Difor er Qatar-VM «skamma sitt verdsmeisterskap»

Joseph «Sepp» Blatter annonserer at Qatar har vorte tildelt VM i 2022 tilbake i 2010. Les mer Lukk

Korrupsjonsskuldingar, tusenvis av dødsfall og homofiliforbod.

Søndag 20. november vart verdsmeisterskapet i herrefotball sparka i gang. For aller første gong skal ein arabisk nasjon vere vertsland for turneringa – men verdsmeisterskapet er mektig omdiskutert og tildelinga heftig kritisert.

Fleire av landslaga som skal på bana demonstrerer stilt, storbyar nektar å vise kampane på storskjerm og fotballpubar har lagt ned boikott.

Mange meiner Qatar-VM er eit kroneksempel på sportsvasking. Med fotballfesten leier styresmaktene merksemda vekk frå menneskerettsbrota i landet, og skaffar seg ei prestisjetung rolle i sportsverda.

Her får du ein gjennomgang på kvifor mange er sterkt kritiske til at det er nettopp Qatar som er vertsland.

Kvifor vart Qatar tildelt VM?

Qatar vann retten til å halde årets verdsmeisterskap allereie i 2010. Australia, USA, Sør-Korea og Japan var òg aktuelle vertsland-kandidatar. Men med 14 stemmer for og 8 stemmer mot, vart Qatar sigrande.

Opphaveleg skulle alle dei 24 medlemmane i Fifa sin eksekutivkomité stemme over tildelinga, men to av dei vart kasta ut grunna korrupsjon.

Joseph «Sepp» Blatter annonserer at Qatar har vorte tildelt VM i 2022 tilbake i 2010. Les mer Lukk

Etter tildelinga vart Qatar skulda for å ha «kjøpt» VM-et.

Både Fifa og Qatar har tilbakevist skuldingar om korrupsjon, og i si eiga gransking reinvaska Fifa Qatar. Seinast i 2021 påstod likevel det amerikanske justisdepartementet at tre tidlegare seniormedlemmar i Fifa hadde teke imot pengar for å stemme for Qatar.

Pengar har uansett vore viktige for at Qatar fekk verdsmeisterskapet. Landet skal ha brukt nærare 200 millionar dollar på lobbying før tildelinga. Australia var nest mest villig til å opne lommeboka, og brukte til samanlikning 42,7 millionar dollar.

Kvifor møter verdsmeisterskapet kritikk?

Qatar-VM møter kritikk av fleire grunnar. Fremst: vilkåra framandarbeidarane har arbeidd under, og menneskerettssituasjonen i landet.

Vilkåra for arbeidarar – over 6500 døde framandarbeidarar

Då Qatar vart tildelt meisterskapet hadde landet endå ikkje infrastrukturen til å ta imot landslag frå heile verda, og hordane av tilskodarar som kjem.

Qatar husar rundt 3 millionar menneske, men berre rundt 11 prosent av desse er statsborgarar i landet. Resten er framandarbeidarar, hovudsakleg frå Asia.

Dette landet, på storleik med Rogaland fylke i Noreg, skulle no bu seg på å ta imot 1,5 millionar fotballfans.

Difor starta styresmaktene eit storstilt byggjeprosjekt for å få på plass åtte nye stadion, ny flyplass, nye hotell, ny metro og tallaust med nye vegar. Det krev mykje arbeidskraft.

Arbeidarar går mot Lusail Stadion, ein av stadiona som vert brukt i verdsmeisterskapet. Les mer Lukk

Framandarbeidarar kom frå fjern og nær for å utføre arbeidet, men arbeidskvardagen har vore langt frå god. Det såkalla kafala-systemet vart løfta som eit hovudproblem.

I 2016 publiserte Amnesty International og Human Rights Watch ein rapport kalla Qatar World Cup of Shame.

