Kjernekraft i Noreg – uaktuelt eller uunngåeleg?

Korleis skal me dekke framtidas energibehov? Fleire av ungdomspartia meiner kjernekraft er uunngåeleg, andre seier det er uaktuelt. Les mer Lukk

Halvparten av unge nordmenn meiner kjernekraft er ein del av klimaløysinga – men ungdomspartia er delte.

Verda treng meir kraft i framtida, men kor skal den kome frå?

Folketalsvekst, aukande velstand og krav om elektrifisering gjer at behovet for energi aukar på verdsbasis, også i Noreg.

Om 1,5 gradsmålet skal bli nådd, må denne energien kome frå fornybare energikjelder i mykje større grad enn i dag, ifølgje FN sitt klimapanel. Alle framtidsscenarioa klimapanelet skisserar inneber også ei kraftig auke i talet på kjernekraftverk.

Utan kjernekraft blir klimamåla endå vanskelegare å nå.

Halvparten av unge vil satse på kjernekraft

– Om me først får i gang ein faktabasert diskusjon trur eg folk vil høyre at kjernekraft er fornuftig.

Det seier Tore Kanstad, leiar av den relativt ny-oppstarta organisasjonen Klimavenner for kjernekraft. Dei arbeider for å auke aksepten rundt kjernekraft i Noreg, og fekk denne veka tilbake resultata frå undersøkinga Norstat har gjort på bestilling frå dei.

Tala viser at 47 prosent av nordmenn under 40 år er einig eller veldig einig i at Noreg bør satse på kjernekraft som ein del av klimaløysinga. Berre 20 prosent av dei over 40 svarar det same, og langt fleire av dei eldre er ueinig eller veldig ueinig.

Bør Noreg satse på kjernekraft som ein del av klimaløysinga? Ja, seier dei unge. Nei, seier dei over 40. Tal frå Norad/Klimavenner for kjernekraft. Les mer Lukk

Kanstad er ikkje overraska over det tydlege generasjonsskiljet, og seier han trur skepsisen blant dei meir vaksne skuldast at dei hugsar store ulukker som den i Tsjernobyl i 1986.

– Kjernekraft er ein teknologi som har fått mykje dårleg PR.

Han fortel at Klimavenner for kjernekraft arbeider for at Noreg skal hjelpe andre land med å kome i gang utviklinga av fleire kjernekraftverk, i tillegg til å sjå på om det same bør bli gjort her til lands.

Irrasjonell frykt?

Noreg har i dag ingen kjernekraftverk i drift. Institutt for atomenergi (no Institutt for Energiteknikk) vart oppretta i 1948 for å arbeide for ei fredeleg utnytting av kjerneenergi. Tre år seinare var deira første norske reaktor i drift. Seinare har tre andre kome til for forskingsformål og kompetansebygging.

I 2018 og 2019 vart dei to nyaste, Halden-reaktoren og Kjeller-reaktoren, stengt av økonomiske grunnar.

Tore Kanstad i Klimavenner for kjernekraft trur nordmenn vil snu om kjernekraft dersom dei visste meir: – Den norske befolkninga er lite informert om fordelane ved kjernekraft fordi dette sjeldan blir omtalt i media. Les mer Lukk

Kanstad meiner frykta for kjernekraft er irrasjonell, og at motargumenta mot ei satsing på kjernekraft ikkje lenger har rot i forsking.

– Kjernekraft er den tryggaste energiforma med minst avfall om du ser på volum og areal, seier han.

Han viser til tal som seier kjernekraftproduksjon er blant dei tryggaste energiformene om ein ser dødstala i forhold til mengda energi som blir produsert.

– Kan gå frykteleg gale

AUF, Senterungdommen, Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom er alle skeptiske til kjernekraft.

– Sjølv om sjansane for ulukker er små, veit me av historia at det kan gå frykteleg gale om det først går gale.

Det seier Alberte Bekkhus, leiar av Raud Ungdom som er imot både norsk utvinning og finansieringa av kjernekraft.

Alberte Bekkhus, leiar i Raud Ungdom, meiner klimakrisa ikkje kan løysast innafor eit kapitalistisk system. Ho seier nei til atomkraft og vil heller at verda skal redusere energiforbruket. Les mer Lukk

Ho påpeikar at Raud Ungdom også er kritiske til sjølve premisset om at energibehovet i framtida vil auke.

– Me meiner samfunnet må gå vekk frå den økonomiske modellen som er basert på at me i framtida skal ha den same veksten som i dag.

Bekkhus er også oppteken av at utsleppskutta må skje no, og at ein ikkje kan lene seg på energiformer som endå ikkje er trygge eller lønsame nok til å brukast.

– Teknologioptimisme treng ikkje vere ein negativ ting, men utsleppskutta må skje no, eller helst for 30 år sidan.

