No blandar du to ting: Påstått skogsdød som følgje av sur nedbør og dokumentert fiskedød i ferskvatn som følgje av det same. Eg la inn i svaret mitt ein link til referatet frå ein debatt i Akademisk forum ved Universitetet i Oslo, men det virkar ikkje som du har lese den. Under her finn du eit utklipp som i eit nøtteskal viser kva "skogsdøden" på åttitalet var: Ein teori som ikkje heldt vatn. (Lokal skogsdød nær industriområde på grunn av fluor og anna forurensing er noko anna.) Den veldokumenterte fiskedøden var sjølvsagt alvorleg nok, men den vart, som du nemner, avhjelpt med enkle midlar. Dette er ikkje eit forsvar for utslepp av avgassar som gir sur nedbør, men ei korrigering av ein myte om at dette fører til skogsdød.
Her er utdraget rå artikkelen:
Gunnar Abrahamsen, som var forskningssjef ved Norsk institutt for skogforskning (NISK), gikk i 1980 mot denne hypotesen etter å ha forsket på virkningene av sur nedbør gjennom hele 70-tallet. Det ble ikke godt mottatt i Miljøverndepartementet, som brukte denne hypotesen for å presse Storbritannia til å redusere sine utslipp av SO2.
- Etter å ha gått mot den rådende holdningen, opplevde Abrahamsen å få en ubehagelig behandling, og bevilgningene fra departementet tørket inn. Til slutt sa Abrahamsen opp stillingen sin, NISK inntok det standpunktet som myndighetene ønsket om at det var en sammenheng mellom sur nedbør og skogsdød, og pengesekken ble åpnet igjen. Men på 90-tallet måtte ekspertisen, også i Tyskland, innrømme at Abrahamsen hadde hatt rett hele tiden. Det var ingen sammenheng, sa Engvold
Mykje interessant her, men eg stussar over at du skriv om "skogsdød, som vi så i 80-årene". Eg hugsar åttiåra og dommedagsprofetia om skogsdød i Europa. Les her om kva det eigentleg var:
http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2007/02/viktig-aa-formidle-usikkerhet-i-forskningen.html
Artikkelen handlar om at fleire vert tekne for juks i Oslo og Akershus enn i Trondheim og Bergen og at dette truleg kjem som ei fylgje av målretta arbeid for å avsløre juks. Like fullt påstår biletteksten: "Studenter på Østlandet jukser mer enn studenter i andre deler av landet." Vel, vel.
I denne saka er det skulen og bonden som burde hatt kritikk, ikkje Mattilsynet. Særleg bonden burde vite at han ikkje kan selje eller gje bort kjøt som ikkje er kontrollert. Det er ein tendens i tida til å romantisere ukontrollert "miljøvenleg" omsetjing av mat som av gode grunnar er underlagt streng kontroll for å unngå spreiing av sjukdom. Tonen i artikkelen er tendensiøs med lada språk for å oppnå nettopp den effekten som eit par andre kommentatorar gir uttrykk for: Forakt for dei som sørgar for at vi får trygg mat. Det er ingenting i vegen for at elevane kunne ha fått vere med på slaktinga og deretter på kontrollen av kjøtet hos veterinær. Så hadde dei lært endå ein viktig ting: I eit samfunn må alle følgje visse grunnleggjande reglar for at vi skal kunne føle oss mest mogleg trygge.
ABC nyheter utmerkar seg igjen med dårleg språk:
Den gamle mannen er anholdt for mordforsøk på to kvinnelige politibetjenter som besøkte ham i sitt hjem i Scone utenfor den skotske byen Perth
Ein god start, når ein skal uttale seg om ei sak, er å lese fakta:
http://no.wikipedia.org/wiki/Israels_okkuperte_områder
Når det er sagt, gir ikkje ein okkupasjon rett til å myrde sivile. Men vi veit då heller ikkje kven som har gjort denne ugjerninga. Det kan vere palestinarar som opererer på eiga hand, og dermed lagar problem for palestinske myndigheiter. Det kan også vere heilt andre grupper, som ved ein provokasjon ønskte å oppnå akkurat det som no har skjedd. (Godkjenning av nye busetjingar.) Slikt har hendt før.
Dette er eit merkeleg og useriøst stykke journalistikk. Artikkelen gir inntrykk av å samanlikne spareformer, men i realiteten er det berre ei utrekning av kva banksparing til dagens fastrenter gir i reell avkastning. Korrekt nok er det omtrent null, men då må ein jo også opplyse om at banksparing med flytande rente på ca to prosent gir garantert negativt utbytte. Om ein ønskjer avkastning på pengane sine, er det vel uansett ikkje i banken ein puttar dei.
Artikkelen handlar om fødselsnummer, ikkje personnummer. Men denne misforståinga er så gjennomgripande at det kanskje i seg sjølv er ein grunn til å bytte ut ordninga med ei ny? (Når eit begrep ikkje har slått gjennom i språket etter 46 år, skjer det nok aldri.)
http://no.wikipedia.org/wiki/Fødselsnummer
Korrigering til deg som skriv at garantien gjeld per konto. Det stemmer i alle fall ikkje i Noreg. Den norske bankgarantien gjeld per kunde per bank. Dersom du vil sikre innskot på over 2.000.000 kroner, må du spreie innskota på fleire bankar. Det nyttar ikkje å fordele dei på fleire konti i same banken.
Ola Relling
10. januar 2012 - 11:12
Geografi