Rapporten peika på åtte måtar framandarbeidarane vart utnytta på:

  • Dyre rekrutteringsavgifter: Framandarbeidarane måtte betale høge avgifter til rekrutteringsagentar i heimlandet sitt for å få jobb i Qatar. Mange sat att med høg gjeld.
  • Fryktelege buvilkår: Arbeidarane budde trongt, skitent og utrygt.
  • Lønsløgner: Rekrutteringsagentar gav falske løfter om løna framandarbeidarane ville få, og kva jobb som venta. Når arbeidarar kom til Qatar og fekk lågare løn enn lova, så hjelpte det ikkje å klage.
  • Forseinka løningar: Tidvis fekk ikkje arbeidarane utbetalt løn på fleire månadar. Det kunne ha store konsekvensar for arbeidarane, som ofte sende pengar heim til familien.
  • Ikkje løyve til å forlate stadionet: Nokre arbeidsgjevarar utelot å gje eller å fornye opphaldsløyvet til arbeidarane. Utan ID-korta risikerte framandarbeidarane bøter eller fengsel om dei ferdast fritt i Qatar.
  • Kunne ikkje forlate landet eller byte jobb: Arbeidsgjevarar konfiskerte passa til framandarbeidarane. Førespurnadar om å få forlate landet vart ofte ignorerte.
  • Trugslar: Om framandarbeidarane klaga på vilkåra, vart dei truga av arbeidsgjevarane.
  • Tvangsarbeid: Eitt av byråa som rekrutterte arbeidarar til å byggje Khalifa Stadium utsette arbeidarane for tvangsarbeid.

I ein rapport til FN i 2020, uttrykte FN-spesialrapportør Tendayi Achiume stor uro over strukturell rasisme og diskriminering mot framandarbeidarane i Qatar.

Kor mange framandarbeidarar har døydd?

Faksimile.

I slutten av februar 2021, skreiv den britiske avisa The Guardian at meir enn 6500 framandarbeidarar frå India, Pakistan, Nepal, Bangladesh og Sri Lanka har døydd i Qatar mellom 2010–2020.

Avisa peikar på at det totale dødstalet er markant høgare, då tala ikkje inkluderer arbeidarar frå land som Filippinane og Kenya.

Styresmaktene i Qatar hevdar på si side at det berre er 37 dødsfall som er direkte knytte til bygging av VM-stadion i perioden 2010–2019. 34 av desse er registrert som ikkje-arbeidsrelaterte.

The Guardian peikar på at dødsfall som er tilskrive hjarte- og lungesjukdommar, truleg er skulda dødelege heteslag, som følgje av arbeid i høg varme. Dødsfalla er såleis òg skulda arbeidsvilkåra.

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) henta tal frå statleg eigde sjukehus og ambulansar i Qatar, og publiserte i 2021 ein eigen rapport.

Han synte at 50 framandarbeidarar miste livet i 2020 åleine, rett over 500 vart alvorleg skadde og 37,600 leid milde til moderate skadar.

Har Qatar endra noko?

I oktober 2017 signerte styresmaktene i Qatar ei avtale med Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) om reform av arbeidsvilkåra for framandarbeidarar.

Sidan då har nokre endringar vorte gradvis innførte i landet.

Nokre av dei viktigaste endringane er:

  • I august 2017 vart The Domestic Workers Law innført. Ho slår fast rammene for arbeidstid, obligatoriske daglege pausar, ein dag fri i veka og betalt ferie.
  • I mars 2018 vart eigne komitear oppretta for å løyse arbeidstvistar, og for å forbetre rettstryggleiken til arbeidarane.
  • I 2018 ratifiserte Qatar traktatane Internasjonal konvensjon om sivile og politiske rettar (ICCPR) og Internasjonal konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ICESCR), men med nokre vilkår. Qatar ville ikkje fullt ut anerkjenne like rettar for kvinner, og heldt fast ved at framandarbeidarar ikkje får delta i eller etablere fagforeiningar.
  • I november 2018 vart eit fond som skal sørge for at arbeidarar får løn oppretta. Lønstjuveri skulle òg straffast med bot eller fengselsstraff.
  • I januar-september 2020 vedtok Qatar å fjerne nokre av dei mest problematiske sidene ved kafala-systemet. Framandarbeidarar skulle få forlate landet utan å måtte innhente løyve frå arbeidsgjevar. Dei skulle òg kunne byte jobb utan løyve.
  • I mars 2021 vart ei ikkje-diskriminerande minsteløn innført.

Har endringane hjelpt?

Teori og praksis er to ulike ting, og Qatar har møtt kritikk frå menneskerettsorganisasjonar for å ikkje handheve endringane.

