Slik kan betre språk redde klima: – Ordet klimaendringar kan faktisk redusere engasjement

Fredag 24. mai var det ny skulestreik for klima, med hyppig bruk av metaforar. Les mer Lukk

Framtida.no har spurd ein klimapsykolog og ein språkforskar om korleis ein bør snakka om klima. 

– Blant enkelte grupper kan ordet klimaendringar faktisk redusere engasjement, fortel klimapsykolog Per Espen Stoknes. Stoknes er kanskje mest kjend for å åtvare mot «apocalypse fatigue» – eller «dommedagstrøytte» – i sitt TED-føredrag.

Global oppvarming gir derimot svært god respons: Det styrkar vissa om at dette er menneskeskapt, og fører til meir intens bekymring, fortel Stoknes.

Men dersom ein kallar det global oppvarming, skal det ikkje meir til enn éin kald dag, eller éin kort kuldeperiode, før engasjementet svekkast igjen, påpeikar Stoknes.

Per Espen Stoknes på scena under TEDGlobal i New York, 20. september 2017. Les mer Lukk

Problemet er at medan kloden som heilskap opplever oppvarming, så vil enkelte område faktisk bli kaldare.

Forskarar bruker derfor ofte ordet klimaendringar, som teknisk sett er meir rett, men vekker klart mindre kjensler og engasjement.

Den siste tida har ei rekkje land erklært nasjonal klimakrise, blant desse er Storbritannia, Skottland og Wales.

Samstundes har miljøorganisasjonen World Saving Hustle starta fylkesvise underskriftskampanjer for å tvinge norske fylkeskommunar til å erklære lokale klimakriser.

Krass retorikk gir større engasjement

Først litt teori: Språket er aldri ei nøytral framstilling av røynda. Snarare kan ein seia at språket skapar røynda.

Oppfatninga vår om skatt vil avhenga av om ein snakkar mest om skattekutt (negativt lada) eller skattelette (positivt lada) i det offentlege ordskiftet.

Ettersom klimakrisa i liten grad er synleg for oss nordmenn, vil språket vera desto viktigare i å forma oppfatninga vår. At eg brukte ordet klimakrise i førre setning vekker til dømes sterkare kjensler enn ordet klimaendringar ville gjort.

Å snakka om krigen mot klimakrisa i staden for kampen mot klimaendringar vil ha ein liknande effekt.

Ord som klimakrise, global oppvarming og klimasamanbrot gir eit inntrykk av større alvor og hastverk, og ei tilsvarande auke i vilja til å endra atferd og ta grep, viser ulike studiar.

"Heller Vy enn fly" var bodskapet under klimastreiken 24. mai. Les mer Lukk

Global oppraring?

Men også ordet klimakrise kan verka mot si hensikt, meiner klimapsykolog Stoknes.

– Normalt vil ei krise vare i ei veke, kanskje ein månad. Men det vi snakkar om er ei varig forandring av klimaet på jorda. Ein kan risikere at engasjementet raskt går over dersom klimaendringane blir ramma inn slik.

– Dermed er det kanskje best å kalle dette «global weirding», fordi klimaet blir rart, framand og sært.

Klima vil dessutan alltid vera i endring, og det går såleis ikkje an å vera «mot» klimaendring. Sjølv føretrekk Stoknes å snakka om klimaforstyrring, eller «climate disruption», som ein seier på engelsk.

The Guardian endrar klimaspråk

Tidlegare ønskte ungdom seg meir positivitet, optimisme og moglegheiter inn i klimasamtalen, fortel språkforskar Kjersti Fløttum.

Ho er professor ved Universitetet i Bergen og prosjektleiar for «LINGCLIM» – ei forskingsgruppe som ser på språkets rolle i klimadebatten.

Nå har språkbruken endra seg, og spesielt blant unge. Den er sterkare, og vesentleg meir negativt lada. Ikkje minst Greta Thunberg har bidratt til at alvoret i situasjonen har sige inn i språket.

Kjersti Fløttum er språkforskar og professor ved Universitetet i Bergen Les mer Lukk

Sist veke gjekk den britiske avisa The Guardian inn for språklege endringar. I staden for klimaendringar skal dei nå snakka om klimakrise, og heller enn klimaskeptikar skal dei nytta klimafornektar.

Norske Morgenbladet kunne fredag melda at dei ville gjera det same.

