Sør-Korea svakare. Det inkluderte barna som var halvt koreanske. Mange av desse barna blei derfor adopterte og sende ut av landet. Dei barna som blei verande, opplevde mykje liding, seier ho.
NETTSAMFUNN: Gjennom The Halfie Project høyrer Becky om stereotypiane halvt koreanske møter. Les mer Lukk
Eit homogent samfunn i endring
Det koreanske samfunnet har lenge vore homogent og hatt lite innvandring. Men dette endrar seg. Fleire barn har multikulturell bakgrunn. Fleire utanlandske finn arbeid i Sør-Korea. Sør-Korea er på veg til å bli eit meir multikulturelt samfunn. Spørsmålet om kva er det å vere koreansk, har aldri vore meir aktuelt.
– Det er eit skikkeleg vanskeleg spørsmål! ler Becky.
– Eg tenker at å vere koreansk er ein kombinasjon av etniske band og kulturell forståing. Det betyr ikkje at viss du manglar det eine eller andre fjernar det din «koreanskheit». Men kulturell forståing er viktig, fordi det koreanske samfunnet og kulturen er veldig implisitt. Du går glipp av mykje i kommunikasjonen mellom folk viss du ikkje kan språket eller forstår kulturen.
Becky legg vekt på kor viktig det er å føle at ein høyrer til og er ein del av samfunnet.
Ho vil ikkje stride mot nokon sin rett til å seie «eg er koreansk», men tenker det er ting ein kan ta kontroll over for å føle seg meir koreansk, sjølv om ein vaks opp utanfor Sør-Korea.
– Du kan lære deg språket, studere kulturen og prøve å bu her. Alle desse tinga vil leie mot å bli ein del av «vi»-et, meiner Becky.
Problemet for mange som er halvt koreanske er at dei framleis blir behandla annleis på grunn av utsjånaden sin, sjølv om dei snakkar koreansk flytande og vaks opp i kulturen. Becky samanliknar situasjonen til dei som er halvt koreanske med dei som er adopterte.
– Når adopterte kjem til Sør-Korea, er dei raskare akseptert som ein del av «vi»-et enn «halfies». Korleis du ser ut er veldig viktig i Korea, og det kan vere svært vanskeleg å akseptere som halvt koreansk, seier ho.
– Det er ikkje negativt å vere halvt koreansk!
Då Becky posta den første YouTube-videoen i 2017, møtte ho mykje motstand, spesielt frå den eldre generasjonen. Dei ville ikkje at ho skulle snakke om tematikken fordi han var for smertefull.
Ho har også blitt fortalt at prosjektet er unødig fordi verda er så global no og det finst så mange som har foreldre av ulik etnisitet.
Koreanske mødrer med barn som er halvt koreanske har også reagert på bruken av ordet honhyeol, eit koreansk ord som betyr «blanda blod». Men Becky meiner at det å vere halvt koreansk er ei unik erfaring.
– Mødrene seier «Ikkje kall dei honhyeol, ikkje kall dei blanda, eller halvt, dei er koreanske». Det synest eg er vakkert. Men eg meiner også at det er litt malplassert, fordi barnet vil ha andre opplevingar enn viss begge foreldra var koreanske. Å ignorere det, vil vere det same som å seie at du er fargeblind. Vi må anerkjenne at vi ser fargar. Det er ikkje negativt å vere halvt koreansk!
SNAKKAR TIL HJARTA: Becky har lært seg å omfamne det å vere halvt koreansk og håper at dei som ser intervjua i The Halfie Project, blir rørte. Les mer Lukk
Becky meiner koreanarar er stolte, men ho trur samfunnet er ved eit vendepunkt. Ho peiker på befolkningsnedgang i kombinasjon med at fleire utlendingar buset seg i landet.
– Det kan gå to vegar. Anten blir det eit samfunn som seier «Vi er koreanske, du er ikkje koreansk». Eller så kan det bli eit samfunn som omfamnar alle. Mykje avheng av tankesettet til folk. Gjennom The Halfie Project prøver vi å snakke til hjarta til folk, seier Becky.
Frå personleg prosjekt til fellesskap – og kjærleik
Då Becky starta The Halfie Project, var det mange som ikkje forstod kva ho snakka om. Ho hadde også lite kunnskap om å produsere videoar og podkast. I takt med at prosjektet vaks, fann ho Jay Lee, Greg Hutchinson og Michael Gundhus via annonsar på Craigslist. Dei delte alle visjonen hennar, og i løpet av åra har teamet formidla dei tidlegare usynlege historiene til halvt koreanske.
I dag samarbeider Becky med Cedric Stout om prosjektet. Det kjem ikkje til å endre seg med det første.
– Cedric var den aller første personen eg intervjua for prosjektet. Du kan nesten sjå hjarta komme ut av augo våre i det intervjuet, smiler Becky.
Dei enda opp med å date og er no forlova.
Se dette innlegget på Instagram
Et innlegg delt av The Halfie Project 혼혈이야기 (@thehalfieproject)
– Så sjølv om dei andre i gjengen ikkje lenger er direkte involverte i prosjektet, har ikkje Cedric noko val, ler Becky.
Dei bruker mykje tid på prosjektet og ønsker mellom anna å reise til Tyskland for å snakke med folk der. Men Becky håper ikkje prosjektet kjem til å vare evig.
– Ein dag håper eg at The Halfie Project berre er eit arkiv. Eg håper at vi ikkje treng å snakke om desse temaa, men det er truleg langt inn i framtida. Mykje av det vi tar for gitt i dag har vi diskutert om igjen og om igjen til vi berre blei einige. Det er det vi gjer i The Halfie Project. Vi tar opp dei same temaa, spør dei same spørsmåla om igjen og om igjen. Til vi ein dag ikkje treng å snakke om det lenger.
«Eg er Becky»
Då Becky starta prosjektet, var ho fortvila og einsam.
– Eg trur at vi som er halvt koreanske ofte endrar oppførselen vår etter kva vi trur den andre personen tenker om oss. Det kan vere svært slitsamt. Vi har gjerne ei frykt for å vise kva vi tenker, eller eit sjølvhat som gjer at vi skjuler delar av oss sjølv eller tullar med oss sjølv.
Gjennom åra med prosjektet har ho blitt tryggare på kven ho er.
– Før var eg alltid sjalu på dei som kunne seie «Eg er frå…», eller «Eg er…» og så blei svaret deira berre akseptert i staden for at dei måtte forklare. Men no kan eg seie «Seoul er min heim». Eg har også komme til den konklusjonen at «Eg er Becky». Og uansett kven Becky er, er ho den eg bestemmer at ho er.