Ber Noreg støtte samfunnet, ikkje Putins «kvasikriminelle organ»

Seniorrådgjevar hjå Den norske Helsingforskomié Inna Sangadzhieva ber norske styresmakter støtte det russiske samfunnet framfor styresmaktene. Foto: Foto: Kremlin.ru/CC BY 4.0/Wikimedia commons, Den norske Helsingforskomité Les mer Lukk

– Det Putin seier er ikkje det Russland meiner, fortel statsvitar og seniorrådgjevar Inna Sangadzhieva.
Inna Sangadzhieva er seniorrådgjevar i Den norske Helsingforskomité. Foto: Den norske Helsingforskomité Les mer Lukk

– Å ville ha ein normalitet med Putin og til hans kvasikriminelle organ har vore internasjonal politikk lenge, men då må ein late att augo for menneskerettsbrot.

Det seier Inna Sangadzhieva, seniorrådgjevar i Den norske Helsingforskomité, på telefon til Framtida.no.

– Det har skjedd i 20 år, og då ser vi kva som skjer.

Seniorrådgjevaren peikar på krigane i Tsjetsjenia, Georgia og seinast i Ukraina som døme. Ho forklarar at folket ikkje ynskjer å sende barna sine i krig, men krig er det styresmaktene byggjer politikken sin på.

– Her må ein velje side – og eg oppfordrar norske styresmakter til å støtte samfunnet.

Viktig for russarar at verdssamfunnet reagerer

Dei to russiske miljøforkjemparane Asya Fomina (17) og Valerija Aleksejevna Altukhova (21) har tidlegare fortalt Framtida.no korleis det er å vere aktivist i Russland i dag, når styresmaktene stadig innfører nye lover for å avgrense handlingsrommet til sivilsamfunnet og stille kritiske stemmer.

– Eg er redd for å miste jobben, redd for å verte teken til politiet, og redd for at det vert oppretta sak, fortalde Altukhova då.

Asya Fomina (t.v.) og Valerija Aleksejevna Altukhova er begge aktive i kvar sin miljøorganisasjon, sjølv om dei risikerer alvorlege følgjer. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no Les mer Lukk

Ein av tinga både Fomina og Altukhova er samde om, er at reaksjonane frå det internasjonale samfunnet har ein innverknad på landet – anten det er via styresmaktene eller folket.

– Dei russiske styresmaktene lyttar ikkje til borgarane sine, men er veldig uroa for internasjonale relasjonar, fortel Asya Fomina.

Ho meiner difor det er viktig at det internasjonale samfunnet reagerer på dei diskriminerande lovene som vert adopterte i landet, og snakkar om det som føregår i Russland.

Valerija Altukhova trur på si side ikkje styresmaktene i heimlandet vil reagere særleg på internasjonalt press, men meiner signaleffekten det har for russarar er særleg viktig.

– Det er viktig at borgarane i landet ser at styresmaktene våre gjer ting som ikkje er rett, og at dei [borgarane] har støtte.

Dei to Russland

Seniorrådgjevar i Den norske Helsingforskomité, Inna Sangadzhieva, seier det er særleg tre ting det internasjonale samfunnet – Noreg inkludert – bør gjere.

– Dei må ta opp alvorlege brot på menneskerettane som Navalnyj-saka, med politiske fangar, om tortur og vald, på alle hald – både i møte, i offentlege utsegner og liknande, noko eg òg meiner dei har gjort.

Den siste tida har utanriskminister Ine Eriksen Søreide (H) mellom anna fordømt nervegiftåtaket på Aleksej Navalnyj og bede om at fredelege demonstrantar som vart arresterte i Moskva må verte slept fri med det same.

– Det andre er at ein ikkje bør vere redde for det som skjer i Russland. Ein ser no to Russland, held seniorrådgjevaren fram.

Ho fortel at dei som har Russland som arbeidsfelt, som ho sjølv, har vore bevisste på dualiteten i landet lenge, og er frustrerte over at han ikkje kjem tydelegare fram i media.

– Det Putin seier er ikkje det Russland meiner. Vi ser ikkje samfunnet, konstaterer Sangadzhieva, som sjølv er russisk statsborgar.

Russlands president Vladimir Putin. Foto: Kremlin.ru, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons Les mer Lukk

Ho påpeikar at dette skiljet er tydelegare i nord, der ein har meir folk-til-folk samhandling og ein nærare relasjon til naboen i aust. Men «det andre Russland» – samfunnet – er i ferd med å kome betre fram i lyset, og prosessane som no har starta med protestbølgja i landet kjem til å halde fram, fortel seniorrådgjevaren.

– Dette er ein turbulent periode, men det er svært viktig at ein er tilstades.

I kjølvatnet av at opposisjonspolitikar Aleksej Navalnyj vart arrestert og dømd til fengsel har fleire titals tusen russarar demonstrert, i byar over heile landet. Politiet skal ha arrestert så mange som 10.000 personar, og brukte vald mot demonstrantane.

– Folket kjempar for demokratiske endringar, for rettsstaten og for menneskerettar. Dermed er det òg viktig med sanksjonar. Det er viktig at ein tek ein prinsipiell ståstad og at menneskerettar vert kompasset for alle typar avtalar.

Noreg har tidlegare innført sanksjonar mot Russland som følgje av den ulovlege annekteringa av Krimhalvøya, og slutta seg også i oktober til EU sine Navalnyj-sanksjonar.

Sangadzhieva meiner sanksjonar er eit nyttig påverknadsmiddel for å setje søkelys mot pengesterke og maktnære personar som bidreg i menneskerettsbrota. Sanksjonane bør vere målretta og ha minst mogeleg negativ innverknad på det russiske samfunnet.

Les også meiningsinnlegget:«Noregs samarbeid med russarane er stort, og blir sett på som særs vellykka i nord. Dette er likevel ikkje alltid like lett å uttrykka til Noregs sørlege del»

– Vår store nabo er ikkje eigentleg så fæl

Seniorrådgjevaren Inna Sangazhieva understrekar at det internasjonale samfunnet, så vel som næringslivet, bør vere interesserte i at Russland vert ein rettsstat. Difor er det òg viktig at Vesten er sameina i haldninga si til Russland.

– No er tida for sterk prinsipiell haldning, ikkje propagandakrig. Styresmaktene ynskjer å lage ei splitting mellom oss, og det må ein ikkje late skje med å gje etter for propaganda.

Ein bør stille tydelege krav og referere til grunnleggjande prinsipp i kritikken mot landet.

Samstundes oppmodar Sangadzhieva vanlege nordmenn til å vise solidaritet med russarane som no tek til gatene, halde seg oppdaterte og stille spørsmål:

– Følg med, og sjå kva som skjer. Vår store nabo er ikkje eigentleg så fæl.

Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

Les saka og sjå bileta som syner: Krim – fem år etter anneksjonen