nyn

6. november 2011 - 13:23

To parti mot EØS

Eg vil berre minne folk om at alle partia på Stortinget er for EØS, unntatt SV og Senterpartiet. Ønsker folk å bli kvitt EØS-galskapen, bør folk støtte SV eller Senterpartiet.

nyn

25. september 2011 - 13:53

Som alle andre parti

Da har SV bestemt seg for å gjennomføre leiarvalget som det har vore gjort før, og som alle andre parti gjer. Eg synest det er bra. Meiner nokon verkeleg at alle andre parti gjer dette på ein udemokratisk måte?

nyn

14. september 2011 - 15:10

98 228

Til orientering for P. V. Djupvik: SV fekk 98 228 stemmer ved dette valget.

nyn

14. september 2011 - 11:27

10 000

Til orientering: Det er ca 10 000 medlemer i SV. 900 har meldt seg inn i løpet av valgkampen.

nyn

4. september 2011 - 19:14

Etterlysing: Seriøs borgarleg argumentasjon

Så dette nivået er det borgarlege innsendarar har falle ned på. Borgarleg politikk er tydelegvis umuleg å forsvare med seriøs argumentasjon. Så da hamnar ein på Gundersen-nivået...

nyn

4. september 2011 - 11:46

Lærarar bør stemme SV

"Ni av ti lærere mener at for mye tid går med til møter, testing, dokumentasjon av elevvurderinger og rapportskriving, ifølge Utdanningsforbundet." No vil SV gjere noko med dette, og det er veldig bra. Lærarar bør stemme SV.

nyn

2. september 2011 - 12:09

Ei lokal sak

Få her synest å ha fått med seg at dette dreiar seg om eit spesielt problem i forholdet mellom SV og Ap i éin bestemt kommune - ein av 437 kommunar i landet. Det er eigentleg ei ikkje-sak. Eg berre nemner det.

nyn

27. juni 2011 - 12:32

PASOK og dei andre

Langøen veit nok lite om gresk politikk. Dei grunnleggjande økonomiske problema i Hellas har bygd seg opp over tid, same om det "konservative" Nytt Demokrati eller det "sosialistiske" PASOK har hatt makta. PASOK er for øvrig eit sentrumsparti, som har ført og fører ein nyliberalistisk økonomisk politikk slik EU vil. Den greske venstresida står i spissen for protestane. Dette til orientering.

nyn

9. mai 2011 - 9:31

Islamistisk terrorisme før og no

Det islamistiske terrornettverket vart etablert av frivillige som bin Laden, pakistansk etterretning (ISI), Saudi-Arabia og CIA/USA i kampen mot den sovjetstøtta sekulære regjeringa i Afghanistan på 1980-talet. Den gongen kalla Reagan og norske høgrefolk terroristane for "fridomskjemparar". USA var med og skapte eit monster som sidan vende seg mot dei, for alt var jo "tillatt" i kampen mot Sovjet...

nyn

30. april 2011 - 13:29

SV si bekymring

Til orientering: SV si bekymring er at vi eventuelt ikkje held oss strengt til FN-mandatet for operasjonen, som er å verne sivile. Berre dette er i samsvar med Folkeretten, som ikkje minst små land som Noreg har all interesse av å respektere. SV har i motsetning til fleire vestlege land med borgarlege regjeringar aldri støtta diktatoren Gadafi. Hans beste venn internasjonalt var jo høgrepolitikaren Berlusconi i Italia. SV støttar demokratirørsla i alle arabiske land, enten regima dei kjempar imot er USA sine venner (som Bahrain og Jemen) eller uvenner (som Syria).