Fløgstad melde seg ut av Forfatterforeningen i protest
Forfatteren Kjartan Fløgstad. Arkivfoto fra Jon Michelet bisettelse i fjor vår: Terje Pedersen / NTB scanpix Les mer Lukk
– Eg kan vanskeleg bli ståande i ei foreining som ber jødehatarar, rasistar og holocaustfornektarar om unnskuldning, sa Kjartan Fløgstad, og gjekk ut av årsmøtet på Hotel Bristol, ifølgje Morgenbladet.
Fløgstad er no utmeld etter 50 år som medlem i Den norske Forfatterforening (DnF).
Les også:Fløgstad tronar på ordtoppen
Sa unnskuld til dømde forfattarar
Under årsmøtet i fjor, valde styret, ved leiar Heidi Marie Kriznik, å koma med ei offisiell unnskuldning til forfattarane som vart dømde i æresretten fordi prosessen ikkje hadde følgt vanlege standardar for rettstryggleik.
I 1945 utnemnde Den norske Forfatterforening ein «æresrett» for å ta eit oppgjer med medlemmar som hadde hatt uakseptable band til okkupasjonsmakta og støttespelarane deira.
17 forfattarar vart dømde til straffer som bøter og publiseringsforbod.
Blant dei dømde var forfattarar som Herman Wildenvey og Johan Bojer, og dessutan Alf Larsen og Ejlert og André Bjerke.
Les også:Fløgstad tilhøyrer kultureliten, men tviheld på bakkekontakten: – Vi treng ei sterk arbeiderklasse
Skal gå gjennom saka på nytt
Etter Fløgstads utmelding skreiv Edvard Hoem og Thorvald Steen eit forslag til vedtak, som vart vedtatt med stort fleirtal på årsmøtet.
Vedtaket seier at «styret skal setta ned ei granskingsgruppe som skal gå gjennom alle sider ved æresrettens arbeid i 1945 og legga fram ei innstilling til neste årsmøte».
Vedtaket slår òg fast at: «Årsmøtet er lei for at ikkje alle motforestillingar mot styrevedtaket om æresretten har fått den plassen det fortener i DnF’s off. publikasjonar.»
– Når vår kanskje mest framtredande medlem reagerer sånn, er det ingen annan veg enn å ta det på det djupaste alvor og undersøka kva som har føregått her. Saka var oppe på eit årsmøte i 2015, men det byrjar å bli lenge sidan, og det gav vel ikkje grunnlag for at styret kunne handla så kategorisk, men de