I rapporten Predictable and preventable – Why Fifa and Qatar should remedy the 2022 world cup abuses slår Amnesty fast at reformene har mogelegheita til å forandre livet til framandarbeidarane i Qatar – og har i nokre tilfelle betra arbeidskvardagen deira – men:

«Vedvarande strukturelle problem saman med manglande handheving, betyr at tusenvis av framandarbeidarar held fram med å møte misbruk og utnytting.»

Ein rapport frå Human Rights Watch frå 2020 synte òg at framandarbeidarar framleis risikerte å ikkje få løn, eller å få forseinka eller minska løn.

Menneskerettssituasjonen – kvinneundertrykking og homofiliforbod

Qatar er eit monarki og vert rekna som eit ikkje-fritt land, der størsteparten av befolkninga manglar politiske rettar og rettar i sivilsamfunnet.

Kvinner i landet er underlagt mannlege verjer.Ofte er verja far, bror, bestefar eller onkel, fram til dei gifter seg og det vert ektemannen.

Kvinner treng godkjenning frå verja mellom anna for å få gifte seg, studere eller reise til i utlandet, arbeide i visse stillingar og for tilgang til visse typar reproduktiv helsehjelp.

Homofili er ulovleg i Qatar. Sex mellom menn kan verte straffa med bøter eller inntil sju år i fengsel.

Ein rapport frå Human Rights Watch i oktober synte at sikkerheitsstyrkar i Qatar framleis arresterer og mishandlar skeive. Styresmaktene i landet meiner rapporten inneheld falske skuldingar.

– Korleis er det å vere lhbtq+-person frå Qatar? Du lever i frykt, du lever i skuggen, du er aktivt forfølgt. Du vert utsett for statleg støtta fysisk og psykisk mishandling. Det er farleg å vere ein lhbt-person i Qatar.

Det sa legen Nasser Mohamed til The Guardian nokre dagar før VM starta. Han er sjølv skeiv og frå Qatar, men har budd i USA dei siste 11 åra.

Er det trygt for skeive å besøke Qatar i samband med fotball-VM?

Heilt frå tildelinga av har det vore store spørsmål om kor vidt skeive supporterar kjem til å vere trygge i Qatar.

Ein fare-indeks frå 2019, som rangerte land etter kor trygt det var for skeive turistar, meinte Qatar var verdas andre farlegaste land å reise til.

I reiseråda til Utanriksdepartementet står det skrive at:

«LHBTI-personar som er kjende i offentlegheita risikerer å verte arresterte og sikta også for andre formar lovbrot, til dømes åtferd som lokalt vert karakterisert som «usømeleg». Samstundes har qatarske styresmakter sagt at alle besøkande er velkomne under fotball-VM.»

Qatar sin VM-sjef, Nasser al-Khater, har fleire gongar sagt at alle besøkande er velkomne – uavhengig av kjønn, seksuell orientering, religion og etnisitet.

Likevel kunne NRK, SVT og DR i mai i år avsløre at fleire VM-hotell nekta homofile å bestille rom.

– Alle er velkomne her. Alle kjem til å føle seg trygge i Qatar, gjentok al-Khater i eit intervju med Sky Sports i oktober.

VM-sjefen stadfesta då at homofile kan halde hender under Qatar-VM og framleis vere trygge. Han hevda at alt dei krev er at fotballturistar respekterer kulturen dei besøker. Al-Khater skal òg ha stadfesta at regnbogeflagg vert tillate på tribunen, trass i utsegn frå mars om at flagg kan verte konfiskerte.

Det er framleis litt uvisst om Pride-flagg vil verte konfiserte på stadiona eller ikkje. Les mer Lukk

Men i november uttalte den qatarske VM-ambassadøren Khalid Salman at homofili var ei «psykisk liding».

Likevel, lovar Fifa at skeive fotballfans skal vere trygge:

– Fifa er sikre på at alle naudsynte tiltak vil vere på plass slik at LHBTIQ+-supporterar og allierte kan nyte turneringa i eit imøtekomande og trygt miljø, akkurat som alle andre, skreiv nyleg ein talsperson frå Fifa til Reuters.

Kva med skeive fotballspelarar – er dei trygge?

Ingen av fotballspelarane som skal til Qatar er opent skeive.

