Rekordmange antitrans-lover i USA: – Please, please, please, la oss eksistere

Illustrasjonsfoto frå ein demonstrasjon i Australia. Les mer Lukk

Så langt i år har det kome over 350 lovforslag mot transpersonar i USA.

– Alle har ei pinleg historie frå då dei var på min alder. Eit minne frå ungdommen som plagar dei. Kanskje nokon drog ned buksa di framfor klassa eller du sølte drikke på den du var forelska i.

Amerikanske Lola Smith står på talarstolen.

12-åringen er ikkje-binær og talar under eit møte i heimstaten Florida. Hen har teke bussen i fleire timar for å vere i møtesalen denne fredagen. For eit utval skal no avgjere om transungdom skal kunne få helsehjelp.

Smith fortel at hen òg har opplevd ei slik definerande pinleg hending, som hen kjem til å bere med seg resten av livet.

– Det pinlegaste augeblikket i livet mitt skjer akkurat no, medan eg står framfor eit panel av framande og offentleg tryglar for retten min til å eksistere. Ingenting er meir audmjukande eller dehumaniserande enn å trygle for eins eigen eksistens.

12-åringen har vakse opp i Florida, og fortel at hen er vand til å ikkje verte forstått. Vand til å ikkje verte representert, og vand til å ikkje i det heile verte likt.

– Men korleis enda vi opp her? spør hen.

Rekordmange lovforslag

Florida er ikkje den einaste staten i USA som no vurderer å innskrenke transpersonar sine rettar.

Så langt i år har meir enn 350 lovforslag retta mot transpersonar vorte introduserte i 26 ulike amerikanske statar. Det melder Vice, som viser til tal frå Trans Legislation Tracker.

Det er dobbelt så mange lovforslag som i 2022, som var eit år med rekordmange antitrans-forslag. Framleis er vi berre drygt sju veker inn i 2023.

Mange av forslaga går på kva toalett transpersonar kan bruke, kva idrettslag transungdom får spele på, og kor vidt transungdom får tilgang til hormonbehandling og pubertetsblokkarar.

Andrew Bales har skapt Trans Legislation Tracker, som sporar føreslåtte og vedtekne lover mot transpersonar. Til Vice seier Bales at det ein no ser i USA er ein auka innsats for å viske vekk transpersonar frå offentlegheita.

Talet lovforslag er overveldande, og dei har ei djup påverkingskraft på helsa og velværet til transpersonar – individ som gjev autentisitet, mot og glede til miljøa sine, seier Bales.

Tre statar har allereie innført forbod

Så langt i år har Utah allereie forbode kjønnsbekreftande behandling for transungdom. Det same har Tennessee, og South Dakota.

Ifølgje Vice har fleire medisinske fagforeiningar teke til orde for å støtte kjønnsbekreftande behandling for mindreårige. Blant desse er American Medical Association, American Psychological Association, American Psychiatric Association og American Academy of Pediatrics.

I 2021 bad American Medical Association guvernørar om å stemme mot lovforslag som ville nekte transungdom helsehjelp:

– Alle store medisinske foreiningar i USA anerkjenner at det er medisinsk nødvendig med transisjon-relatert omsorg for å betre den fysiske og psykiske helsa til transpersonar, skreiv dei.

– Please, please, please

Frå talarstolen i Florida, sa Lola Smith at hen heller skulle vore i historietimen enn i møtet.

– Politikarar brukar barn som meg for å sanke stemmer frå folk som hatar oss. De kan stoppe dette, sa 12-åringen til panelet.

Smith fortalde at dette ikkje berre handla om hen, men òg om andre trans- eller ikkje-binær ungdom som ikkje kunne møte fordi dei ikkje har det same støtteapparatet som hen har.

– Det er ungar som er redde og åleine akkurat no, som ventar på korleis dette møtet skal ende. Ventar på å finne ut om identiteten deira vert viska ut.

– På vegner av alle dei barna, så tryglar eg dykk: Please, please, please, la oss eksistere.

Lola Smith nådde ikkje fram med bøna. Florida sitt Board of Osteopathic Medicine gjekk inn for å forby pubertetsblokkarar og hormonbehandling til mindreårige.