FpU med medlemsvekst: – Viser at også dei under 30 meiner det var riktig å gå ut av regjering
FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud meiner medlemstala tyder på at dei unge støttar avgjerda til Frp om å forlate regjeringa. Pressefoto: FpU Les mer Lukk
– På ti dagar har me fått nesten 60 nye medlemmer, fortel Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i FpU.
Førre veke melde Svendsrud at han ikkje tek attval som leiar i ungdomspartiet til Frp, men på veg ut gler han seg over auka medlemstal.
Dei fekk 71 nye innmeldingar i januar og heile 57 av desse kom etter Siv Jensen sin pressekonferanse der ho varsla at partiet ville gå ut av regjeringa.
– Det viser at også dei under 30 meiner det var riktig å gå ut av regjering og at dei ynskjer seg meir primærpolitikk frå Frp, seier Svendsrud.
MEDLEMSTAL I 2019 (OG 2018):
- Senterungdommen: 2074 (1883)
- Framstegspartiets Ungdom: 1732 (1863)
- Sosialistisk Ungdom: 1473 (1099)
- Unge Venstre: 1163 (1054)
- KrFU: 1159 (1329)
- Grøn Ungdom: 1115 (639)
- Raud Ungdom: 868 (596)
- Liberalistisk Ungdom: 791 (570)
AUF og Unge Høgre har ikkje levert medlemstal for 2019.
IS-kvinna eller regjeringsexit
I løpet av 2019 fekk FpU 131 færre medlemmer, noko formannen ikkje meiner er unaturleg. Men han jublar over veksten etter at Frp slapp nyheita om at dei trekker seg frå regjeringa som følgje av avgjerda om å hente heim kvinna som tilslutta seg IS og hennar to barn – fordi dei frykta for helsa og livet til femåringen.
Svendsrud er ikkje sikker på om medlemsveksten skuldast saka eller regjeringsexiten.
– IS-kvinna var det som fekk begeret til å renne over, men kanskje er det òg ein totalitet i at regjeringa byrja å bli grå og keisam. Kan hende sakna ein eit fargerikt Frp. Eg trur jo at veljarar, unge som gamle, likar politikarar som står for noko og står oppreist, meiner Svendsrud.
Les også:Grøn Ungdom auka med 74 prosent i klimaåret 2019: – Ungdommar er redde for klimakrisa
KrFU melder om 43 nye medlemmar
Det er først etter at medlemmane har betalt kontigenten at tala er endelege, det er difor vanskeleg for ungdomspartia å gje eksakte medlemstal så tidleg på året.
Også Unge Venstre har fortel om 14 nye innmeldingar etter 20. januar, men melder ikkje om noko massiv tilstrøyming etter regjeringsendringane.
Ungdomspartiet til regjeringspartnar Venstre hadde medlemsauke i fjor, etter å ha mista ein av fire medlemmar i løpet av 2018.
Leiar Sondre Hansmark utelukka ikkje at det at Venstre gjekk inn i regjeringa hadde skulda.
KrFU-leiar Edel-Marie Haukland gler seg over medlemsauke i 2020. Ungdomspartiet har sett seg eit mål om å meir enn doble medlemsmassen innan 2030. Les mer Lukk
Medlemsauken i dei tre ungdomspartia speglar endringane i moderpartia. Aftenposten melde tysdag at Frp hadde fått 170 nye medlemmar, KrF 112 nye medlemmar og Venstre 60 nye medlemmar etter 20. januar – dagen Frp varsla at dei ville ut av regjeringa.
Veit du kven dei nye statsrådane er?Sjå CV-ane deira her.