Australske Josh Cavallo har uttalt at han hadde vore redd for å spele i VM, om han hadde vorte teken ut på landslaget. Les mer Lukk

Den australske fotballproffen Josh Cavallo (23) er den einaste mannlege toppspelaren som er opent homofil. Han er ikkje del av den australske landslagstroppen, men har uttalt at han hadde vore redd for å spele i Qatar-VM.

– Når alt kjem til alt, er verdsmeisterskapet i Qatar og ei av dei største bragdene som fotballspelar er å spele for landet ditt. Å vete at dette er eit land som ikkje støttar homofile menneske og set liva våre i fare, det skremmer meg, og får meg til å revurdere – er livet mitt viktigare enn å gjere noko utruleg bra i karrieren min? sa han til The Guardian.

Qatar sin VM-sjef sa seinare at Cavello var velkomen til landet, men at offentlege uttrykk for kjærleik ikkje er velkome – anten ein er homofil eller heterofil.

Han har seinare hevda at offentlege uttrykk for kjærleik ikkje vert slått ned på.

Er alt bra no når meisterskapet er i gang?

Kort sagt: Nei.

Trass i at Qatar på papiret har styrka rettane til framandarbeidarar, så etterlever dei ikkje alle desse i praksis. Homofili er framleis ulovleg, og mange kjenner seg ikkje trygge på å reise til landet, trass i lovnader om at dei ikkje vil vere i fare.

I oktober sende ei rekkje fotballforbund, deriblant NFF, tre forslag til Fifa om korleis ein kan bøte på menneskerettsbrota i Qatar i samband med fotball-VM.

Forslaga er som følgjer:

  • Opprette eit mottakssenter for migrantarbeidarar
  • Eit kompensasjonsfond for alle dei som har blitt offer for arbeidsulykker
  • Alle kapteinar kan bere kapteinsbind som markerer støtte til inkludering

Amnesty International og Human Rights Watch har teke til orde for at fondet bør samsvare med premiepotten i VM, på 440 millionar dollar.

Til no har Qatar nekta å opprette eit slikt fond, og meiner det er eit PR-stunt.

Kva seier Qatar?

Qatar hevdar, som nemnt ovanfor, at berre 37 framandarbeidarar har mista livet i samband med utbyggingane, og at berre tre av desse er arbeidsrelaterte. VM-sjefen insisterer òg på at skeive tilskodarar vere trygge i landet, trass i homofili-forbodet og utsegn som sår tvil.

Al-Khater meiner Qatar har vorte urettferdig behandla med all kritikken.

– Ingen har noko sinne lagt inn ein innsats for å sjå det objektivt, for å sjå kva dette landet har oppnådd dei siste sju, åtte åra, sa Al-Khater til Sky News i fjor.

Nasser al-Khater er Qatar sin VM-sjef.

Folk likar heller å løfte det negative, insisterte han.

– Det vi meinte var rettmessig kritikk har vi teke med oss, gjentok al-Khater i september, ifølgje Reuters.

Dei same påstandane har òg kome frå andre hald i Qatar.

Tamim bin Hamad al-Thani er emir i Qatar, og dermed landets statsoverhovud. I oktober uttalte han at Qatar hadde vorte «utsett for ei kampanje inkje vertsland noko sinne har møtt». Han stilte spørsmål ved motivasjonen bak kritikken.

Arbeidsminister Ali bin Samikh Al Marri hevdar kritikken er rasistisk motivert:

– Dei vil ikkje at eit lite land, eit arabisk land, eit islamsk land, skal organisere verdsmeisterskapet, sa han ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Dei 22 medlemslanda i Den arabiske liga har òg stilt seg bak Qatar, og avviser det dei meiner er ei «grunnlaus svertekampanje».

Kva kritikk møter Fifa og kva svarar dei?

Sepp Blatter, som var Fifa-president då Qatar fekk meisterskapet, har sagt opptil fleire gongar at dei gjorde ein feil med tildelinga. Fifa har gjentekne gongar vore skulda for korrupsjon i tildelinga, noko dei avviser.

Blatter var sjølv i hardt vêr då han året etter sa at homofile burde «avstå frå seksuell aktivitet» om dei reiste til Qatar. Les mer Lukk

Det tok tid før Fifa anerkjende at dei òg hadde eit ansvar for korleis framandarbeidarar vart behandla i Qatar.