Avfallsutfordringa

Både AUF og Sosialistisk Ungdom arbeider for å på sikt fase ut kjernekraft internasjonalt til fordel for fornybar energi som vind- og solkraft.

– Hovudargumentet vårt er at avfallet er vanskeleg å handtere, og kan føre til både ulukker og bli brukt i atomvåpen, seier Frida Nodeland Indregard, miljøpolitisk talsperson i SU.

– For å løyse klimakrisa må me kutte utslepp og bygge ut fornybar energi no, og då nyttar det ikkje å vente på forsking på kjernekraft, seier Frida Nodeland Indregard i SU som går inn for å fase ut kjernekraft. Les mer Lukk

Gaute Skjervø i AUF seier seg einig.

Nestleiar Gaute Skjervø i AUF seier tala viser at ungdom er klar for å gå vekk frå fossilsamfunnet. Men i motsetning til halvparten av norsk ungdom ønsker han ei satsting på hydrogen og vindkraft, ikkje kjernekraft. Les mer Lukk

– Å utvikle kjernekraftverk vil bety å leggje avfallet i hendene på framtidige generasjonar. Me har trua på at Noreg heller skal basere seg på vind- og vasskraft, og håpar at også hydrogen kan vere ein del av den norske industrien etter olja, seier nestleiaren.

Skjervø seier undersøkinga gjev eit tydeleg signal om at mange unge vil vidare frå eit samfunn basert på kol, olje og gass, og derfor byrjar å sjå etter andre alternativ.

– Forskjellen ligg kanskje i kva industrieventyr ein vil satse på.

Føre-var

Senterungdommen er skeptisk til kjernekraftverk fordi dei meiner ein ikkje veit nok om risikoen, og legg seg derfor på det dei kallar ei streng føre-var-linje.

Leiar Torleik Svelle er mest oppteken av å sikre norsk eigarskap over thoriumførekomstane i landet dersom eit stortstilt utvinning ein dag blir aktuelt.

Torleik Svelle i Senterungdommen er skeptisk til kjernekraft. Les mer Lukk

Thorium er eit radioaktivt grunnstoff som kan brukast til energiproduksjon i kjernekraftverk. Det seiast å vere både tryggare og meir miljøvenleg enn uran, som har blitt mykje brukt.

Undersøkingar viser at Noreg kan vere blant landa i verda med størst thoriumførekomstar i bakken. I 2008 sette regjeringa derfor ned eit utval som såg på moglegheita for å bruke kjernekraft i norsk kraftproduksjon. Utvalet konkluderte med at teknoloigen ikkje var tilstrekkeleg, men at ein burde halde moglegheita for framtidig produksjon open.

Denne potensielle ressursen vil Senterungdom-leiaren forvalte til fordel for fellesskapet på same måte som Noreg har gjort med olja.

– Dersom Noreg sit igjen med eit kraftoverskot, ønsker me å bruke krafta til å produsere varer me kan eksportere og slik skape arbeidsplassar her i Noreg, framfor å eksportere sjølve energien, seier han.

Ungdomspartia er usamde om ei norsk satsing på atomkraft. Raud Ungdom, Sosialistisk Ungdom, AUF og Senterpartiet er skeptiske, medan Unge Venstre, Unge Høgre, Grøn Ungdom og FpU er positive. KrFU skal debattere sin politikk på kjernekraft på landmøtet til hausten. Les mer Lukk

– Kjernekraft er ein heilt nødvendig del av klimaløysinga

Grøn Ungdom, FpU, Unge Høgre og Unge Venstre er derimot langt meir positive til ei norsk satsing på kjernekraft.

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark påpeikar at alternativet om ein stenger ned eksisterande kjernekraftverk ofte er å gå tilbake til kol, olje eller gass. Les mer Lukk

Dei argumenter med at frykta for kjernekraftverk er overdrive, og at ein fleire stader ser at ei utfasing av kjernekraftverk i praksis betyr at ein startar oppatt med kol, olje og gass.

Dei fire ungdomspartia ser likevel ikkje føre seg noko kjernekraftverk i Noreg med det første.

– Det er ikkje lønsamt å produsere kjernekraft i Noreg, men forskinga vil me vere med på, seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark, som også ønsker seg norsk medlemskap i Euratom, EU sitt samarbeid på atomkraft.

Hansmark kallar kjernekrafta ein heilt nødvendig del av klimaløysinga.

Grøn Ungdom meiner det ville teke for lang tid å bygge opp produksjonen her i Noreg, og at utsleppskutta då kjem for seint, men er positive til finanseringa av norsk forsking på området.

– Kjernekraft er betre enn fossile energikjelder, så me er positive, forklarar sentralstyremedlem Tobias Stokkeland i Grøn Ungdom.