Årsaka er at ordet klimaendring blir for passivt og forsiktig når det vitskapsfolk snakkar om er ei katastrofe for menneskeslekta, ifølgje The Guardian.

For mykje kriseprat

Men ein bør vera varsam med for mykje kriseprat utan å samstundes visa til løysingar, innvendar klimapsykologen.

– Det bør alltid vere tre til éin: Tre handlingsmoglegheiter per trussel.

– Ja, vi må anerkjenne at det er krise. Vi har klimaøydeleggingar og vi har klimaforstyrringar, seier Stoknes, og held fram:

– Samstundes har vi også massevis av løysingar.

Og kanskje endå viktigare enn språket er autentisitet, meiner han. Me kan ikkje berre snakke teknisk rett og seie det me trur er lurt. Då vil ein fort mista truverdet, hevdar psykologen.

Han listar opp tre grunnreglar for klimakommunikasjon:

  1. Folk må føle seg respektert. Viss eg seier at du tar feil, og vil slå ned dine argument, så genererer det motstand.
  2. Når eg uttrykker ektefølte, eigne kjensler, så er det uomtvisteleg slik eg kjenner det. Det gir eit høve for empati, og folk vil oppleve meg som autentisk.
  3. Viss eg er engasjert og begeistra for til dømes solpaneler eller plantebasert gourmetmat, så skapar det nytt engasjement. Engasjement er smittsamt, fortel Stoknes.

Krig og sjukdom

Spesielt verknadsfullt er bruken av metaforar i klimadebatten. Interessant nok er det stor skilnad på kva metaforar som rår i ulike land, ifølgje språkforskar Fløttum.

– Ein britisk kollega såg på metafor-bruk i britiske The Guardian, tyske Süddeutsche Zeitung og amerikanske New York Times.

– Britane, dei gamle koloniherrane, brukte typisk krigsmetaforen. Dei snakka om klimatrussel, kamp, og krigen mot klimaendringar. Tyskarane brukte sjukdom, og såg på kloden som ein pasient som trong behandling.

Amerikanarane brukte derimot reisemetaforen.

– Ein skal komme i gong, og ta steget. Sistnemnde er brukt veldig mykje, og eigentleg litt oppbrukt, meiner Fløttum.

Krig vekker mest kjensler

Ein studie frå 2016 understrekar poenget hennar: Medan krigsmetaforen gav sterke reaksjonar hjå folk, var reisemetaforen faktisk dårlegare på å vekke kjensler enn når ein ganske enkelt skildra klimatrusselen utan bruk av metaforar.

Kva metaforer ein nyttar vil også, på subtilt vis, implisera kva politikk som

trengst. Snakkar ein til dømes om kriminalitet som eit beist som trugar byen, vil ei styrking av politiet vera den logiske reaksjonen.

Om ein derimot skildrar kriminaliteten som ein sjukdom, vil folk vera meir opptekne av å førebygga problemet med betre oppvekstkår og skulevesen.

— Ein invitasjon til sjølvrefleksjon

Klimapsykologien har identifisert tre metaforar som har vist seg å vere spesielt passiviserande: Den første er at klima er ein katastrofe; den andre at klima er ein kostnad; den tredje at klima er eit offer, der ein må gi opp flyreiser, velstand og livsstil, fortel Stoknes.

– Når vi bruker så dårlege metaforar, kven treng då klimafornektarar?

I staden vil Stoknes at vi går frå å snakke om klimakatastrofe til klimaberedskap og risikohandtering.

Heller enn klima som ein kostnad bør ein snakke om klimaforsikring: Ein forsikrar huset sitt, sjølv om ein ikkje trur det skal brenna ned med det første.

– Til sist bør vi snakke om moglegheiter i staden for offer. Det er betre å leve i eit plusshus enn eit energilekkande sluk.

– I staden for å stampe i kø kan eg trene på veg til jobben. I staden for kotelettar og prosessert kjøtt som beviseleg er kreftframkallande, kan ein sunn, plantebasert gourmetburger gjere kroppen din godt.

– Klima er ein kjempegod moglegheit til å skape betre liv, og til å samarbeide betre globalt. Det er dessutan eit godt høve til å spørje: Kvifor er vi her? Det er ein invitasjon til sjølvrefleksjon, avsluttar Stoknes.