Først etter OECD slo fast at Fifa hadde eit ansvar for brot på migrantarbeidarane sine rettar i Qatar, tok fotballforbundet grep og sette i gong med endringar i eigen politikk.

I 2016 gjekk Fifa inn for å innlemme menneskerettar i sine reviderte vedtekter. I tillegg vert menneskerettar innlemma i tildelingskriteria for VM 2026.

Året etter etablerer Fifa ein uavhengig, rådgjevande menneskerettskomité, Fifa Human Rights Advisory Board. Komitéen leverte sin siste rapport i 2021, og har ikkje fått fornya mandat.

Amnesty International er blant dei som kritiserer Fifa for si handtering av verdsmeisterskapet:

Fifa er dessverre alt for passive og har i liten grad brukt sin påverknad til å presse fram tilstrekkelege menneskerettslege garantiar i Qatar, skriv organisasjonen.

Tidlegare i november sende Fifa-leiinga eit brev til dei 32 VM-laga, der dei oppmoda dei til å fokusere på turneringa.

Fifa-president Gianni Infantino og generalsekretær Fatma Samoura bad om at fotballen ikkje måtte verte «dregen inn i kvar ideologisk og politisk kamp som eksisterer».

– Ver så snill, lat oss fokusere på fotballen! skreiv dei.

Fifa-president Gianni Infantino har bede VM-laga om å «fokusere på fotballen». Les mer Lukk

Utsegna møtte hard kritikk og fleire europeiske forbund gjekk saman om ei felles utsegn.

– Å omfamne mangfald og toleranse betyr òg å støtte menneskerettar. Menneskerettar er universelle og dei gjeld overalt, skriv UEFA-medlemmane.

Dagen før VM-start var Fifa-president Infantino igjen på talarstolen. Då gjekk han til åtak på kritikarane av Qatar-meisterskapet.

Fotballpresident i Noreg, Lise Klaveness, meinte pressekonferansen hans var urovekkjande. Ho meiner han ikkje har forstått kritikken, og at han nyttar plattforma si til å fyre opp under ei polarisering mellom Europa og resten.

– Han politiserer menneskerettar og reduserer kritikken som har vore til å handle om dobbeltmoral i Vesten, og at vi sjølv ikkje gjev andre tid,sa ho til NRK.

Kva med Noreg i det heile?

Noreg er ikkje kvalifiserte til årets verdsmeisterskap, men medan kvalifiseringssjansen framleis eksisterte gjekk debatten om vi skulle boikotte meisterskapet. Sju av 16 klubbar i Eliteserien hadde vedtak om å stemme for boikott.

Spørsmålet vart avgjort på eit ekstraordinært møte i Fotballtinget i juni 2021.

Frå det norske landslaget si første markering mot Qatar-VM. På tskjortene står det skrive Human rights – on and off the pitch. Les mer Lukk

I forkant hadde Norges Fotballforbund sett ned eit utval som utarbeidde ein rapport om verdsmeisterskapet og verkemiddel for å styrke menneskerettane i Qatar.

«Utvalget mener at fotball-VM aldri burde blitt tildelt Qatar i 2010», seier den aller første setninga i rapporten Fotballens samfunnsansvar – før, under og etter Fotball-VM i Qatar.

Vidare kritiserer utvalet både NFF og Fifa for ei manglande vilje og evne til å raskt stille tydelege krav til meisterskapsarrangørane og styresmaktene i Qatar for å betre situasjonen for migrantarbeidarar.

Fleirtalet i utvalet meinte ein boikott ikkje var det mest effektive verkemiddelet for å styrke menneskerettar og arbeidstakarrettar i Qatar. I staden fremjar rapporten 26 konkrete krav og tiltak basert på dialog.

Då Fotballtinget stemte over spørsmålet var svaret eit soleklart nei til boikott. Men dei bestemte òg at Noregs fotballpresident Lise Klaveness skulle rette kritikk mot Fifa under Fifa-kongressen.

Då Klaveness tok til talarstolen i mars i år sa ho at Qatar fekk meisterskapet på uakseptable måtar og med uakseptable konsekvensar:

– Menneskerettar, likeverd, demokrati og kjerneverdiane i fotball var ikkje med i startoppstillinga før mange år seinare. Desse grunnleggjande rettane vart pressa ut på bana som innbytarar, takka vere stemmer frå utsida.

