Meny

Klar med nynorsk Miley Cyrus-video

Fredrikstad-guten Elias Krogh har hatt hjelp av omsetjingsprogammet Apertium til å omsetja Miley Cyrus til nynorsk.
Elias Krogh (18) er endeleg klar med musikkvideo til den nynorske suksess-covringa av Miley Cyrus.

Elias Krogh har gjort suksess med Miley Cyrus på nynorsk. Etter ti dagar har låta Knusarball blitt spelt over 35.000 gonger berre på Youtube.

LES SAKA: Knuser til med Miley på nynorsk

– Eg veit ikkje kor mange avspelingar låta har til no på spotify. Det eg har fått med meg er at det er mange som høyrer på låta, kvar dag, seier Elias Krogh.

No har han og nokre vener spelt inn eigen musikkvideo til låta – tydeleg inspirert av den dristige videoen til Miley Cyrus.

– Til innspelinga fekk eg hjelp av gode vener frå klassen, og frå andre klassar. Vi var berre sju om å lage videoen, men kameramannen vår har litt erfaring frå før av.

– Vi brukte berre rundt fire timar på å gjere alt av innspeling og planlegging, så det gjekk ganske fort.

– Den første halvtimen var det mykje fnising og rødming, men det gjekk over til å bli urovekkande lett å hoppe rundt i trusa der inne i studioet. Det var heldigvis enkelte gonger der eg blei nøydd til å bryte ut i latter. Eg kasta meg jo trass alt halvnaken rundt omkring i eit lite rom på ein yogaball.

Jenta bak Ivar Aasen-maska på videoen er kjærasten hans Jenny Vedal.

– Ho synest berre dette er kjempegøy, og ho var ein av dei som kom med flest forslag til kva eg kunne gjere under musikkvideoen. Det var veldig gøy å ha ho med.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

 

– Kva seier foreldra dine til videoen?

– Mamma vitsar mykje med at ho ikkje anar kor galskapen kom frå, men ho og eg veit godt at dette kjem i stor grad frå ho, hehe. Pappa synst dette er kjempemorosamt, og han deler videoen og sender han rundt omkring. Mamma og pappa synst dette er stilig.

– Og lærarane? – Norsklæraren min synest videoen var morosam, men som norsklærarar flest påpeikar han nynorsk-feila mine, hehe. Men det verkar som at både han og dei andre lærarane mine synest videoen er morosam.

LES OGSÅ: Fekk jobb etter Titanic-suksess på YouTube

– Så langt har eg ikkje fått noko negativt tilbake om videoen, det verkar som at dei fleste synest han er kjempemorosam. Eg tek meg ikkje nær av negative kommentarar, anten så synest ein det er morosamt, eller så gjer ein ikkje det. Er kanskje ikkje alle som forstår at det berre er ein vits, hehe.

Etter at Framtida.no skreiv om videoen har både Fredrikstad blad og Demokraten laga sak om den nynorske Miley Cyrus-låta hans.

– Kva er planane framover?

– Akkurat no er planen å sjå korleis det går med musikkvideoen, og så skal eg kanskje vere med på nokre små framføringar som DJ Krogh i Cyrus-outfit. Kjem kanskje til å leggje ut endå eit cover om ikkje så altfor lenge. Denne gongen covrar eg Taylor Swift.

Les siste musikknytt her!

Her er orgnialen:

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus