Skottland: Ny studie tek til orde for 16-årig stemmerett ved alle britiske val
Dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde høgare valdeltaking sjølv ut i 20-åra, samanlikna med unge som fekk stemmerett som 18-åringar, konkluderer rapport. Les mer Lukk
I 2014, rett før skottane skulle stemme over sjølvstende, sette styresmaktene i Skottland ned stemmerettsalderen til 16 år. Dette vart vidareført frå valet i 2015.
No syner ein ny studie positive ringverknadar på sikt.
Fleire held fram å stemme
Rapporten Votes at 16 in Scotland 2014–2021 granskar valdeltakinga i det skotske parlamentsvalet i 2021, sju år etter stemmerettsalderen vart sett ned. Kva følgjer har lågare stemmerettsalder hatt for valdeltakinga?
Jan Eichhorn er forskar hjå Universitetet i Edinburgh. Les mer Lukk
Hovudforfattar Dr. Jan Eichhorn frå Universitetet i Edinburgh slår fast at det var ei god avgjersle frå det skotske parlamentet å late 16- og 17-åringar stemme.
– Mange unge førstegongsveljarar beheldt vanen med å stemme og deltek i større grad enn eldre førstegongsveljarar. Funna styrker argumenta for å gje unge stemmerett på tvers av Storbritannia for å betre den langsiktige stemmeåtferda, seier han i ei pressemelding.
Dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde høgare valdeltaking sjølv ut i 20-åra, samanlikna med unge som fekk stemmerett som 18-åringar.
Dr. Christine Hübner peikar på at dette bryt med det vanlege mønsteret, der valdeltakinga går ned når ein er ung vaksen, men tek seg opp att frå midten av 20-åra.
Christine Hübner forskar på endringar i politisk engasjement, særleg blant unge. Les mer Lukk
– Dette viser at desse unge folka ikkje berre stemmer i større grad, men dei held fram med å stemme i aldrar kor valdeltakinga vanlegvis er på sitt lågaste, seier Hübner i pressemeldinga. Ho er forskar hjå Universitetet i Sheffield, som òg har bidrege i forskinga.
Les også:I klårtekst: Stemmerett for 16-åringar – kven meiner kva?
Liknande tendens i andre land
Tal frå Argentina, Brasil, Ecuador, Nicaragua og Austerrike viser òg at dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde 5–6 prosent høgare valdeltaking ved seinare val, enn dei som først stemte som 18-åringar.
Den same tendensen fann ein ikkje i dei norske prøveprosjekta med lågare stemmerettsalder.
I rapporten om dei skotske stemmevanane, kjem forskarane med fem tilrådingar til styresmaktene. Dei tilrår mellom anna å styrke tilgangen til politikkundervisning i skulen, og å sikre at unge får mogelegheita til å diskutere politikk.
I tillegg rår forskarane britiske politikarar til å ta til orde for å senke stemmerettsalderen til 16 år for alle britiske val.
Les også:Høgsterett i New Zealand: – Aldersdiskriminerande å ikkje late 16- og 17-åringar stemme