"Men hvor lurt er det egentlig av myndighetene å innskrenke de demokratiske rettighetene til folk som forteller sannheten?"
Eg går ut ifrå at dette er ironi?
Også eg som i min tidlegare naive tilstand trudde posten skulle vere ein del av infrastrukturen i landet. Og så er det firmaet også blitt slukt av blårussens tanke om såkalla marknadsliberalisme - i deira auge medisin mot alt!
Det var kanskje dumt sagt i ei hårsår verd, men rasisme...? Alvorlig talt, Åke, det kan du ikkje meine. Eg har som gammal nordlending opplevd atskillig verre uttalelser om nettopp nordlendinger. Lat gå at det er ei stund sida annonsane i Osloavisene innheldt ord som bill.mrk ikke nordlending o.l, men litt fleip må man tåle når den ikke er ondsinnet, og i dette tilfellet var den da ganske uskyldig.
Problemet til Mikkelsen (og ein del andre "leiarar") er at dei ikkje skjøner ordet signaleffekt. Det er mogleg det dreier seg om småpengar i den store samanhengen, men sett opp mot dei utfordingane HSØ har i dag, er det ikkje rart folk reagerer. Lat oss no berre håpe kurset er så bra som ho seier det er, for eit kurs i leiarskap ser ho fatisk ut til å TRENGE!
"Er det demokrati?"
Ja, fordi du og eg har valt ho. Og i 2013 kan vi kaste ho om vi vil. For i Noreg har vi faktisk rett til både å seie det vi vil og ha ei FRI presse!
otteddy
25. januar 2012 - 16:53
Sannheten?