Lise Klaveness forlet talarstolen etter å ha kritisert Fifa under Fifa-kongressen i Doha, mars 2022. Les mer Lukk

For å halde talen i den qatarske hovudstaden Doha, laut Klaveness sjekke om det var trygt at ho reiste. Ho er sjølv lesbisk og lever i eit homofilt ekteskap – noko som jo er ulovleg i Qatar.

Slik demonstrerer fotballmiljøet

Reaksjonane i førkant av Qatar-VM har vore mange, og både supporterar og landslag har demonstrert misnøye på ulike vis.

I Noreg svarar 1 av 5 i ei VG-undersøking at dei vil boikotte kampane. I ei undersøking hjå NRK svarar 1 av 2 at dei ikkje vil følgje verdsmeisterskapet.

Storskjerm-nekt

I opptakta til årets avspark har fleire byar og fotballpubar annonsert at dei ikkje kjem til å syne kampane på storskjerm.

Franske byar var blant dei første til å annonsere at dei ikkje kom til å organisere offentlege visningar av Qatar-VM. Paris, Marseille, Lille, Bordeaux, Reims og Strasbourg er blant desse.

Seinare har andre europeiske byar, som London og Luxembourg, teke same valet.

I Noreg har fleire fotballpubar annonsert at dei ikkje kjem til å vise kampane. Men i Oslo lånar kommunen ut Youngstorget gratis til eit partytelt som syner VM på storskjerm.

Ein arv fotballen kan vere stolt av

Australia vart det første landslaget til å kome med ei felles utsegn mot menneskerettsbrota i Qatar.

I ein video ber spelarane om at vilkåra for framandarbeidarar vert betra og at homofili vert avkriminalisert.

– Det er slik vi kan sikre ein arv som varar etter den siste fløyta i VM i Qatar i 2022. Ein som fotball kan verkeleg vere stolt av, seier dei.

Draktendringar

Fleire av landslaga som skal spele i Qatar har òg endra draktene sine for å syne motstand mot korleis årets VM har vorte handtert.

Det danske herrelandslaget har fått nye heilsvarte drakter. Den svarte trøya er eit vandrande sørgebind, uttalte sponsoransvarlege i Hummel. Ho skal syne respekt til dei tusenvis av migrantarbeidarane som har mista livet og til dei etterlatne.

Slik ser drakta til Danmark ut.

USA har òg endra drakta si før dei reiste til Qatar. Emblemet på brystkassa har fått regnbogefargar for å vise støtte til skeive.

– Vi er ei gruppe som trur på inkludering og vi vil halde fram å løfte den beskjeden framover, seier landslagsmålvakt Sean Johnson til The Guardian.

Regnbogebind

Kapteinane frå åtte av landslaga som deltek hadde før VM annonsert at dei ville ha på seg eit OneLove-kapteinsband i kampane. Dette kapteinsbandet synte støtte til LHBTQI+.

Det nederlandske fotballforbundet lanserte kampanjen. Desse hadde i utgangspunktet slutte seg om han: Nederland, Frankrike, England, Belgia, Danmark, Tyskland, Sveits, Wales.

England sin Harry Kane kjem ikkje til å ha på seg OneLove-kapteinsbandet under Qatar-VM- Her brukar han det i ein Nations League-kamp i september. Les mer Lukk

Sverige og Noreg er ikkje kvalifiserte, men hadde òg slutta seg til kampanjen. Frankrike sin kaptein Hugo Lloris trekte seg då Fifa ikkje gav grønt lys til kampanjen.

Landslaga hevda dei var villige til å risikere bøter for demonstrasjonen, men då Fifa annonserte at dei ville straffe kapteinane med gult kort for kapteinsbindet droppa alle kampanjen.

Ifølgje NRK uttalar dei sju landslaga i ei felles utsegn:

– Vi beklagar djupt at det ikkje var mogeleg å kome til ei fornuftig løysing saman. Vi står for OneLove-bodskapen og vil framleis spreie han, men vår førsteprioritet i verdsmeisterskapet er å vinne kampane. Då vil du ikkje at kapteinen skal starte kampen med gult kort.