Tobias Stokkeland og hans partifeller i Grøn Ungdom anerkjenner at det kan bli nødvendig med fleire kjernekraftverk i det grøne skiftet, og støttar derfor norsk forsking på området. På årets landsmøte vedtok moderpartiet MDG det same. Les mer Lukk

FpU er einige i at ei utbygging i Noreg ikkje er aktuelt i dag, men seier me må få fart på forskinga slik at det om nokre tiår kan bli både trygt og lønsamt.

FpU-leiar Andreas Brännström kallar kjernekraft uunngåeleg. Les mer Lukk

– Det er berre eit tidsspørsmål før me går tom for olje og gass, og då er kjernekraft uungåeleg. Derfor ser me på utvikling av kjernekraft som ein jobb me må gjere for framtida, seier FpU-leiar Andreas Brännström.

Brännström peikar på at framtidas byar treng ei regulerbar energikjelde, noko ingen av dei fornybare energikjeldene sol, vatn og vind er.

– Me treng energikjelder med variablar me kan styre i periodar med lite sol, vind og regn.

Unge Høgre ser heller ikkje for seg ei løysing på klimakrisa utan kjernekraft.

– Vindmølledebatten er eit godt eksempel på det: Ikkje skal me ha petroleum, for det øydelegg klimaet. Ikkje skal me ha vindkraft, for det likar ikkje fuglane. Vasskraft øydelegg for fisken, og solkraft ligg langt fram i tid, seier leiar Ola Svenneby.

Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, opplever at interessa for kjernekraft blant unge er aukande: – Me er tilhengarar av kjernekraft og har vore det lenge. Me merkar at fleire og fleire elevar kjem bort til oss med spørsmål om kjernekraft. Les mer Lukk

Usikker KrFU

Edel-Marie Haukland gler seg til KrFU sitt landsmøte i haust der blant anna kjernekraft skal opp til diskusjon: – Akkurat no står det ingenting om kjernekraft i vårt program. Les mer Lukk

KrFU vedtok i 2019 å gå inn for ei norsk satsing på kjernekraft, men landsmøtet i 2020 stemte vedtaket ut av programmet att. Til hausten skal det nok ein gong opp til diskusjon.

Leiar Edel-Marie Haukland gler seg til debatten, og er glad for undersøkinga som viser at mange unge har teke eit standpunkt:

– Det viser at unge engasjerer seg i korleis framtida skal sjå ut, og korleis me skal få til det grøne skiftet. Det er ingenting som gjer meg gladare enn det.

Meiner konsekvensane av klimaendringane er verre

Fleire av ungdomspolitikarar er slett ikkje overraska over at så mange unge ser på kjernekraft som ein del av klimaløysinga.

– Eg trur ikkje det er fordi unge ikkje forstår risikoen med kjernekraft, men at dei forstår at konsekvensane av klimaendringane er så mykje verre, seier Tobias Stokkeland i Grøn Ungdom.

Sondre Hansmark i Unge Venstre er glad for at unge er positive til alternative energiformer og at mange har forstått at me må ta i bruk mange ulike verkemiddel for å nå klimamåla.

– Dei unge forstår at me ikkje kan reservere oss mot kjernekraft eller andre energiformer om me skal nå klimamåla, seier han.

Kjeller-reaktoren er ein av fire norske forskingsreaktorar som har vore i drift, men vart stengt i 2019 av økonomiske grunnar. I dag har me ingen. Les mer Lukk

Håpar på meir sakleg debatt

Også Norsk Studentorganisasjon (NSO) har hatt kjernekraft på agendaen den siste tida. I helga vedtok sentralstyret å stille seg positive til kjernekraft som ein del av klimaløysinga.

— Skal me klare å møte klimautfordringane må me ta i bruk dei ressursane me har. Det har skjedd mykje positivt rundt kjernekraft dei siste åra, og det er bra at Norsk studentorganisasjon kan jobbe for forsking og kunnskapsløft på feltet, seier påtroppane NSO-leiar Tuva Todnem Lund til Khrono.no.

FpU-leiar Andreas Brännström håpar første steg på vegen er at debatten må bli meir sakleg og fagleg.

– Det kan ikkje vere slik at ein hamnar i Tsjernobyl kvar gong ein nemner kjernekraft. Kjernekraftverk er mykje tryggare i dag enn den gongen, og forhåpentlegvis kan det også bli lønsamt. Men då krevst det politisk vilje, seier Brännström.

Tore Kanstad i Klimavenner for kjernekraft håpar også på ein opnare og mindre fryktbasert diskusjon rundt kjernekraft framover.

– Noreg har både teknologi og pengar til å bli med på utviklinga, og kanskje også snart viljen? avluttar han.

Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @framtida.no