Erling Søyland

27. november 2011 - 20:21

Det høyrest ut som om du har

Det høyrest ut som om du har hatt svært dårlege erfaringar med NRF, som du vel nemde i eit tidlegare innlegg. Dette med definisjon av kva som kan kallast ein anerkjend rase er eit diskusjonsspørsmål, men det er forsåvit lite å seia kva ein kallar NRF. Så lenge NRF har gode eigenskapar som er ettertrakta i mange land utanfor Noreg, utgjer det liten forskjell om det er definert som rase eller "streetmix", som du kallar det. Og til sist, avslprogrammet til Geno har ikkje vore mislukka. Med NRF er dei beste eigenskapane frå fleire opprinnelege kurasar kombinert. Sjølv om rasar som belgisk blå har meir kjøt, og holstein har meir mjølk, gjer likevel den totale summen av eigenskapar hjå NRF denne rasen til ein vinnar. Kvifor trur du eksport av NRF-gener ville vore interessant i utlandet viss dette ikkje var tilfelle?

Erling Søyland

27. november 2011 - 10:22

Kva er løgn?

Kan du peika på noko konkret som gjer at NRF ikkje kan kallast rase? http://no.wikipedia.org/wiki/Rase Som det går fram i artikkelen, har NRF den enorme fordelen at ein har avla på fleire eigenskapar enn berre mjølk og kjøt. Viss ei ku til dømes har dårlege bein, men mjølkar svært godt, vil denne inseminerast med ein okse som har anlegg for gode bein, sjølv om dette kanskje går på bekostning av mjølka. Resultatet av denne systematiske avlen er låge veterinærutgifter, og ikkje minst betre velferd både for dyr og bønder. Så korleis kan du seia at dette er norsk bondesamvirke på sitt verste? Slik eg ser det er dette resultatet av norsk bondesamvirke på sitt beste. Og til sist, viss denne pointeren med elghund og puddel i seg faktisk viste seg å vera ein betre jakthund enn ein reinrasa, kunne det ikkje vore ein fordel og stilla på på jaktprøve med denne?

Erling Søyland

23. august 2009 - 9:28

Som regel veit du til ein

Som regel veit du til ein viss grad kva fartsgrensa på ein veg er, på ein vanleg landeveg er det svært sjeldan du opplever ei 30-grense. Viss du då er usikker på fartsgrensa i eit tettbygd strøk, køyrer du sjølvsagt ikkje fortare enn 50. Men du meiner altså at det er lett å mista fartsgrensa viss du køyrer bak ein lastebil? Isåfall forstår eg godt kvifor det vert kjede-kollisjonar her i landet. Viss du faktisk køyrer så nerme lastebilen at du mister ei fartsgrense, har du ALTFOR kort avstand til denne. Høyrest 1001-1002-1003 kjent ut? Og denne regelen går på minste-avstand, altså kan det vera lurt å ligga iallefall 5 sekund bak. Viss du har ein forsvarleg avstand til bilen eller lastebilen framfor deg, vil du ikkje gå glipp av ei einaste fartsgrense...

Erling Søyland

30. juli 2009 - 10:06

Kva er problemet?

Eg greier faktisk ikkje å sjå kva som er problemet med desse boksane. Nokre klager over personvern. Greitt, ein vert fotografert når ein passerer ein slik fotoboks. Og så? Er det nokon som har ein grunn til å vera redd for dette? Vanlege folk med reint mjøl i posen bør vel eigentleg berre kunna smila fint til boksane... "Folk køyrer fortare ETTER siste fotoboks!". Så det er altså greitt at folk jamt over køyrer fortare enn fartsgrensa? Fartsgrensene er til for å haldast, anten det er fotoboks eller ikkje. Dei som køyrer fort etter fotoboksen hadde vel hatt så stor fart på heile strekninga om fotoboksane ikkje var tilstades? Sjølv om det ikkje alltid er farten som er direkte skuld i ei ulukke, er farten så å seia alltid avgjerande når det kjem til utfallet av ulukka. Viss ein bil køyrer i ein annan frå sida i 50 km/t, er det veldig stor sjanse for at alle overlever. Aukar du farten med 10 km/t er sjansen plutseleg veldig mykje større for at dette er ei dødsulukke. Fotoboksane er her for å gjera trafikken tryggare for alle! Det at ein bilist køyrer alt for fort, gjer trafikken farlegare for alle som køyrer i nærleiken av denne. Viss einaste grunnen til fotoboksar og kontrollar var at staten trong pengar, hadde dei auka avgifter eller skattar for å tena meir. Fotoboksar og kontrollar kostar faktisk pengar for staten, medan ei lita auke i avgifter er heilt gratis frå deira side.

Erling Søyland

4. mars 2009 - 20:17

Innføring av sharialover?

Det er ikkje snakk om at dommar skal tilpassast sharia-lovane, heller det at rettspersonalet skal ha eit betre grunnlag for å forstå konflikten. Dette vil nok heller føra til strengare straffer, snarare enn mildare vil eg tru.

Erling Søyland

3. mars 2009 - 20:49

Venstresidas ærend?

Korleis i all verda kan du få til å tru noko slikt? du har tydelegvis ikkje sett det, men det er faktisk to høgreparti som fekk best karakterar. Heile venstresida ligg midt på treet. Viss dette er partipolitisk spel, er det iallefall ikkje til fordel for venstresida!

Erling Søyland

14. februar 2009 - 20:58

??

Når har nokon tredd ein hidjab over hovudet på halsen til Roar Johansen? Det er snakk om at nokon har lyst til å bera eit kulturelt symbol under uniformen, noko som ikkje er til skade for nokon...

Erling Søyland

8. februar 2009 - 18:59

Anti-jødelov?

No skal det seiast at den norske grunnloven opprinneleg nekta jødar tilgang til det Norske Riket.

Erling Søyland

8. januar 2009 - 18:03

For å sei det enkelt;

For å sei det enkelt; meiner du altså at palestinarar med norsk statsborgarskap fortener å DØY, sidan dei tok den ukloke avgjerda å reisa ned til Gaza? Snakk om kven som er saklege her...

Erling Søyland

8. januar 2009 - 18:02

For å sei det enkelt;

For å sei det enkelt; meiner du altså at palestinarar med norsk statsborgarskap fortener å DØY, sidan dei tok den ukloke avgjerda å reisa ned til Gaza? Snakk om kven som er saklege her...